Historisk arkiv

Eit godt statsbudsjett for Oslo

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt til Aften 14.10.2010.

- Oslo er ein av dei kommunane i landet som tener mest på det nye inntektssystemet for kommunane som blei vedteken tidlegare i år, skriv kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Aften skriv på leiarplass at forslaget til statsbudsjett ikkje inneber ei reell auke i inntektene for Oslo kommune. Dette er feil

Oslo er ein av dei kommunane i landet som tener mest på det nye inntektssystemet for kommunane som blei vedteken tidlegare i år.

Dei frie inntektene til Oslo kommune i 2011 er anslått å auke med 1,27 milliardar kroner frå nivået i revidert nasjonalbudsjett for 2010. Dette tilsvarar 5,4 prosent, monaleg over den venta prisauken på 2,8 prosent.

Sterk vekst
Oslo har med det ein klart sterkare inntektsvekst enn dei aller fleste kommunane. For kommunesektoren samla er veksten 4,0 prosent.

Eg vil også minne om at regjeringa i budsjettforslaget for 2011 foreslår å vidareføre den særskilte satsinga på 43 millionar kroner i Groruddalen.

Kommunaldepartementet si satsinga innanfor bustad, by og stadutvikling i område med særlege utfordringar var opphavleg tenkt avvikla etter 2010. Arbeidet skal altså no halde fram til glede for dei som bur i Groruddalen.

Frå og med 2011 har me gjort fleire endringar i inntektssystemet for kommunane, det vil seie i dei kriteria som avgjer korleis dei samla rammene blir fordelte på dei einskilde kommunane.

Oslo tener på desse endringane. Det nye inntektssystemet fangar langt betre opp dei utfordringane hovudstaden har som følgje av sosiale høve og levekår.

Utfordringar
Så er det inga tvil om at kommunesektoren generelt står overfor store utfordringar. Eg forstår at Oslo og andre kommunar hadde ynskja seg ein sterkare vekst.

Samstundes har den raudgrøne regjeringa gitt sektoren eit monaleg økonomisk løft dei fem siste åra. No legg me fram eit budsjettforslag som er noko strammara enn tidlegare år. Det gjer me blant anna fordi kommunane og deira innbyggjarar er best tent med ein sunn og stabil økonomi i landet.