Historisk arkiv

Distrikts- og regionalmeldinga 2013

Styrka verdiskaping i fjellområda

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Kommunal- og regionaldepartementet bidreg med 10 millionar kroner for å styrke grunnlaget for verdiskaping og næringsutvikling i fjellområda. Sentralt i satsinga vert kompetanse- og nettverksbygging, entreprenørskap og innovasjon.

Kommunal- og regionaldepartementet bidreg med 10 millionar kroner for å styrke grunnlaget for verdiskaping og næringsutvikling i fjellområda. Sentralt i satsinga vert kompetanse- og nettverksbygging, entreprenørskap og innovasjon.

- Med denne satsinga ynskjer me å utløyse potensialet for verdiskaping knytt til dei ressursane som finst i fjellområda, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Østlandsforsking har på oppdrag frå Kommunal- og regionaldepartementet definert fjellområda. Minimum 50 prosent av arealet i ein kommunen må liggje over 700 moh (600 moh. i Nord-Trøndelag). Ut frå den definisjonen kom dei fram til 77 kommunar i Sør- og Midt-Noreg som ligg i fjellområda.

Oppland fylkeskommune får oppdraget med å forvalte midlane. Forvaltinga skal skje gjennom eit aktivt samarbeid med andre fylkeskommunar i fjellområda, fjellkommunar, fylkesmenn og andre. Det er også naturleg å vente god dialog med representantar frå næringslivet og viktige interesseorganisasjonar.

I Oppland fylkeskommune jobbar dei aktivt for å fremje interessene til fjellområda. Det gjer dei gjennom eit breitt fagleg samarbeid, også ut over fylkesgrensene. Dei har og ei sentral rolle i Fjellregionsamarbeidet, som er ein politisk samarbeidsplattform mellom fylkeskommunar, regionråd og enkeltkommunar i fjellområda.

- Me meiner difor at Oppland fylkeskommune har eit godt grunnlag for å koordinere arbeidet med å fremje ei heilskapleg satsing på verdiskaping og samarbeid i fjellområda, seier Liv Signe Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet vil kome tilbake med ei nærare beskriving av oppdraget i eit eige tildelingsbrev til Oppland fylkeskommune.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.