Historisk arkiv

Gode forsamling!

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innleiing for KS Sogn og Fjordane, 26.10.2009.

Kva er vel meir naturleg at dette fylkesmøtet blir eit av mine første treff med kommune-Noreg som ny kommunal- og regionalminister?

Utan dialog og god kontakt med den kommunale kvardagen og de som arbeidar der, kan eg ikkje løyse mine oppgåver i departement og regjering.

Vi har lagt bak oss nokre hektiske månader med valkamp, tingingar om ny regjeringsplattform og arbeidet med eit nytt regjeringskollegium.

Eg er naturleg nok svært oppteken av kommuneøkonomi og teneste kommunane skal yte i mitt nye virke som kommunal- og regionalminister.

Når Noreg er verdas beste land å bu, må det jo vere fordi norske kommunar er dei beste i verda! Det er her viktige deler av velferda vert skapt.  Skal dette halde fram, må vi ha ein velsmurt kommuneøkonomi. Difor er eg glad for at regjeringa har lagt fram eit godt kommuneopplegg for neste år. Åtte milliardar kroner i vekst vil utgjere ein skilnad.

Veksten vil gi større høve til å fylgje opp den einskilde eleven, sikre ei meir verdig omsorg og sjå dei barna som treng hjelp frå barnevernet. Ein milliard kroner av veksten i de frie inntektene til fylkeskommunane er grunngjeve med auka ansvar for samferdsle.
 
En monaleg del av dette går nettopp til Sogn og Fjordane. Samstundes skal de vite at eg veit at situasjonen er ulik i kommunane, sjølv om sektoren i stort har fått eit monaleg løft dei siste åra.

Frå og med 2006 til og med 2010 er realveksten 40,9 milliardar kroner. Desse pengane har kommunane brukt på ein god måte. Resultatet er 12 500 nye årsverk i pleie- og omsorgssektoren i perioden 2004-2008.

Her i fylket har det blitt over 550 fleire årsverk i perioden 2005-2008. Langt dei fleste innan pleie- og omsorg.

Mykje er altså bra, men mange kommunar slit likevel med underskot og ubalanse i økonomien. Ikkje alle nyt godt av auka skattevekst. Ikkje alle føler at dei blir like godt teken i vare av kriteria i inntektssystemet og retningslinene for tildeling av skjønnsmidlar.

Det er viktig at vi heila tida vurderar korleis desse midlane vert tildelt. Kriteria er gjennomsnitt og vil aldri heilt bli tilpassa den enkelte kommune.

Vi skal leggje fram forslag til nye kostnadsnøkler i kommuneproposisjonen for 2011. Det er svært viktig med god kontakt og dialog med kommunane når vi skal arbeide med dette.

Det er inga tvil om at 2008 vart ei krevjande år, med svakt netto driftsresultat, auka vekst i kostnadene og verknader av finanskrisa. I 2009 har det vore meir rom til konsolidering. Vi kom kommunane i møte med ei krisepakke, som og inneheldt frie midlar, og auka tilskot i revidert budsjett i mai.

Soria Moria 2
Målet for den raudgrøne regjeringa er ein robust og berekraftig kommuneøkonomi. Det er slik det er formulert i Soria Moria 2, plattforma til regjeringa.

Eg meiner budsjettframlegget for 2010 er eit skritt i riktig retning, sjølv om ikkje alle her i salen vil vere like nøgde når tala er brote ned på deira kommune. Det som ser bra ut i stort, kan vere annleis i smått.

Eg veit at det ikkje hjelper kommunar med låg vekst i inntekter, og som til dagleg kjempar for arbeidsplassar, kommunale tenester og eit levedyktig lokalsamfunn, at kommunane samla har 333 milliardar kroner i inntekter.
 
Samstundes. 333 milliardar kroner er mykje pengar. Dei må og skal forvaltast til beste for innbyggjarane, slik at vi får gode tenester.

Som det også står i Soria Moria 2: ”De samlede ressursene skal brukes slik at tjenestene kan styrkes, kvaliteten forbedres og vedlikeholdet ivaretas.” Det er ei klår utfordring. Ho går til oss som skal trekke opp linene for velferda framover, utforma rammene for økonomien og gjere løyvingar over statsbudsjett. Men ho går også til de som forvaltar midlane og den lokale velferda.

Vi har ein jobb å gjere, kvar på vår kant. Mi oppgåve blir å kjempe for ein god økonomi framover. Deira jobb blir å finna rom for betre tenester og lokal utvikling. Samstundes må vi finne plass til eit godt samarbeide. Eit robust og berekraftig samarbeid, så å seie.

Samhandlingsreforma
Vi har ei rad med saker som føreset det. Det er naturleg å byrje med samhandlingsreforma. Det er ei reform som vil omkalfatre mykje i velferds-Noreg. Reforma skal sikre fleire, betre og tidligare helsetenester der folk bur. Altså desentralisering og førebygging.

Makt, midlar og oppgåver skal flyttast til kommunane. Det vil stille store krav til organisering og samhandling. Tilsette på alle nivå i helsetenesta må samarbeide til beste for pasient og innbyggjar. Spesialisthelsetenesta må samarbeide betre med kommunehelsetenesta.

Vi er berre i byrjinga av dette arbeidet. No skal vi fylle reforma med innhald og finne praktiske løysingar. Noko dreier seg sjølvsagt om korleis kommunane skal samarbeide og samhandle.

Mitt utgangspunkt er at kommunane har lang erfaring med samarbeid. Dei vil sjølve vere opptatt av dei beste løysingane.  Her skal vere rom for lokale tilpassingar. Kommunane kjenner eigen kommune og eigne innbyggjarar best. Inntil det motsette er særs godt prova, trur eg det er mykje sunt vit lokalt.

Det er fleire aktuelle modeller for samarbeid.
 
- Vertskommunesamarbeid. Vil vere ein god idé for nokre kommunar. Ein kommune tek på seg ansvar for ei oppgåve på vegne av fleire.

- Samkommunemodellen skal vi no utforme for å handtere ei rekkje oppgåver på tvers av sektorar.

Samkommunen kan vere særleg aktuell for kommunar som ønskjer å samarbeide på fleire område, og sjå desse i samanheng på tvers av kommunegrensene. Eg trur vertskommunen og samkommunen vil gi betre folkevalt styring enn eit interkommunalt selskap eller samarbeid etter kommunelovens paragraf 27. Vi førebur utreding og mogleg lovfesting av ein slik modell.

Kommunesamanslåing
Så seier nokon at kommunesamanslåing er svaret. Då lurer eg: Kva var spørsmålet?

La meg difor gjere det klart. Det vil alltid vere utfordringar knytt til geografi og distanse i vårt helsevesen. Ei storstilt kommunesanering opphever ikkje det, med mindre tvangssamanslåing også betyr at innbyggjarane vert flytta med tvang.

Eg trur ikkje innbyggjarane opplever at det er grensene mellom kommunane som er problemet. Dei er meir opptekne av grensene mellom primærhelsetenesta og spesialisthelsetenesta. Så er vi sjølvsagt opne for at kommunar finn saman etter eiga initiativ.

I den nye regjeringserklæringa har vi til og med sagt at staten skal dekkje dei faktiske kostnadene knytt til samanslåing.

Eg er altså ikkje mot færre kommunar. Eg er mot tvangstanken. Røynslene frå Danmark stadfestar dette. Her blei talet kommunar kraftig reduserte med såkalla frivillig tvang. Ei openbar sjølvmotseiing. Reforma gjekk ut på at alle kommunar med færre enn 20 000 innbyggarar skulle slå seg saman med andre kommunar slik at dei nådde målet på 20 000 innbyggarar.

Alternativt kunne dei inngå i eit forpliktande samarbeid med nabokommunar om løysing av både nåverande og nye oppgåver. Slike samarbeidsløysingar skulle ha eit folketal på minst 30 000 innbyggarar. Talet på kommunar gikk frå 271 til 98.

Til samanlikning vil det i Noreg med slike krav i ei reform bli maksimalt tre kommunar i Finnmark og her i fylket, fem kommunar.
 
Kva seier lokalpolitikarane i Danmark no? Erfaringane frå Danmark tyder på at ein omfattande sentralt fastsett kommunereform basert på tvang ikkje er noko god løysing. To nye undersøkingar syner at 4 av 10 lokalpolitikarar er misfornøyde med reforma. Ei undersøking av Anvendt KommunalForskning syner at embetsverket har overtatt makta i kommunane. 40 prosent av dei spurte seier at det er ”svært at gennemføre politiske idéer, hvis ledende embedsmænd er imod”. Styrkjetilhøva er endra.

Dette er ein klar auke frå ei liknande undersøking som vart gjennomført i 2003.

Den danske avisa Politiken har også gjennomført ei rundspørjing blant alle kommunestyrepolitikarane i landet. 37 prosent er skuffa over reforma, og 6 av 10 meinar at det har blitt for lang avstand mellom borgarane og politikarane.  I samband med strukturreforma vart talet på kommunepolitikarar redusert frå 4 647 til vel 2 520. Desse politikarane vinn ikkje å hengje med i alle detaljar og dei slit med å overtyde administrasjonen om dei overordna måla.

Politikarane er spesielt uroa for dei svake gruppene. Ei slik utvikling ønskjer eg ikkje i Noreg.

Lokal og regional utvikling
Eg sa i innleiinga at norske kommunar må vere dei beste i verda. At noko er godt betyr ikkje at det ikkje kan bli betre. Både Soria Moria 2 og statsbudsjett inneheld klåre signal om at vi vil ha meir merksemd rundt kommunane sin kompetanse til å drive lokalt utviklingsarbeid.

Vi har lag fram ei stortingsmelding om distrikts- og regionalpolitikken, stortingsmelding nr 25.  Vi førebur ei eiga satsing på lokal samfunnsutvikling. Kommunane skal bli endå betre til å planleggja og gjennomføra utviklingsprosjekt. Departementet inviterer no fylkeskommunar og kommunar til å utvikla satsinga i fellesskap.

Vi har auka løyvingane til kommunale næringsfond, til 175 millionar kroner. Målet med fonda er å utvikla næringslivet i næringssvake kommunar. Vi satsar meir på ordninga NyVekst. Ordninga skal gi fleire og større vekstbedrifter i distrikta.

Forvaltningsreforma inneber at fylkeskommunane vert tilførde vel 7,6 mrd kr gjennom rammetilskott og momskompensasjon i samband med dei nye oppgåvene. I tillegg kjem ulike øyremerkte tilskott. Mi von er difor at også at forvaltningsreforma og styrkinga av fylkeskommunen skal hjelpe på denne innsatsen.
 
Fylkeskommunen si utfordring blir å vere ein god regional utviklar. Dei har no fått fleire verkemiddel, mellom anna som deleigar i Innovasjon Norge og gjennom dei regionale forskingsfonda.

Andre positive trekk de som bur i distrikta skal leggje merke til er at vi i Soria Moria 2 held fast på lokalsjukehusa. Det vil sikre ein god nærleik til akuttfunksjonar og fødetilbod.

Avslutning:
Når eg no tar over som kommunal- og regionalminister, er det ei stadfesting av at Senterpartiet ser utviklinga i kommunar, distrikt og regionar som avgjerande for gjere måla i Soria Moria 2 til røyndom.

Den nye regjeringsplattforma inneheld ambisjonar for ulike sektorar. Desse ambisjonane har det til felles at kommunar og fylke må spela på lag og ta sin del av ansvaret for at dei skal bli vellukka.

Difor vil eg kjempa for ein god kommuneøkonomi, når vi no går inn i ei tid med krevjande økonomiske vegval.

Difor vil eg leggje vinn på ein politikk som gjer distrikt og regionar betre budd på skape arbeidsplassar og gode levekår.

Difor vil eg halde fram med å stimulera til nytenking og utvikling.