Historisk arkiv

Betre i kommunane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt til Drammens Tidende 28.04.2009.

Kommunane har under den raudgrøne regjeringa fått 30 milliardar kroner ekstra til velferd. Jon Hovland frå Modum Høgre gjentar her i avisa måndag mantraet frå Høgre om at kommunane hadde det betre då partileiar Erna Solberg var statsråd.

Meiner Hovland verkeleg at dei 6000 nye årsverka som kommunane fekk på plass under Bondevik II-regjeringa er like mykje som dei over 30 000 nye årsverka dei no har fått?

Raudgrønt styre har gjeve barnehageplass til 34 nye barn kvar dag etter at denne regjeringa tok over. Det har vorte fleire lærarar per elev i grunnskulen og målet om 10 000 nye årsverk innan pleie- og omsorgssektoren er meir enn oppfylt. Fleire eldre menneske har fått einerom og fleire har fått heimetenester.

Samstundes vart 2008 eit krevjande år for kommunane. Kommunebudsjetta vart vedtekne i desember året før, under gjevne føresetnader. I 2008 vart kostnadene langt høgare enn både regjeringa, Stortinget og kommunane la til grunn. I tillegg slo finanskrisa inn også i kommunane. Slik oppstod det ein økonomisk ubalanse. Det gjev sjølvsagt utfordringar vidare.

Heldigvis har vi eit budsjett for 2009 med auka overføringar, mellom anna med meir pengar som kommunane sjølve kan styra over. Regjeringa legg opp til ein merkbar vekst i inntektene i 2009, 8,5 milliardar kroner meir. Ifylgje Teknisk berekningsutval gjer dette det mogleg både å konsolidera situasjonen og få til ny satsing. 
 
Eg er trygg på at kommuneøkonomien for denne perioden vil stå seg samanlikna med dei åra Hovland skryt av. Det trur eg innbyggjarane vil vera samde med meg i.

Hovland etterlyser også satsing på modernisering. Fram til 2005 definerte høgresida dette til å vera konkurranseutsetjing og privatisering. Den raudgrøne regjeringa har i staden etablert eit eiga program for kvalitet i kommunane. I 138 kommar sit folkevalde, tilsette og lokale leiarar og drøftar korleis dei skal få betre tenester ved å ta betre vare på dei tilsette.

I desse dagar arbeider vi med den såkalla samhandlingsreforma, ei reform som inneber at vi skal flytta tenester frå spesialisthelsetenesta, det vil seia sjukehusa, til kommunehelsetenesta. Det gjer vi fordi vi trur kommunane kan utføra desse tenestene betre og billigare enn sjukehusa gjer i dag.

Regjeringa la også nyleg fram ei stortingsmelding om distrikts- og regionalpolitikken. Ei hovudline i meldinga er å utvida det rommet for handling som kommunar og lokalsamfunn har. Den lokale vekstkrafta skal utnyttast. Difor varslar vi ei rekkje nye tiltak som er viktig for kommunane. Mellom anna breiare breiband, program for styrka kapasitet og kompetanse til å driva lokal samfunnsutvikling i kommunane og eit nytt næringshageprogram frå 2011.

Alt dette gjer vi fordi vi har tillit til det lokale sjølvstyret. Den svartmalinga og underlege historieskrivinga Hovland driv med, er korkje eigna til å betra kommunane sin økonomi eller evna til nytenking.