Historisk arkiv

Jentekraft er vekstkraft

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt til Nationen 22.04.2009.

Det skal vera plass for kravstore og arbeidsføre jenter i distrikts-Noreg. Det tek vi høgde for i den nye distrikts- og regionalmelding frå regjeringa.

Når eg les det Kjerstin G. Lundgård frå Hedmark Bygdeungdomslag skriv i Nationen, er det ei framifrå stadfesting av tittel og tone i stortingsmeldinga ”Lokal vekstkraft og framtidstru”.

Ho gjev uttrykk for mykje av dei same framlegga som eg fekk på bordet frå ungdommar i Granvin kommune i Ullensvang etter eit folkemøte om meldinga der: - Skal vi busetja oss her etter utdanning, treng vi gode bustader, gode offentlege tenester og eit kulturliv som famnar breitt. Gløym heller ikkje kollektivtransport, rassikring og kommunar som maktar samarbeida over grensene.

Korkje Lundgård eller desse ungdomane er kravstore, når dei kjem med desse innspela. Dei gjev uttrykk for andre ønskje enn dei vi høyrde for nokre år sida. Det er avgjerande å mobilisera ungdom som skal etablera seg for å få til ei positiv lokal samfunnsutvikling. Dei vala unge i etableringsfasen tek, avgjer utviklinga i busetjingsmønsteret i landet over tid.

Lundgård nemner ei rekkje suksessfaktorar som må vera til stades for å gjera distrikta til attraktive stader for unge menneske. Til dømes infrastruktur, næringsfond, sosiale møteplassar og meir inkluderande bygder. Eg trur og vonar ho vil finna gode tiltak i meldinga for å få til noko av det ho peikar på. Her noko av det regjeringa foreslår.

• Nye mål for breiband for å sikra større kapasitet i heile landet.
• Eit program for styrka kapasitet og kompetanse til å driva lokal samfunnsutvikling i kommunane.
• Eit nytt næringshageprogram frå 2011
• Ei mentorordning slik at unge gründarar kan få hjelp og støtte frå ein erfaren ”oppmann”.
• Eit nytt nasjonalt kunnskapsprogram for auka bulyst i kommunar med svak utvikling i folketalet.

Når det gjeld entreprenørskap syner samarbeidet mellom Ungt Entreprenørskap og skulane at elevar får kjennskap til lokalt nærings- og arbeidsliv. Mange får augo opp for kva moglegheiter som finst på heimstaden. Til hausten følgjer regjeringa opp med ein handlingsplan for entreprenørskap i utdanninga. Bygdeungdomslaget og andre er velkomne til å gje oss innspel til handlingsplanen innan 6. mai.

Så er eg samd med Lundgård når ho peikar på at det er naudsynt med gode haldningar når det kjem nye folk til bygda eller tettstaden. Anten det er nordmenn eller innvandrarar med ulik bakgrunn, må lokalsamfunnet ynskja nye innbyggjarar velkomne. Skal fleire stader verta oppfatta som attraktive, treng vi meir kunnskap både nasjonalt og lokalt om kva som aukar bulysta.

Med medspelarar som dei vi mellom anna finn i Bygdeungdomslaget, er eg viss på at vi skal møta utfordringane på ein god måte. Vekstkrafta kjem nedanfrå.