Historisk arkiv

Offentleg utval skal gje framlegg til ny kommunelov

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Regjeringa har i dag oppnemnt eit breitt samansett offentleg lovutval, som skal kome med framlegg til ny kommunelov.

Regjeringa har i dag oppnemnt eit breitt samansett offentleg lovutval, som skal kome med framlegg til ny kommunelov.

-  Det er 20 år sidan kommunelova tok til å gjelde. I mellomtida har både kommunane og resten av samfunnet utvikla seg, ikkje minst med omsyn til korleis kommunane organiserer verksemda si og kva for krav innbyggjarane stiller til kommunen. Der er difor på tide å få greidd ut ei ny kommunelov, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Utvalet skal foreta ein heilskapleg gjennomgang av kommunelova for å styrkje det kommunale sjølvstyret. Det inneber til dømes å vurdere fordeler og ulemper ved å lovfeste einskilde overordna prinsipp for forholdet mellom staten og kommunane.

Utvalet skal òg vurdere  om reglane i kommunelova er naudsynte, eller om dei legg for sterke avgrensingar på handlefridomen til kommunane. Eit anna mål er å gjere lova meir tilgjengeleg for brukarane.

- Den nye lova skal bli enkel, oversiktleg og lettlest. Det er viktig både for administrasjonen og dei folkevalde i kommunane, og ikkje minst for innbyggjarane, seier statsråden.

Samansetting av utvalet:

  • Oddvar Flæte, sjølvstendig næringsdrivande, Leikanger - leiar
  • Ole Gustav Narud, amanuensis, Åmot
  • Valgerd Svarstad Haugland, fylkesmann, Asker
  • Osmund Kaldheim, administrasjonssjef, Oslo
  • Stein Arve Ytterdahl, administrasjonssjef, Trondheim
  • Hilde Bjørnå, forskar, Tromsø
  • Nina Neset, revisjonssjef, Nittedal
  • Roald Hopsnes, stipendiat, Bergen
  • Sigrid Stokstad, forskar, Oslo
  • Siri Halvorsen, avdelingsdirektør, Oslo         
  • Øyvind Renslo, advokat, Oslo
  • Trygve G. Nordby, sjølvstendig næringsdrivande, Son
  • Kjersti Flåten, avdelingsdirektør, Nesodden

Her kan du lese målsettingane og rammene for arbeidet: Mandat og samansetting

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00

Leiar Oddvar Flæte har telefonnummer 909 93 461.