Historisk arkiv

Betre for kommunane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt til Nationen 02.04.2009.

Kommunane har under den raudgrøne regjeringa fått 30 milliardar kroner ekstra til velferd. Trass i dette løftet, meiner stortingsrepresentant Bent Høie frå Høgre at kommunane hadde det betre då Høgreleiar Erna Solberg var statsråd.

Meiner Høie verkeleg at kommunane fekk like mykje pengar i førre periode som i denne? Uansett korleis Høie reknar vert ikkje dei 6000 nye årsverka som kommunane fekk på plass under Bondevik II-regjeringa det same som dei over 30 000 nye årsverka dei no har fått.

Raudgrønt styre har altså gjeve barnehageplass til 34 nye barn kvar dag etter at denne regjeringa tok over. Det har vorte fleire lærarar per elev i grunnskulen og målet om 10 000 nye årsverk innan pleie- og omsorgssektoren er meir enn oppfylt. Fleire eldre menneske har fått einerom og fleire har fått heimetenester.

Samstundes vart 2008 eit krevjande år for kommunane. Kommunebudsjetta vart vedtekne i desember året før, under gjevne føresetnader. I 2008 vart kostnadene langt høgare enn både regjeringa, Stortinget og kommunane la til grunn. I tillegg slo finanskrisa inn også i kommunane. Slik oppstod det ein økonomisk ubalanse. Dette gjev sjølvsagt utfordringar vidare.

Heldigvis har vi eit budsjett for 2009 med auka overføringar, mellom anna med meir pengar som kommunane sjølve kan styra over. Regjeringa legg opp til ein merkbar vekst i inntektene i 2009, 8,7 milliardar kroner meir. Ifylgje Teknisk berekningsutval gjer dette det mogleg både å konsolidera situasjonen og få til ny satsing. 
 
Eg er trygg på at kommuneøkonomien for denne valperioden vil stå seg godt samanlikna med dei åra perioden Høie skryt av. Det trur eg innbyggjarane vil vera samde med meg i.