Historisk arkiv

Bustadmeldinga 2013

Ny nasjonal strategi for bustadsosialt arbeid

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Regjeringa varslar ein ny nasjonal strategi for det bustadsosiale arbeidet. - Strategien skal samle og styrkje den offentlege innsatsen overfor dei som ikkje bur godt og trygt, seier statsråd Liv Signe Navarsete.

Regjeringa varslar ein ny nasjonal strategi for det bustadsosiale arbeidet. - Strategien skal samle og styrkje den offentlege innsatsen overfor dei som ikkje bur godt og trygt, seier statsråd Liv Signe Navarsete.

– Kunnskapen, viljen og verkemidla er til stades for å intensivere innsatsen overfor vanskelegstilte på bustadmarknaden. No skal vi samle alle gode krefter for å medverke til fleire butilbod og betre oppfølging. Vi ynskjer også å styrkje fagmiljøet, seier Navarsete.

Sjølv om mange får hjelp, er det for mange som slit med å løyse bustadproblema sine. Bustadutvalet anslo at rundt 150 000 kan vere vanskelegstilte på bustadmarknaden. Om lag 6000 er utan ein fast stad å bu.

- Det er ei høgt prioritert nasjonal oppgåve å hjelpe dei som ikkje bur godt og trygt. Det skal det også vere i åra som kjem. Det bustadsosiale arbeidet har vore gjennom ei positiv utvikling dei siste 10-15 åra. No skal vi gjere meir av det vi veit gjev resultat, seier Navarsete.

Bustadpolitikken må verke saman med annan velferdspolitikk. Difor er det fem departement som er ansvarlege for den nye strategien: Arbeidsdepartementet, Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet.

– Vi vil invitere kommunesektoren og frivillig sektor med på å utvikle strategien. Vi tek sikte på at strategien skal gjelde frå 2014, seier Navarsete.

 

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.