Historisk arkiv

Kommunane har fått det betre

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt til Moss Avis 22.04.2009.

Gunnar Listerud spør i Moss Avis sist veke om kommunane har vorte betre med Senterpartiet i den politiske leiinga i kommunal- og regionaldepartementet. Sjølv om eg meiner at vi politikarar skal vera audmjuke i vår gjerning, tillet eg meg likevel å svara ja.

Det er naturleg å bruka mest plass på kommuneøkonomien. Større budsjett gjev lokalpolitikarane meir rom for utvikle lokalsamfunnet i den retninga dei ønskjer. Under den raudgrøne regjeringa har dei fått 30 milliardar kroner ekstra til velferd. Raudgrønt styre har altså gjeve barnehageplass til 34 nye barn kvar dag etter at regjeringa tok over. Det har vorte fleire lærarar per elev i grunnskulen. Målet om 10 000 nye årsverk innan pleie- og omsorgssektoren er meir enn oppfylt. Fleire eldre menneske har fått einerom og fleire har fått heimetenester.

Vi har gjeve meir pengar til kommunane fordi regjeringa har tillit til det lokale sjølvstyret. Lokalpolitikarane har lagt ned ein innsats som gjer inntrykk på meg som ansvarleg kommunestatsråd. Det er slik samspelet mellom lokale og nasjonale styresmakter skal vera. Dei langsiktige politiske måla vert sette av partia, Stortinget og regjeringa. Dei lokale tillitsvalde og dei kommunale medarbeidarane skapar dei praktiske løysingane for god kommunal velferd.

Så har vi eit ordskifte nett no om situasjonen etter 2008. Det var eit krevjande år for kommunane. Kommunebudsjetta vart vedtekne i desember året før, under gjevne føresetnader. I 2008 vart kostnadene langt høgare enn både regjeringa, Stortinget og kommunane la til grunn. I tillegg slo finanskrisa inn også i kommunane. Slik oppstod det ein økonomisk ubalanse. Det gjev sjølvsagt utfordringar vidare. Nokre kommunar slit til dømes med uheldige finansielle investeringar. Heldigvis har vi eit budsjett for 2009 med auka overføringar, mellom anna med meir pengar som kommunane sjølve kan styra over. Regjeringa legg opp til ein merkbar vekst i inntektene i 2009, 8,7 milliardar kroner meir. Det gjer det mogleg både å konsolidera situasjonen og få til ny satsing.

Når det gjeld lokal makt, trur eg mange lokalpolitikarar er nøgd med regjeringa sitt forslag til nytt inntektssystem for kommunane. Det er ei monaleg omfordeling av pengar, og med det makt, mellom kommunane. Inntektsskilnader er den viktigaste årsaka til ulike tenestetilbod mellom kommunane. Difor er det naudsynt med jamnare fordeling, og meir stabile og føreseielege inntekter. Kommunane får mindre del av inntektene frå skatt, inntektsutjamninga aukar og kommunal selskapsskatt vert avvikla.

Eg kan også nemna ei omfattande satsing på kvalitet i kommunane. Ho er organisert gjennom eit eiga program. Nokre stikkord er meir deltaking frå innbyggarane, ein betre arbeidsplass for medarbeidarane og betre tenester for innbyggjarane.

I desse dagar arbeider vi med den såkalla samhandlingsreforma. Ei reform som inneber at vi skal flytte tenester frå spesialisthelsetenesta, det vil seia sjukehusa, til kommunehelsetenesta. Det gjer vi fordi vi trur kommunane kan utføre desse tenestane betre og billigare enn sjukehusa gjer i dag.

Eg er glad for Lislerud sitt engasjement på vegne av lokaldemokratiet, men han er altfor pessimistisk i sin analyse. Kanskje han vert betre til sinns om han les litt i den ferske stortingsmeldinga om distrikts- og regionalpolitikken. Der vil han finna fleire tiltak og døme på korleis vi vil gje kommunane meir rom for handling og aktivitet.

Eg er overtydd om at utan ein brei dugnad mellom lokale politikarar og sentrale styresmakter, får vi ikkje utvikla gode lokalsamfunn og god lokal velferd. Denne stortingsmeldinga er berre det siste døme på at denne regjeringa, med Senterpartiet i kommunal- og regionaldepartementet, er viljug til å meisla ut ein god politikk for å få det til.