Historisk arkiv

Til Nordlandskonferansen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Talen blei halde på Nordlangskonferansen i Bodø 20.01.2010.

Takk for invitasjon. Det er hyggeleg å komme hit til Nordland og Bodø. Hovudtema for konferansen er det attraktive Nordland. Eg trivst i Nordland. Her har eg hatt mange hyggelege besøk. Her finn eg humør og optimisme. Og ikkje minst mykje stå-på-vilje.

På framsida av programmet har arrangøren eit flott bilde av skituristar på vei opp ei fjellside i Lofoten. Som diktaren Jonas Lie skreiv allereie i 1870. ”Har en underdeilig idyll noe hjem, så er det inne i Nordlands fjorddaler om sommeren.”

Biletet tiltalar meg, eit fjellmenneske frå fjell og fjord-fylket Sogn og Fjordane. Men eg skal motstå freistnaden til å vise fleire vakre bilete frå Nordland. Naturen er sjølvsagt ei tiltrekkjande kraft i Nordland, men det er sjølvsagt dei menneska som vel å busette seg som er viktigast for meg.

Til dømes kaffibrenner Arnt Mathias Arntzen i Forvik i Vevelstad. Han brenner kaffi i dei gamle handelslokala i Forvik i Vevelstad kommune, ved sida av å tilby overnatting og servering. Saman med lokale støttespelarar er han fjerde generasjon som held liv i den tradisjonsrike handelsstaden.

Som kommunal- og regionalminister står arbeid med levande lokalsamfunn, distrikt og regionar på arbeidslista mi kvar dag. Det er sjølve kjerneverksemda for meg i mitt politiske virke. Då er det inspirerande å sjå ein kaffibrennar i aktivitet.

Det kjem vel ikkje som noko overrasking for dykk. Men eg meiner me frå statlege og regionale styresmakter kan vise til mange gode tiltak og mykje vettug politikk. Eg skal kome tilbake til nokre av dei mest handfaste tiltaka.

Likevel, og dette er viktig for meg å seie, sjølv om regjering og Storting gjer mykje, me kan ikkje vedta at Nordland skal vere attraktiv for tilflyttarar, turistar, fastbuande.

Me fråskriv oss sjølvsagt ikkje ansvar. Me skal hjelpe til. Til dømes har denne regjeringa oppretta Distriktssenteret på Alstadhaug. Dei skal bidra med utviklingsarbeid, løfte fram dei gode eksempla og gje oss innspel til utvikling av ny politikk.

Men vekstkrafta, initiativ, må kome nedanfrå. Vilje og engasjement er heilt nødvendige drivkrefter for lokal utvikling. Difor kalla me Stortingsmelding 25 om distrikts- og regionalpolitikken for Lokal vekstkrafta og framtidstru. Meldinga kom i april i fjor, og har vore godt tatt i mot.

Attraktivitet er eit vanskeleg ord. Kva er det som gjer ein stad attraktiv og som gjer at folk trivst der?

Når me tek eit meir overordna blikk, slik me som politikarar og aktørar i ulike organisasjonar må, handlar det om å få fram kvalitetar og mulegheiter ved staden der dei bur. Kvalitetar som kan gjere det attraktivt å flytte dit, bli buande der og skape aktivitet.

Eg er kanskje lite original her, men eg trur på ein kombinasjon av eldsjeler, kollektiv optimisme og inkludering av nye innflyttarar. Utvikling av kunnskap og kompetanse og å legjje til rette for kompetansearbeidsplassar blir viktig. Og sjølvsagt fleksible og kompetente styresmakter. Lokale og regionale styresmakter må, eg gjentar må, skjøne si rolle som medspelarar, tilretteleggjar og gjennomførar på viktige område.

Reell fridom til busetjing. De har høyrd setninga før. Det er regjeringa si overordna målsetting for distrikts- og regionalpolitikken. Ambisiøst mål, ja. Nokon freistar også å gjere det til latter å arbeide for å at heile landet tas i bruk. Eller dei seier at det nytter ikkje å kjempe mot urbanisering og vekst rundt dei større stadene.

Då spør eg: Kva er alternativet? At me ikkje skal kunne velje kvar me vil busette oss? Det er mellom anna slike haldningar som gjer at eg i dag har vore så fri å invitere ein del nordnorske aktørar til eit ordskifte om makt og motmakt.

Det var mange som rista på hovudet då Sp-leiar Odd Roger Enoksen i 1999 lanserte den digitale allemannsretten. 10 år med klar politisk vilje og handverk har gjort at me har dekning på 99,9 pst. Det er ei brikke blant mange som må vere på plass for at me skal ha like mulegheiter til utvikling og arbeidsplassar i heile landet. No er jobben vår i fellesskap å gjere breibandet breiare.

Meir enn fire år som statsråd med sete i Oslo har gjort meg overtydd om at her er det både mykje makt og mange haldningar til resten av Noreg som me ikkje kan oversjå. Skal me handtera dei utfordringane som denne konferansen tek opp treng me ein politikk som er retta inn mot å ta heile landet i bruk. Me treng regionar, små og store byar og tettstader. Dei vil vere ei motvekt til sterk maktkonsentrasjon og sterk vekst i Oslo og rundt Oslofjorden. Heile landet er tent med at makt blir møtt med motmakt og at me grip fatt i drivkreftene bak sentraliseringa. Arbeidsplassar ei viktig drivkraft i dette. Eg er difor glad at me i Soria Moria II er meir framoverlent når det gjeld fordeling av statlege arbeidsplassar.

Me slår fast kor viktig det er å spreie kompetansearbeidsplassar utover heile landet, og at veksten i ny statleg verksemd skal kome utanfor Oslo. Denne ambisjonen har eg og mine kollegaer i regjeringa ansvar for å setje ut i livet. Eit utval skal setjast ned om kort tid for å gje innspel til regjeringa om kva som må til for å nå dette målet. Dette er viktig både for offentlege og private kompetansearbeidsplassar.

Politikarar på lokalt og regionalt nivå må og bidra til å halde trykk på saka, for motkreftene er som alle veit sterke.

Så treng me byar som Bodø, Harstad, Tromsø og Alta som drivkrefter. Både for sitt eige omland og landsdelen og som motkrefter til det som skjer i sør.

Men det er altså ikkje slik at det berre er gjennom dyrking av store kommunar og sentra at eit fylke som Nordland kan halde folketalet opp. Eg høyrer av ordskiftet her dei siste dagane at det er nokre som meiner det. Me må dyrke samspelet og samarbeidet mellom byar og omland for å løfte heile regionen – heile Nordland.

Vi har ikkje hatt nokon kø av kommunar som vil slå seg saman, men me har mange kommunar som vil samarbeide over kommunegrensene. Slik rustar dei seg til å handtere viktige velferdsutfordringar, som sjølvsagt er viktige for mindre samfunn også.

Så vil nokon hevde at me idylliserar livet utanfor byane. La meg minne om serien Bygdeliv på NRK1 i desse dagar. Skulle tru at serien var tinga av mitt eiga parti. Eg nemner serien fordi den ikkje driv idyllisering av bygdelivet. Det treng me ikkje. Men produsenten bak har understreka at dei på nøkternt vis har undersøkt korleis det er å følgje draumen om å flytte frå byen til ein mindre stad.

Eg la også merke til at TV-produsent Dag Hermansen seier at det nesten ikkje finst grenser for kva som er muleg å få til på bygda, berre du er kreativ og driftig nok. Han har regjeringa bak seg.

Vekst i folketalet i heile landet
At me er inne på noko riktig, kan me mellom anna sjå av auka tilflytting til distrikta. Talet på distriktskommunar med vekst i folketalet er no på høgaste sidan byrjinga av 1980-talet. Det kan vere eit teikn på at takta i sentraliseringa er redusert. Fleire kommunar har dei seinare åra opplevd vekst i folketalet. Frå fyrste halvår 2006 til fyrste halvår 2009 snakkar me om 76 fleire kommunar. Av desse var 40 utkantkommunar. Det er også interessant å leggje merke til at det i fjor var fleire kommunar med auke i folketalet enn i 2006. 270 kommunar mot 202 i 06.

Det er fyrste gong i perioden 1998–2009 at dei spreiddbygde strøka av landet samla har hatt folkeauke. Hovuddelen av endringa ser ut til å skuldast auka tilflytting til småkommunane i form av innvandring. Samtidig har det vore mindre innanlandsk fråflytting.

Sjølv om det er positive tendensar mange stader i landet, ser me at utviklinga i folketalet i sum går i sentraliserande retning, både når det gjeld flytting og fødslar.

Men! Me har ikkje berre ein jamn flyttestraum frå mindre stader til større stader. Straumen går begge vegar, også til kommunar og regionar med små senter og spreidd busetnad.

Utviklinga i Nordland Det er fleire kommunar i Nordland som no har folkevekst det var for 10 år sida. Vi ser òg at det er klåre utfordringar. Ein del kommunar i fylket slit med nedgang i folketalet, medan ein by som Bodø er ein skikkeleg motor. Folketalet har auka med meir enn 10 prosent sidan 1998.

Det samla folketalet i Nordland er redusert med om lag 5000 i løpet av den siste tiårsperioden. 

Mange kommunar har eit potensiale for auke. Viss alle dei som er busette kommunen i periodar, enten det er unge i etableringsfasen eller innvandrarar som vert buande, ja, så vil folketalet auka. Eit prosjekt for motivasjon- og inspirasjon for å flytte som Noregs Bygdeundomslag har gjennomført, stadfestar potensialet.

Leiar Marit Bjerkås sa til Nationen sist veke at hun har møtt mange unge menneske som er interesserte i å etablere seg utanfor byane.

Attraktive lokalsamfunn
Det er ikkje noko rett i koppen-løysing for at desse faktisk kjem eller at kommunane makter å halde på dei som er flytta nyleg.

Basisingrediensane må derimot vere på plass. Mange av de som sit i salen her kjenner dei. Arbeidsplassar, infrastruktur, tenestetilbod, gode bu- og sentrumsområde, fritidstilbod, inkludering av tilflyttarar, og, ikkje minst viktig, bringe fram ressursar i innbyggjarane på staden.

Vi har mange gode døme på at kommunar er gode til å utvikle lokalsamfunn og regionar.

Trænafestivalen, der dette motivet er henta frå, er eit godt døme på lokal markering, som kan gjere ungdom merksam på livet utanfor dei mest sentrale stroka.

Samstundes veit me at nokre manglar kapasitet og kompetanse til å stå fram som sterke utviklingsaktørar. Dei kan ha aktive ordførarar og rådmenn, men det er ikkje alltid nok.

Som eg sa, eldsjeler og kreativitet er viktig. Men det også avgjerande at heilskapen blir teken i vare når me snakkar om utvikling av samfunnet. Og då er kommunane den viktigaste aktøren.

BULYST
Gjennom satsingar på småsamfunn, kultur og næring og stadutvikling har bulyst kome opp som eit samlande omgrep. I budsjettet for 2010 har me difor sett av 25 millionar kroner til lokale og regionale utviklingsprosjekt, med bulyst som overskrift.

Tala fortel oss altså at innvandrar er viktig for auken i folketalet i Distrikts-Noreg. Difor har me undersøkt om korleis integrering av innvandrarar, flyktningar og andre tilflyttarar verker i praksis.

Døme har vore Hjelmeland, Verdal, Flytt hit-prosjektet i fjellregionen i Østerdalen og eit prosjekt i Lofoten, kalla regionalt internasjonalt senter for kulturutveksling og innovativ tenking. RISKIT i Lofoten er spanande og har gitt gode resultat. 14 etablerarar har starta eiga næringsverksemd.

Desse kvinnene på bilete har delteke på kurs for å sjå om dei kan realisere ein forretningside.

Hovudføremålet med prosjektet, forkorta RISKIT, er inkludering, rekruttering, fleirkulturell verdiskaping og å vere eit ressurssenter for internasjonale kvinner. Kvinner, uansett etnisk tilhøre, skal trivs i Lofoten. Eg er glad for at det ser det ut til at dei gjer det.

KRDs nordområdesatsing
I førre veke vitja eg hurtigruta Trollfjord, som låg til kai i Oslo. Eg opna reiselivsverkstaden Nord i Sør. Eg nemner det fordi reiselivsnæringa er sentral i sysselsettinga i Nord-Noreg. Fleire personar er no sysselsett her enn i fiskerinæringa og landbruket til saman. I tillegg er omlag 70 prosent av dei sysselsette i reiselivet kvinner.

Det er særleg viktig i distrikta der me treng spanande jobbar som gir bulyst for unge kvinner. Dessutan er næringa kulturbasert. Reiselivet er både produsent og forbrukar av kultur. Næringa er med på å oppretthalde eit levande kulturliv.

Eg kjem til å invitere reiselivsnæringa til eit eige rådslag i Lofoten i vår for å drøfte korleis næringa kan utvikle seg vidare. Eg er mellom anna oppteken av å høyre reiselivsbransjens tankar om korleis det kan bli ei heilårs næring. Hurtigruta har hatt 60 prosent vekst i vinterbookingen. ”Vi anser vinteren som noe av det beste Norge har å vise fram. Vinteren kan sees som et eget reiselivsprodukt”, seier Hurtigruta. Korleis kan næringa i større grad enn tidlegare spele på det unike, levande kystfiskemiljøet og den førsteklasses fisken som vert produsert.

Turistane kjem ikkje hit for å sjå på kulisser. Av den grunn er eg uroa over situasjonen i deler av fiskerinæringa. Vi fygljer utviklinga nøye.

For meg og departement mitt er den landbaserte verdiskapinga sjølve inngangen til nordområdepolitikken. Nordområdepolitikken skal no på land. Regjeringa sin reviderte nordområdestrategi ”Nye byggesteiner i nord” vil gjere sitt her.

KRD har også sett av 100 millonar kroner for å styrke innovasjons- og verdiskapingsevna i Nord-Noreg, mellom anna 50 millionar kroner til det nye reiselivsselskapet.

Landsdelen har sjølv definert reiseliv og arktisk teknologi  som særs viktige tema. Det føl me opp i forskningsløft Nord.

Kva gjeld petroleumsverksemda, så er eg opptatt av at den skal gje ringverknader på land – her i Nord-Noreg. Her på Horvnes i Sandnessjøen vert det no bygd oljebase. Hadde det ikkje vore lagt klare politiske føringar, ville det ikkje blitt ei satsing i Sandnessjøen.

”Det e itjnå som kjæm tå sæ sjøl”, syng Hans Rotmo. Det gjeld heilt klart for arbeidsplassar knytt til olje og gass i Nord-Noreg. Skarv utanfor Sandnessjøen er eit godt døme på ringverknader her i Nord. Eg vil minne om at det er først no me begynner å sjå ringverknader av aktiviteten i Norskehavet. Fylka og vertskapsbyane for petroleumsrelatert verksemd i nord, Hammerfest, Harstad og Sandnessjøen, har jobba godt i arbeidet med Snøhvit, Norne og Skarvfeltet.

Det er óg bra at nye selskap vel å etablere seg andre stader enn på den tradisjonelle oljekysten. Professor Odd Jarle Borch og forskar Jarle Løvland reiser i ein kronikk i Nordlys nyleg spørsmålet om ikkje statlege forvaltningsorgan bør vere representert i nord. Det er ein diskusjon som me må ta.

Så vil eg gjerne seie litt om spørsmålet om å opne Nordland 6 og 7 og Troms 2 for oljeboring. Det kjem til å bli eit av de viktigaste og mest krevjande  politiske spørsmåla det komande året. Eg er oppteken av at me ha ein open og god debatt. Alle interessentar og grupper skal få sleppe til.

Det handlar om å nytte  dei ressursane som finst i Nordland på ein best muleg måte. Det handlar om å ta vare på og skape arbeidsplassar. Og det handlar om å verne om kultur, natur og miljø

Eg har respekt for at det finst ulike syn på om - og eventuelt når - ein meiner eventuelle petroleumsressursar i området skal hentas opp.

Senterpartiet sitt syn er vel kjent. Eg skal ikkje bruke mykje tid på det her. Vårt landsmøte har sagt nei til oljeboring i Lofoten og Vesterålen. Eit syn basert på klare råd frå landet sitt tyngste forskingsmiljø på det marine miljøet. Me går imot å opne for utvinning av olje og gass her fordi det er midt i det ressursrike matfatet vårt.

Her finn me særs viktige gyte- og vekstområde for fisk. Me meiner at me skal ta forskarane sitt råd på alvor. Det er riktig å fylgje føre-vàr-prinsippet. Fisken skal ha forkøyrsrett.

Fiskerinæringa er viktigare enn nokon gong i ein situasjon der 1 milliard menneske svelt kvar dag, og me har ei internasjonal matvarekrise. Me kan ikkje sette desse ressursane på spel.

Men me har ikkje gått inn for eit varig vern av Lofoten og Vesterålen. Me er teknologioptimistar og vil ikkje sjå vekk frå at me ein gong  - om teknologi og kunnskap gjer det trygt nok - kan gå inn for å opne desse havområda. Det vil i så fall vere opp til landsmøtet i Senterpartiet. Men der er me ikkje no.

Difor har eg óg sagt at det med Senterpartiet sitt standpunkt ikkje er naturleg å starte ein opningsprosess med ei konsekvensutgreiing no. I Soria Moria 2 står det at ei avgjerd om ei eventuell konsekvensutgreiing skal takast i samband med revideringa av forvaltningsplanen. Oljen ligg trygt der den ligg - og me har tid og råd til å vente.

Lokalsamfunnsutvikling i kommunane (LUK)
Sidan me er i fylkeshovudstaden Bodø, i eit langstrakt fylke med mange sterke regionar, la meg seie nokre ord om fylkeskommunen si rolle framover.

1. januar fikk me på plass forvaltingsreforma. Fylkeskommunane vert styrka som samordnar, aktiv rådgjevar og støttespelar overfor kommunar med utviklingsbehov.

Fylka har gjennom at dei overtok store deler av vegnettet fått større musklar. Mellom anna vert det no like stor aktivitet på samferdsel i fylke som i staten. I Nordland satsar ein no meir på veg. Frå om lag 150 mill kr i fjor til over ein halv mrd kr i år.

Fylka er styrka i rolla som regional utviklingsaktør.

I distrikts- og regionalpolitikken legg me sjølvsagt til rette for næringsutvikling både gjennom Innovasjon Noreg og SIVA. Størst innsats går likevel gjennom fylkeskommunane. Eit konkrete tiltak me no lanserer er satsinga Lokal samfunnsutvikling i kommunane (LUK). Målet er å styrke kommunar si evne til å planleggje, mobilisere, samarbeide og gjennomføre utviklingsprosjekt.

Fylkeskommunane skal gi betre støtte og råd til kommunar med utviklingsbehov. Eg forventar difor betre samarbeid mellom fylkeskommunar og kommunar og mellom kommunar.

Det er naudsynt med dialog og med skreddarsaum i kvart fylke. Arbeidet må bygge sjåast i samanheng med andre prosjekt, aktørar og initiativ. Til dømes Distriktssenteret, som sit på viktig kompetanse etter eit års virke.

Eg starta med ein kaffibrennar. La meg avslutta med ein båtentusiast. Vi ser Øystein Andreassen i Alstahaug kystlag er ein av mange eldsjeler som tek vare på kystkulturen. Ein aktivitet som har vist seg å vere verdfull for mange mindre plasser i deira jakt på attraksjonar. Ei jakt som må halde fram kvar dag.

Lukke til med ein spanande konferanse. La dykk inspirere og dyrk det attraktive!

Og gløym ikkje at det til sjuande og sist er me som bur i distrikta som gjer dei attraktive.