Historisk arkiv

Distrikt og lokalsamfunn går aldri av moten

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt il Haugesund Avis 20.04.2009.

Verda er råka av ei økonomisk krise. Bølgjene frå eit opprørt verdshav vil også slå inn over den lange norske kystlina. I ein slik situasjon treng vi ein ambisiøs politikk for lokalsamfunn og distrikt.

Den stortingsmeldinga som regjeringa la fram i førre veke om distrikts- og regionalpolitikken skal ikkje vera til å mistyda. Folk skal ha ein reell fridom til å busetja seg der dei ønskjer. Det skal vera mogleg å skapa verdiar, arbeidsplassar og velferd der folk vil bu.

Ei hovudline i meldinga er å utvida det rommet for handling som kommunar og lokalsamfunn har. Den lokale vekstkrafta skal utnyttast. Den einskilde innbyggar skal ha reell fridom til å velja kvar dei vil bu. Ein aktiv distriktspolitikk skal leggja tilhøva til rette for vekst og utvikling i heile landet.

Vi har i inneverande stortingsperiode ført ein kraftfull distrikts- og regionalpolitikk. Det har gitt resultat. Ikkje sidan byrjinga av 1980-talet har så mange distriktskommunar hatt vekst i folketalet.

Så er det viktig å hugsa at om vi i regjering og departement skriv ambisiøse planar og løyva pengar, medfører det ikkje utan vidare ei positiv utvikling lokalsamfunna. For å skapa attraktive lokalsamfunn treng vi ein aktiv innsats frå kommunane og lokalbefolkninga sjølve. Vekstkrafta kjem nedanfrå. Vår oppgåve og ambisjon er derfor å gjera kommunar, fylkeskommunar og lokalsamfunn i stand til å handla lokalt, til beste for innbyggarane.

Innretninga på ei rekkje politikkområde skal medverka til å møta utfordringar i ulike delar av landet. Det gjeld til dømes betre kommuneøkonomi, satsing på samferdsel, utdanning og forsking, helsetenester, forvaltningsplanar for verneområda, fiskeri, havbruk og landbruk.
 
Meldinga varslar også ei rekkje nye tiltak:

  • Nye mål for breiband for å sikra større kapasitet i heile landet
  • Eit program for styrka kapasitet og kompetanse til å driva lokal samfunnsutvikling i kommunane
  • Eit nytt næringshageprogram frå 2011
  • Ei mentorordning slik at unge gründarar kan få hjelp og støtte frå ein erfaren ”oppmann”
  • Eit nytt nasjonalt kunnskapsprogram for auka bulyst i kommunar med svak utvikling i folketalet.

Som kommunal- og regionalminister har eg rikeleg høve til å oppleva at mykje er annleis frå sør til nord og aust til vest. Overalt treffer eg likevel menneske som er opptekne av å skapa gode og livskraftige samfunn for ein familie, ei bedrift, ei offentleg verksemd eller ein friviljug organisasjon.

Når folk eg møter tek kontakt, er det kan hende for å få hjelp til å handtera dei kreftene som ikkje alltid spelar på lag med distrikt og mindre samfunn. Det kan vera nokre ekstra kroner til utvikling av næringsliv og arbeidsplassar. Det kan vera betre tilrettelegging av ei lov eller føresegn. Det kan vera ønskje om løyving til betre offentlege tenester. Eller som dei ungdomane eg møtte frå Granvin ungdomsråd på eit folkemøte om meldinga i Ullensvang sa: - Skal vi busetja oss her etter utdanning, treng vi gode bustader, gode offentlege tenester og eit kulturliv som famnar breitt. Gløym heller ikkje kollektivtransport, rassikring og kommunar som maktar samarbeida over grensene.

Dei er ikkje kravstore, ungdomane, når dei kjem med desse innspela. Dei gjev uttrykk for andre ønskje enn dei vi høyrde for nokre år sida. Det er avgjerande å mobilisera ungdom som skal etablera seg for å få til ei positiv lokal samfunnsutvikling. Dei vala unge i etableringsfasen tek, avgjer utviklinga i busetnadsmønsteret i landet over tid.

Regjeringa ønskjer eit levande Noreg. Då må vi stimulera den lokale vekstkrafta. Folk har gjennom generasjonar vist at dei har naudsynt fantasi og arbeidsvilje til å ta i bruk ressursar og skapa seg gode liv. Lang eller kort veg til naboen, dette skal vera mogleg også i åra som kjem.