Historisk arkiv

Veksten kjem nedanfrå

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt Nordlys 27.04.2009.

Verda er råka av ei økonomisk krise. Bølgjene frå eit opprørt verdshav vil også slå inn over den norske kystlina. Då treng livskraftige lokalsamfunn og ein distrikts- og regionalpolitikk som tek desse samfunna på alvor.

I stortingsmeldinga som eg nyleg la fram om distrikts- og regionalpolitikken, er det mange gode døme på lokalsamfunn og verksemder som har skapa arbeidsplassar og verdiar utanfor dei mest sentrale stroka.

PROBIO er ei slik verksemd. Produksjonsanlegga ligg i Båtsfjord og på Andenes, med utgangspunkt i forsking frå Universitetet i Tromsø og Norges Fiskerihøgskole. Nyskaping og regionale fortrinn har gjeve resultat i form av det som gjerne vert kalla ”functional food”, og altså lokal næringsutvikling. Mellom anna med bistand frå Innovasjon Norge.

Kvifor snakka om program for marin verdiskaping og bioprospektering i ei melding frå Kommunal- og regionaldepartementet? Svaret er enkelt: Skal folk skal ha ein reell fridom til å busetja seg der dei ønskjer, må det vera arbeidsplassar og mogleg å skapa verdiar der dei vil bu.

Ei hovudline i meldinga er å utvida det rommet for handling som kommunar og lokalsamfunn har. Den lokale vekstkrafta skal utnyttast. Den einskilde innbyggjar skal ha reell fridom til å velja kvar dei vil bu. Ein aktiv distriktspolitikk skal leggja tilhøva til rette for vekst og utvikling i heile landet.

Vi har i inneverande stortingsperiode ført ein kraftfull distrikts- og regionalpolitikk.  Ei rekkje politikkområde er innretta for å møta utfordringar i ulike delar av landet. Styrking av kommuneøkonomien og samferdsle er viktige døme på dette. Det same er dugnaden mellom staten, fylkeskommunar og kommunar om utbygging av breiband. Vi har også auka midlane til utviklingstiltak gjennom fylkeskommunane frå 1 til 1,3 milliard kroner. Dei vert nytta både til bedriftstøtte gjennom Innovasjon Norge, næringsfond og ei rekkje andre utviklingstiltak for kommunane, næringsliv og kompetanse. Utdanning og forsking, helsetenester, forvaltningsplanar for verneområda, fiskeri, havbruk og landbruk er andre område som er viktige for distrikt og regionar.

Det har gjeve resultat. Ikkje sidan byrjinga av 1980-talet har så mange distriktskommunar hatt vekst i folketalet.

Så er det viktig å hugsa at ambisiøse planar og meir pengar ikkje utan vidare gjev ei positiv utvikling i lokalsamfunna. Attraktive lokalsamfunn må byggja på ein aktiv innsats frå kommunane og lokalbefolkninga sjølve.

Difor varslar meldinga ei rekkje nye tiltak som er viktig for folk over heile landet.

  • Nye mål for breiband for å sikra større kapasitet i heile landet
  • Program for styrka kapasitet og kompetanse til å driva lokal samfunnsutvikling i kommunane
  • Nytt næringshageprogram frå 2011
  • Mentorordning som gjev unge gründarar hjelp og støtte frå ein erfaren ”oppmann”
  • Nasjonalt kunnskapsprogram for auka bulyst i kommunar med svak utvikling i folketalet.

Regjeringa ønskjer eit levande Noreg. Då må vi stimulera den lokale vekstkrafta. Folk har gjennom generasjonar vist at dei har naudsynt fantasi og arbeidsvilje til å ta i bruk ressursar og skapa seg gode liv. Lang eller kort veg til naboen, dette skal vera mogleg også i åra som kjem.