Historisk arkiv

Opne møte i kontrollutval og kommunale føretak

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Frå 1. juli 2013 skal det vere opne møte i kontrollutval og kommunale føretak. - Lovendringa vil gje innbyggjarar og media betre innsyn i kommunal verksemd, seier statsråd Liv Signe Navarsete.

Frå 1. juli 2013 skal det vere opne møte i kontrollutval og kommunale føretak. - Lovendringa vil gje innbyggjarar og media betre innsyn i kommunal verksemd, seier statsråd Liv Signe Navarsete.

Lovendringane er eit resultat av arbeidet i Kommunal- og regionaldepartementet for ein endå betre eigenkontroll i kommunane. Det er òg ei oppfølging av arbeidsgrupperapporten 85 tilrådingar for styrkt eigenkontroll i kommunane.

- Kontrollutvalet er kontrollorganet til kommunestyret. Dei handsamar viktige saker som handlar om kommunale tenester, økonomi og måloppnåing. Eg meiner det er viktig og rett at desse møta som hovudregel er opne, seier Navarsete. 

Også styremøta i kommunale føretak skal som hovudregel vere opne.

- Kommunale føretak er ein del av kommunen. Dei bør i stor grad vere opne for innsyn, seier Navarsete.

Kommunelova er samstundes endra slik at kontrollutvala og revisorane får rett til innsyn i alle interkommunale samarbeid etter kommunelova § 27 og i alle aksjeselskap som direkte eller indirekte er eigde av kommunen.

- Styrkt eigenkontroll er viktig for å sikre tilliten innbyggjarane har til kommunen. Det sikrar også effektiv og rett ressursbruk i kommunen, seier Navarsete.

Statsråden peiker òg på samanhengen mellom eigenkontrollen og statleg tilsyn.

- Eg ser det slik at i kommunar med aktiv forvaltningsrevisjon og eigenkontroll bør statlege tilsynsetatar ta omsyn til det og redusere tilsynet sitt, seier Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.