Historisk arkiv

Distrikts- og regionalmeldinga 2013

Ti millionar kroner til ny gründerportal

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Ei ny, nettbasert teneste skal gjere det enklare for nyetablerte gründerar å finne informasjon og raskt få svar på spørsmål.

Ei ny, nettbasert teneste skal gjere det enklare for nyetablerte gründerar å finne informasjon og raskt få svar på spørsmål.

- Det er så mykje å tenkje på om ein skal starte eigen bedrift, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

- Målet er at det med gründerportalen skal bli lettare å finne relevant informasjon, og at gründerar skal få raskare svar på spørsmål. Tenesta skal omfatte både Innovasjon Noreg sine eigne ordningar og annan informasjon som er nyttig for ein gründer før, under og etter etablering av ny verksemd, seier  Navarsete.

Gründerrådet foreslo mellom anna å etablere ein internettportal der all gründerrelevant informasjon er samla. Det var kommunal- og regionalministeren som hausten 2011 bad unge gründerar om å føreslå tiltak for å gjere situasjonen lettare for nyetablerarar. Rådet leverte sin rapport i juni 2012 og eit av desse var å samle nyttig informasjon.

Kommunal- og regionaldepartementet har i statsbudsjettet for 2013 løyvd 10 millionar kroner til dette. Tenesta vil venteleg vere klar til bruk til sommaren.

Innovasjon Noreg har fått i oppdrag å utvikle den nye, nettbasert tenesten i nært samarbeid med Altinn og andre aktuelle aktørar.

Satsinga må også sjåast i lys av andre tiltak overfor nyetablerarar. Kommunal- og regionaldepartementet har lagt til rette for styrking og ny innretning av etablerartilskotet, mentorordninga for unge og tilbodet mange gründerar har gjennom den auka satsinga på næringshagar og inkubatorar.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.