Historisk arkiv

Lagspel, ikkje krangel

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget sto på trykk i Aftenposten 13.09.2010.

- Me kan endre den tradisjonelle forståinga av sentrum-periferi, viss me klarar å redusere ulempene ved store avstandar og sørgje for at arbeidsplassar for høgt utdanna finst over heile landet, meiner kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

By og land må spele på lag dersom me skal hindre at Noreg deler seg i to.

Aftenposten inviterer i kveld til ordskifte i Litteraturhuset i Oslo om by og land. Eg ser fram til debatten, sjølv om overskrifta er tendensiøs. ”Hvorfor er hatet mot hovedstaden så sterkt i Norge?”

Eg kjenner meg ikkje att i påstanden, tvert om.

Oppfatninga om at konflikten mellom sentrum og periferi overskygger andre motsetnader, er seigliva. Å snakke om hat gjev lite meining. Me har og skal framleis ha ein sterk hovudstad og ein politikk retta inn mot dei spesielle behova Oslo har. Samstundes skal me ta heile landet i bruk. 

Eg har solid bakgrunn - frå to departement og eit parti med basis i distrikta - for å meine at tittelen på debatten ikkje stemmer med verkelegheita.

Ja, det er ulike interesser, jamvel konfliktar. Samferdslepolitikken er full av dei. Me så det då regjeringa la fram forslag til nytt inntektssystem for kommunar i vår. Rovdyrpolitikk og forvalting av strandsona, ser også annleis ut frå hovudstaden enn frå andre delar av landet. Nettopp fordi landet er mangfaldig.
 
Me har kommunar og regionar med ulik utviklingstakt. Folkesetnaden endrar seg saman med næringsstrukturen. Landet lever og er i endring. Det må politikken fange opp, og me politikarar må handtere dei konfliktane som oppstår.

Difor reiste eg på nyåret ein debatt om motmakt og regional utvikling. Ikkje for å nøre opp under hat eller hauste enkel støtte. Det var eit forsøk på å løfte debatten om kva slags samfunn Noreg skal vere om nokre tiår, og kva som er sentrale utviklingstrekk no. Då må me ta stilling til maktopphoping og haldningar i maktmiljø i Oslo. Me kjem ikkje unna spenninga mellom sentrum og periferi.

Ein del debattantar hoppa ned i gamle skyttargraver. Der fann dei utdatert og lite treffsikker ammunisjon, sjølv om dei laga mykje leven. Langt fleire fann meining i å diskutere lokale og regionale utviklingstrekk. Dei ville snakke om kva for nasjonal politikk me treng for å kunne ta heile landet i bruk.

Ikkje minst handlar det om å unngå at me får ei opphoping av arbeidsplassar for dei med høgare utdanning på deler av Austlandet.

Svært mange unge ynskjer å busetje seg andre stader. Då må dei ha valfridom. Det er eit paradoks at svært mange nyutdanna i Bergen må til Oslo for å få jobb.

Professor Karen Helene Ulltveit-Moe og kollega Victor Norman har peika på nokre viktig trekk ved utviklinga. Tunge strukturendringar plasserer god arbeidskraft frå tradisjonelle næringar i distriktsområde på sidelinja. I staden veks det i første rekkje fram ny kompetansebasert verksemd rundt Oslofjorden.

Forskarane meiner ei slik utvikling i det lange løp kan føre til ”en økonomisk kostbar, sosialt uheldig og politisk farlig todeling av landet.”

Dette er noko av bakgrunnen for at regjeringa har sett ned eit offentleg utval, leia av Ulltveit-Moe. Utvalet skal blant anna kome med konkrete forslag til korleis me kan få fleire kompetansearbeidsplassar i privat og offentleg sektor i distrikta. Utvalet skal også vurdere tiltak for å sikre rekruttering til desse arbeidsplassane. For meg er dette eit av fleire tiltak som skal gjere det meiningsfylt å snakke om å ta heile landet i bruk og ha reell fridom til busetjing.

Nokre vil seie at desse omgrepa er politiske klisjear, tømt for meining etter år med sentralisering og brutale endringar i næringsstruktur. Eg vil snu det på hovudet. Det er ein grunn til at svenske og danske politikarar kjem til Noreg for å diskutere distriktspolitikk. Me har hatt mykje god distrikts- og regionalpolitikk i Noreg etter krigen. Me har god spreiing i busetnaden. Verdiskapinga langs kysten er imponerande. Me har livskraftige lokalsamfunn og veldrivne kommunar. Og flyttinga går ikkje berre ein veg.

Me ser at til dømes unge menneske finn det attraktivt å flytte til mindre stader. I det moderne Noreg er det muleg både å ha ein fot i det urbane og ein fot i småbyen eller på bygda.

Sjølv om det er utviklingstrekk som kan uroa, ligg det store mulegheiter og ressursar i landet vårt.

Difor byggjer den raudgrøne regjeringa distrikts- og regionalpolitikken på at me har lokalsamfunn med god vekstkraft. No vil me bidra til gjere desse samfunna meir attraktive.

Dei må vere opne for næringsliv og entreprenørskap, kompetent arbeidskraft og innvandrarar frå heile verda. Dei må satse på gode offentlige tenester og samarbeide over forvaltnings- og kommunegrenser.

Me ser at dette er muleg. Ikkje sidan byrjinga av 1980-talet har så mange distriktskommunar hatt vekst i folketalet. Landbruket er styrka og norsk mat og matradisjon er ”in” som aldri før. Me er blitt meir merksame på det regionale samspelet mellom sterke byar og deira omland.

Staten skal sjølvsagt stille opp. Me har ein aktiv distrikts- og regionalpolitikk, og me syter for fritak for av arbeidsgjevaravgift. Me har styrka kommuneøkonomien og samferdslesektoren.

Ikkje minst har me fått på plass ein solid dugnad mellom private og offentlege aktørar om utbygging av breiband. No står vidare satsing på superraskt fiberband for døra.

Me kan endre den tradisjonelle forståinga av sentrum-periferi, viss me klarar å redusere ulempene ved store avstandar og sørgje for at arbeidsplassar for høgt utdanna finst over heile landet.

Me ser det allereie i form av entreprenørverksemd og næringsetableringar mange stader. Den særeigne norske geografien er ikkje til hinder for nye produkt og tenester. Tvert om kan geografi vere grunnlag for nyskaping. Dei maritime klyngene og petroleumsaktiviteten langs kysten har blomstra det siste tiåret. Ringverknadene har vore mange.

Desse næringane etterspør finansiell og juridisk spisskompetanse i Oslo. Slik er samspelet mellom landsdelane og mellom by og bygd. Det har det norske samfunnet tent på.

Regjeringa ynskjer eit levande Noreg. Då må me stimulere lokal vekstkraft. Folk her i landet har gjennom generasjonar vist at dei har fantasi og arbeidsvilje til å ta i bruk ressursar og skapa seg gode liv.

Dei kranglar kanskje litt med naboen innimellom, men dei hatar ikkje hovudstaden.