Historisk arkiv

Nytt program for næringsklynger

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Statsbudsjettet 2014

Sterkare næringsklynger og ein meir internasjonal profil er målet når Regjeringa foreslår å styrkje løyvinga til klyngeutvikling.

Sterkare næringsklynger og ein meir internasjonal profil er målet når Regjeringa foreslår å styrkje løyvinga til  klyngeutvikling.

- Noreg har verdsledande klynger og næringsmiljø over heile landet. Vi ynskjer å utvikle disse vidare, seier nærings- og handelsminister Trond Giske.

Vi har to program for utvikling av næringsklynger; Arena-programmet og Norwegian Centres of Expertise (NCE), med 27 og 12 miljømedlemmer kvar.

Det nye programmet for klyngeutvikling skal byggje på dei to eksisterande programma. I tillegg kjem eit nytt nivå, Global Centres of Expertice, slik at dei beste miljøa kan ta eit skritt vidare ut i verda.

Klyngeprogramma har vore med på å skape stor interesse og engasjement for samarbeid mellom bedrifter i Noreg. Dette har utløyst stor aktivitet rundt omkring i landet.

- Samarbeidet mellom bedrifter har auka innovasjonsevna og skapt nye konkurransedyktige bedrifter i distrikta. Ei vidareutvikling av dette er viktig for desse regionane, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

For iverksetjing av det nye klyngeprogrammet gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga til Innovasjon Noreg med 10 millionar kroner. Kommunal- og regionaldepartementet har og satt av 15,5 millionar kroner til å styrke lokale og regionale næringsmiljø. Desse midla vil i hovudsak nyttast til klyngeprogrammet.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00