Historisk arkiv

Endringar i inntektssystemet 2011

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget er sendt til fleire redaksjoner etter debatt om inntektssystemet

- Endringane gjev ei meir rettferdig fordeling av inntektene mellom kommunane. Dei vil også leggje til rette for gode og likeverdige kommunale tenester over heile landet.

Det har dei siste vekene vore eit ordskifte om at regjeringa i Kommuneproposisjonen for 2011 la fram forslag til endringar i inntektssystemet for kommunane. La meg forklare bakgrunnen for forslaga.

Endringane gjev ei meir rettferdig fordeling av inntektene mellom kommunane. Dei vil også leggje til rette for gode og likeverdige kommunale tenester over heile landet.

Fag og politikk
Inntektssystemet er samansett av faglege og politiske element. Den faglege delen er kostnadsnøklane, som seier noko om forskjellar mellom kor dyre ulike kommunar er å drive. I tillegg er det ulike regionalpolitiske tilskot og utjamning av skatteinntekter mellom kommunar. Dette er element som er politisk grunngjeve.

Det er ei krevjande øving å skulle endre på inntektssystemet for kommunane. Men det var nødvendig med omfattande endringar no. Systemet skal sikre at innbyggjarane landet rundt får likeverdige kommunale tenester, uavhengig av kva det kostar å drive kommunen. Sjølv om utfordringane er ulike skal altså innbyggjarane oppleve likeverdigheit.

Gått ut på dato
Utforminga av desse kriteria var gått ut på dato. Busettingsmønster, utfordringar knytt til levekår, samansetninga av befolkninga og tenestebehov har endra seg mykje sidan første halvdel av 90-tallet. Kostnadene knytt til å drive ein kommune er med andre ord annleis i dag.

Den nye kostnadsnøkkelen tek betre omsyn til dei faktiske forskjellane mellom kommunane i etterspurnad og kostnadar ved å tilby gode velferdstenester. Dette gjev ei meir rettferdig fordeling av inntektene, fordi dei kommunane som er dyrare å drive enn andre kommunar blir kompensert for dette.

Politiske endringar
Endringane i dei objektive kriteria, gjev grunnlag for å justere den politiske delen av inntektssystemet. For eksempel er tilskotet til kommunar i Nord-Noreg og Namdalen redusert. Det same er småkommunetilskotet. Me fjernar delar av hovudstadstilskotet fordi endringane i den objektive delen betre fangar opp dei utfordringane Oslo har knytt til levekår. Me innfører eit storbytilskot for betre å fange opp dei utfordringane dei største byane har knytt til storleik.

Utjamnar skatteforskjell
Ein stor del av kommunane sine inntekter kjem i dag frå skatteinntekter. Det er store variasjonar i skattegrunnlag mellom kommunane, og skatteinntektene varierer mellom 60 og 260 prosent av landsgjennomsnittet. Forskjellar i inntektsnivå er den viktigaste årsaka til ulikt tenestetilbod mellom kommunar.

Dette ønskjer me å gjere noko med. For å sikre ei jamnare fordeling av inntekter mellom kommunane og utjamne uønska forskjellar i tenestetilbodet mellom kommunane, vil regjeringa redusere skattedelen av kommunane sine samla inntekter frå 45 til 40 prosent. Heile 388 kommunar tener på omlegginga.

Nokre kommunar taper sjølvsagt på endringane. Desse blir kompensert for om lag 60 prosent av det dei taper ut over 100 kroner pr innbyggjar. Me sett av 400 millionar kroner av inntektsveksten i kommunane til denne kompensasjonen.

Denne regjeringa har styrkja alle kommunane gjennom sterk vekst i dei økonomiske rammene. Slik sikrar me også vekst for kommunane neste år.