Historisk arkiv

Reell vekst, ikkje luftspegling

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget til Vest-Telemark Blad 25.05.2010

- Dei samla inntektene til kommunesektoren vil neste år vekse med mellom fire og fem milliardar kroner. Dei frie inntektene vil vekse med mellom 2,5 og tre milliardar kroner. Dette er realitetar, ikkje noko luftspegling.

Stortingsrepresentant Geir Jørgen Bekkevold (KrF) tek feil når han hevdar at det ikkje er rom for vekst i kommuneøkonomien neste år.

Dei samla inntektene til kommunesektoren vil neste år vekse med mellom fire og fem milliardar kroner. Dei frie inntektene vil vekse med mellom 2,5 og tre milliardar kroner. Dette er realitetar, ikkje noko luftspegling.

Regjeringa meiner det vil gje rom for eit styrkt tenestetilbod også neste år. Etter nokre tøffe år under Bondevik-regjeringa, der Kristelig Folkeparti satt sentralt, har det i perioden 2005-2009 vore ei auke i årsverk i kommunal sektor på 35-40 000. Veksten vil truleg halde fram også i 2010 og 2011.

Kva gjeld barnevernet, er regjeringa oppteken av å styrkje både kapasitet og kvalitet. I statsbudsjettet for i år er det lagt opp til ein auke på 400 årsverk i det kommunale barnevernet. Regjeringa fylgjer utviklinga nøye, og kjem attende til barnevernet i statsbudsjettet for neste år.