Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Distrikts- og regionalmeldinga 2013

Ta heile Noreg i bruk!

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Noreg er annleislandet i Europa. Vi har klart å kombinere sterk økonomisk vekst med gode levekår over heile landet og relativt små geografiske forskjellar. Vi har høg verdiskaping fordi vi har klart å ta heile Noreg i bruk!

Noreg er annleislandet i Europa. Vi har klart å kombinere sterk økonomisk vekst med gode levekår over heile landet og relativt små geografiske forskjellar. Vi har høg verdiskaping fordi vi har klart å ta heile Noreg i bruk!

- Dette har ikkje skjedd av seg sjølv, men er resultatet av ein aktiv distrikts- og regionalpolitikk over tid. Det er ein suksesshistorie, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

At det bur menneske over alt i landet er eit symbol for det norske. Spreidd busetnad er med på å definere Noreg sin identitet og attraktivitet. Samla sett har vi i dag den beste folketalsutviklinga i Distrikts-Noreg på over 30 år. Alle fylka har vekst i folketalet dei siste åra, og 107 fleire kommunar hadde vekst i 2012 enn i 2006.

Regjeringa vil fortsetje ein aktiv og offensiv distrikts- og regionalpolitikk. Det handlar om sterk kommuneøkonomi for å sikre gode velferdstenester. Vi vil satse på samferdsel, både kollektivtilbod, betre vegar, tunnelar, jernbane og breiband for å sikre moglegheiter for alle. Det handlar om verdiskaping og næringsutvikling i heile landet.

Tiltakssona styrkjer tilhøva for busetnad og næringsliv i nord. Den differensierte arbeidsgjevaravgifta sikrar betre moglegheiter for næringslivet, òg i område med store avstandar og små arbeidsmarknader.

Samstundes må politikken fornyast. Samfunnsutfordringane er annleis enn for få år sidan. Sentralisering og vekst i storbyregionane skuldast i hovudsak innvandring og fødselsoverskot, og i liten grad innanlandsk flytting. Alle kommunar får nye innbyggjarar. Inkludering og bustadbygging er viktige tema i heile landet.

Det er låg arbeidsløyse og i aukande grad mangel på arbeidskraft. Kompetansearbeidsplassane er skeivt geografisk fordelte og rett kompetanse blir stadig viktigare, både i privat og offentleg sektor. Ei todeling av norsk næringsliv gjev nye geografiske skilnader. Politikken og innsatsen frå lokale, regionale og nasjonale styresmakter må difor endrast.

- Kommunar og lokalsamfunn må sjå potensialet i dei som kjem heller enn å fokusere på dei som drar. Eldsjeler og lokalt engasjement kan utgjere ein stor forskjell for mange lokalsamfunn. Regjeringa støttar opp om lokalt utviklingsarbeid for å skape attraktive lokalsamfunn, seier statsråden.

Regionale utfordringar og regionalt potensial krev regionale løysingar. Difor overfører regjeringa størsteparten av midlane til regional utvikling til fylkeskommunane. Det meste går til å skape nye arbeidsplassar og til omstillingstiltak. Saman med Innovasjon Noreg, SIVA og Forskingsrådet må fylkeskommunane sørgje for betre regional skreddarsaum i innsatsen for bedrifter og entreprenørar.

- Vi må leggje til rette for eit meir kunnskapsintensivt næringsliv. Regjeringa vil setje høgskular og andre utdanningsinstitusjonar betre i stand til å levere kompetent arbeidskraft tilpassa behovet til det regionale næringslivet. Målet er størst mogleg verdiskaping, seier Navarsete.

Arbeid er nøkkelen til framgang, for den einskilde så vel som for samfunnet. Vi har høg verdiskaping fordi vi klarer å nytte dei menneskelege og naturgitte ressursane til å skape verdiar. Distrikts- og regionalpolitikken er til det beste for landet. Ta heile Noreg i bruk!

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00. 

Til toppen