Historisk arkiv

Samspel med byggjenæringa

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei halde på Byggjekostnadsprogrammets avslutning 04.02.2010.

Kjære alle dykk som på ulikt vis har vore med på Byggjekostnadsprogrammet. Det har vore eit spennande løft, eit møte mellom styremaktene og byggjenæringa for å fremje ny kunnskap og haldningar i næringa.

Særs hyggeleg for meg å få vere med å markere den formelle avslutninga av programmet, sjølv om eg personleg berre så vidt har fått høve til å bli kjent med dykk.

Eg rakk berre eit kort møte med den andre eigaren, BAE-rådet og leiinga av programmet like før jul – eit møte som dessverre kolliderte med finansdebatten i Stortinget.

Mine inntrykk av samarbeidet og resultat frå programmet, er såleis hovudsakleg basert på tilbakemeldingar frå min forgjengar Magnhild Meltveit Kleppa, som næringa openbart fekk eit nært og godt forhold til. Eg har sjølvsagt også fått viktige innspel frå statssekretær Dag-Henrik Sandbakken. I den korte tida eg har vore Kommunal- og regionalminister har eg likevel registrert eit stort engasjement frå næringa og tydelege forventningar til meg på bustad- og byggområdet.

Men i dag er Byggjekostnadsprogrammet tema.

Bakgrunn – Etablering – Innhald i programmet
Initiativet til programmet vart tatt i ei tid med høg byggjeaktivitet. Det var eit godt initiativ frå dåverande statsråd Erna Solberg.
I fylgje Bustadmeldinga, som KRD la fram i 2003, var næringa då kjenneteikna av

  • låg produktivitetsutvikling
  • aukande byggjekostnader
  • aukande bustadprisar
  • mange byggfeil og byggskadar.

Programmet blei formelt etablert i 2005 av KRD og BAE-rådet, som eigarar av programmet. Staten har bidrege med 16 millionar kroner til programmet over statsbudsjettet i fem år, 2005 – 2009.

Hovudintensjonen med programmet er å leggje til rette for:

  • Ei meir konkurransedyktig norsk byggjenæring
  • Eit styrkt samarbeid mellom det offentlege og byggjenæringa
  • Ein meir velfungerande bustadmarknad.

Marknaden og rammeføresetnadane for næringa har endra seg vesentleg sidan starten. Då gjekk næringa så det suste. Men gode tider kan lett bli sovepute for forbetringstiltak. Det var lett å skulde på kvarandre når noko gjekk galt. Byggjeprosessane bar preg av stafett med dårlege vekslingar. Omfanget av byggfeil var større enn både næringa og styremaktene ville kjenne seg ved.

For departementet har det heilt sidan starten vore viktig å framheve at Byggjekostnadsprogrammet er for alle. Programmet skal levere gode forslag til endringar av prosessar og haldningar i næringa.

Avgjerande for departementet har vore at resultata frå prosjekta blir formidla på ein god måte og at dei blir gjort tilgjengelege for næringa. Resultata skal kome sluttbrukaren – altså kunden til gode.  

Det er departementet si klåre oppfatning at me har lukkast med å få fatt i inspirerande leiarar for programmet i styreleiar Petter Eiken og programleiar Egil Skavang. Dei har ikkje berre vore inspirerande for eit handplukka og engasjert styre, men og for departementet si deltaking i programarbeidet. Saman står desse fram som føregangsmenn og –kvinner som ynskjer å løfte ei fragmentert næring. Dei vil bidra til varige endringar av haldningar, teknologi og samarbeidsprosessar.

Med tanke på forankring og iverksetting, har programmet kanskje vore heldige som har kome i nærkontakt med heile fire statsrådar i perioden. Dermed har fleire i den politiske verda fått innsyn i ei viktig næring.

De - og departementet - har kome trygt gjennom dei årlege budsjettprosessane med fornya tillit. Det skuldast mellom anna engasjement, haldningar i programmet og prioriteringane som er gjort av innsatsområde og enkeltprosjekt.

Sjølv om det på politisk nivå berre har vore to møte i året, har kontakten på administrativt nivå vore nær og tett. Erfaringar og resultat frå prosjekt i programmet har såleis kontinuerleg gitt innspel til regelverkutvikling eller innretting av andre verkemiddel som departementet rår over.

Eg har sett gjennom katalogen med alle de 40 prosjekta som vert gjennomført i programmet. Det er imponerande å sjå breidda i prosjektporteføljen. Frå meir tekniske prosjekt, til store samarbeidsprosjekt med ambisjonar om å endre både teknologi og kulturar på tvers av fag.

Det kan virke urettferdig å trekke fram einskildprosjekt ved dette høvet, men nokre har eg likevel festa meg ved:

  • Bustadseksjon på forbrukarportalen (Forbrukarrådet sin nettportal). Opna av Åslaug Haga. Gjev rettleiing ved bygging og kjøp og sal av bustad. Eit nyttig verktøy for ”folk flest”. Standard Norges forbrukarkontraktar for arbeid på bustader og fritidsbustader ligg no gratis tilgjengelege på nett her og på Husbanken si heimeside.
  • Kunnskapsringen eller Kvinnenettverket – mentorordning for kvinnelege leiarar i næringa. Dette har vore kjempepopulært og vellukka. Har og fått stor merksemd i media, mellom anna fordi styreleiar Petter Eiken har flagga ambisjonen for å få bukt med gubbeveldet i næringa.
  • Befri og Bevare (døme på humor) – ei sjølverkjenning av at vegen til riktig utført bygg er brulagd med nokre kulturar som skal takast vare på og andre som me skal fri oss frå.
  • Lean Construction handlar om å redusere sløsing og auke verdiskapinga. Det skal skje gjennom god planlegging og betre relasjonar. Tid og kvalitet går tapt i stafettvekslingane mellom aktørane. Fleire pilotprosjekt kan alt melde om gevinst  – fokus på forpliktande levering og deling av kunnskap
  • Prosjekta ”Vegen til riktig utført bygg” ein nasjonal database for byggfeil , ”Byggsertifisering” og ”Opplæring av Byggsakkunnige” har gitt nyttige bidrag til departementets og BEs arbeid med nye byggeforskrifter og tiltak for å få på plass mange nok kvalifiserte, uavhengige kontrollørar
  • Verktøy for feilregistrering er i drift. Det tar fatt i den tekniske registreringa og haldningar, ved å lære av feil og årsaker til feil. Data skal kunne leverast til den nasjonale databasen for byggfeil.
  • Byggkompetanse - med opplegg og forslag om etablering av eit permanent, systematisk tilbod i skulesystemet om etter- og vidareutdanning for handverkarar i byggebedrifter. Er presentert for Kunnskapsdepartementet. Fokus på livslang læring

Etter det eg forstår, må det vere erfaringar frå desse og alle dei andre prosjekta Lene, Leo og Egil har hatt i ryggsekken (eller på ein minnepenn på innerlomma) når dei ”Nyttig – Stolt – Lønsame” har reist landet rundt og etablert læringsklynger og ”Treningsleirar” for innlæring av ny kunnskap og haldningar.

Det er godt å høyre at programleiinga erfarer at dei har fått fatt i kompetansemiljø både i store og små verksemder. Den store oppslutninga er ein god indikasjon på at programmet er kjent og at næringa er nyfiken på resultata. Dette lovar godt for ambisjonen om varig læring.

Departementet har nyleg gitt AGENDA i oppdrag å sluttevaluere programmet. Den skal liggje føre til 1. mai, om lag samstundes med at Programstyret sjølv vil foreta si oppsummering av sitt 5-årige arbeid.

Me har håp om at evalueringa skal vere nyttig og mellom anna gje svar på om prosjekta har levert kunnskap som næringa etterspør, kunnskap som næringa kan ta i bruk og sjølvsagt om programmet har evna å spreie kunnskapen i ei fragmentert næring.

Departementet har og von om at evalueringa vil kunne gje innspel  til departementet si vurdering av korleis samarbeidet med næringa om FOU og innovasjon kan førast vidare.

FOU-senter
Eg rakk så vidt å motta programstyret sitt forslag til eit felles løft for FoU og innovasjon i BAE-sektoren i siste kontaktmøte før jul, før eg altså måtte springe for å ta del i finansdebatten i Stortinget.

Det er eit spenstig, og slik eg ser det, todelt forslag programmet har levert. Dei to delane kan i nokon grad vurderast og følgjast opp uavhengig av kvarandre:

 1) Sjølve etableringa av oppgåver i ein samordningsorganisasjon, eit nav.
 2) Volumet på ei FOU-satsing  over statsbudsjettet (100 mill kr. årleg over statsbudsjettet i perioden 2011-2014).

Forslaget er ambisiøst, og det reiser mange spørsmål, økonomiske, organisatoriske og forskingspolitiske.
 
Regjeringa er no i full gang med statsbudsjettet for 2011. Signala frå både finansministeren og statsministeren er klåre, forventningane må dempast og me må bruke mindre pengar i 2011 enn i år.

Budsjettkuttøvingar finn stad i alle departement – også i KRD. Vi må alle vere meir disiplinerte og prioritere tøffere. Nye pengar sit langt inne.

Framlegget frå programmet er eit direkte innspel i budsjettdebatten. Eg ber om forståing for at eg difor ikkje kan gje ei nærare vurdering her i dag. Men departementet vil høyre kva næringa og forskingsmiljø elles meiner og rådspørje BE om vidare samarbeid om FOU og innovasjon for å nå måla for bygningspolitikken.

Eg har tidlegare gitt klårt uttrykk for at eg ynskjer ein nær og god dialog med byggjenæringa. Det står eg sjølvsagt ved. Som samferdsleminister hadde eg eit godt forhold til anleggsnæringa. Eg håper på eit tilsvarande forhold til byggjenærina. Ein slik dialog kan finne stad på mange arenaer og i mange samanhengar.

Stortingsmelding om bygningspolitikken
I tillegg til kva som kjem etter Byggekostnadsprogrammet, har næringa vore oppteken av å få ei eiga stortingsmelding.

Næringa har nesten fysisk hengt på både næringsministeren og kommunal- og regionalministeren med sine ynskjer. Me i KRD har vore klåre på at ei eiga melding om byggjenæringa ligg utanfor departementet sitt ansvarsområde. Men i departementet, BE og Husbanken har det samstundes -  særleg med bakgrunn i dei store klimautfordringane - vekse fram ein trong for å ei brei drøfting av bygningspolitikken.

Eg er difor glad for å kunngjere at regjeringa nyleg ga klarsignal om å starte arbeidet med ei melding til Stortinget om ein framtidsretta bygningspolitikk. Tilhøvet til, samarbeidet med og rammevilkåra for byggje- og anleggsverksemda vil sjølvsagt vere sentrale tema i ei slik melding.

Bustader, bygg og bygde omgjevnader gjev fysiske rammer for kvardags- og arbeidslivet vårt. Dei står for store samfunnsverdiar, og er ein viktig del av kulturarven vår. Kvart år vert det investert ca 150 milliardar kroner i nybygg og eksisterande bygningar. Bygg, - anlegg – og eigedomsnæringa er ein av landets største og viktigaste næringar, både rekna i verksemder, verdiskaping og omsetnad.

Næringa er viktig for sysselsetting og næringsutvikling i heile landet. Det er viktig for meg som kommunal- og regionalminister.

Det har tidlegare ikkje vore skrive ei eiga stortingsmelding om bygningspolitikken. Stortinget er hovudsakleg berre invitert til å meine noko om bygningspolitikken i samband med endringar i plan – og bygningslova. Eg meiner difor det no er på plass med ein gjennomgang av verkemiddel, tiltak og erfaringar innanfor bygningspolitikken. Føremålet er å vurdere korleis me kan nå dei politiske måla for politikken.

Hovudansvaret for bygningspolitikken ligg i Kommunal - og regionaldepartementet, men ei rekkje andre departement med underliggjande etatar har eit medansvar og disponerer verkemiddel som påverkar politikken. Statlege styremakter har ansvar for at bygningspolitikken overfor byggje- og eigedomsnæringa, kommunar og privatpersonar blir effektiv og heilskapleg.

Det er dei siste åra tatt mange initiativ som legg føringar for utviklinga av bygningspolitikken. Staten har lagt fram handlingsplanar, utval har kome med tilrådingar, forskings – og utgreiingsoppdrag er sett i gang, samarbeidsgrupper mellom offentleg og privat sektor er nedsett. Det er mykje kunnskap. Men kunnskapen er for fragmentert og vanskeleg tilgjengeleg.

Eg rekk ikkje å gå innom alle tema som må med i ei slik melding, men nokre stikkord er:

  • Tilhøvet til byggjenæringa som ”gjennomførar” av bygningspolitikken
  • Oppfølging av Byggjekostnadsprogrammet og andre samarbeidsprogram som Byggemiljø, Lavenergiprogrammet og arbeidet i den nye arbeidsgruppa for auka energieffektivitet i nye og eksisterande bygg
  • Kompetansebygging og formidling i ei næring med hovudsakleg små verksemder
  • Produktivitetsutviklinga
  • Byggfeil
  • Kompetansen til å møte krava knytt til klima, energi og universell utforming.

Andre viktige område som må drøftast:

  • Effektive og brukarvennlege byggjeprosessar
  • Berekraftig kvalitet i bustader og bygg, Det offentlege som førebilete, der kvalitets – og miljøkrav til statleg nybygging og forvalting vert drøfta
  • Internasjonalisering.

Regjeringa sitt ønskje er at ei slik melding kan leggjast fram for Stortinget hausten 2011. Det blir soleis ikkje mange kvileskjer for folka i bustad- og bygningsavdelinga. Dei er no i innspurten på forskriftsarbeidet med sikte på at dei nye reglane skal kunne gjelde frå 1. juli, som lova av Magnhild. 

Klima miljø – Arbeidsgruppe for auka energieffektivitet
Før eg avsluttar må eg attende til hovudutfordringa for bygningspolitikken, nemleg klimautfordringa og energieffektivitet. Korleis skal me byggje og halde husa våre vedlike slik at me treng mindre energi?

Potensialet er stort. Energibruken i bygg kan halverast innan 2040, og det er eit særs viktig klimatiltak. Ved å redusere energibruken i bygg kan rein energi frå vasskraft erstatte forureinande energikjelder andre stader.

Eg har sagt dette tidlegare, men gjentek det. Næringa må vere budd på stadig strengare krav til energibruken i bygg. Me treng hjelp frå næringa og den einskilde byggjeverksemd for å nå dei ambisiøse måla om energieffektivisering i eksisterande bygg og for at nye bygg skal ha særleg lågt energibehov.

Like før jul oppnemnde eg ei arbeidsgruppe for auka energieffektivitet i nye og eksisterande bygg. Gruppa skal gje innspel til ein handlingsplan for energieffektive bygg, som regjeringa skal leggje fram på eit seinare tidspunkt. Gruppa skal føreslå ein tidsplan for opptrapping av energikrava for nye bygg slik at passivhus-standard blir ein realitet innan 2020. Ho skal kome med framlegg til korleis me kan redusere energibruken i eksisterande bygg og skissere korleis bustad- og byggjesektoren kan bidra til eit karbonnøytralt samfunn.

Utgangspunkt er regjeringa sin politikk for auka omlegging til fornybare energikjelder. Særleg målet om meir bruk av vassboren varme basert på fornybar energi og mindre bruk av elektrisitet og olje til oppvarming. Gruppa skal vere ferdig innan 1. juli 2010.

Eg har bede Eli Arnstad om å leie gruppa. Gruppa er elles sett saman av sentrale personar i byggjenæringa, folk med praktisk byggjeerfaring og representantar frå universitets- og forskingsmiljø, miljøorganisasjonar og offentlege etatar. Eg har stor tru på at gruppa vil gi nyttige innspel til det vidare samarbeidet om meir energieffektive bygg.

Lavenergiprogrammet, som byggjenæringa tok initiativ til og som fleire departement er engasjert i, er og representert i gruppa. Det sikrar ei fornuftig kopling mellom dei ulike miljø og ulike tiltaka som no er i gong på energiområdet.

Programmet har valt å satse på to område. Det eine er kompetanseheving i heile byggjenæringa. Målet er at norsk byggjenæring blir leiande i Europa til å byggje energi- og miljøvennlege bygg. Det andre satsingsområdet, er førebileteprosjekt.

Avslutning
De skal ha bygging og utvikling av kunnskap om bygging som næringsveg i lang tid framover – håpar eg. Kvalitet og nøgde kundar i dag, det gjev nye oppdrag i morgon.
Måla for regjering sin bygningspolitikk fell godt saman med ein slik forretningsstrategi.

Vi vil ha færre byggfeil, fleire miljøvennlege og universelt utforma bustader. Den arkitektoniske utforming skal vere gode. Slik blir brukarane og samfunnet nøgde.

Gjennom Byggekostnadsprogrammet har både politisk nivå og administrativt nivå fått godt innsyn i dei utfordringane næringa har. Me har eit felles ansvar for å utvikle og fremje kunnskap om nye løysingar. Styremaktene legg rammene, men næringa skal gjennomføre, de sit i førarsetet og skal ta kunnskapen i bruk.

Så er det vel slik at me ikkje alltid er samde om alt. Men me snakkar i det minste godt saman. Departementet og regjeringa lyttar til tilrådingar frå programmet og næringa. Det er kvalifisert kunnskap. Me forventar at de lyttar til oss.

Mi oppleving av programmet er at det har samla menn og kvinner med sterkt engasjement, med klare meiningar og med stoltheit for faget.
Men ikkje meir stolte enn at de veit at faget berre kan virke i samarbeid med andre.  

Om programperioden no offisielt er over, så vil programleiinga halde fram ei stund til med praktisk avslutningsarbeid. 

Eg er opptatt av å nå måla for regjeringa sin bustad- og bygningspolitikk. Då treng me ei nytenkjande og framtidsretta byggjenæring. Hjarteleg takk til programmet for entusiastisk og inspirerande samarbeid gjennom 5 år.

Takk for merksemda!