Historisk arkiv

Straffar ikkje kommunar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegg til Sunnmørsposten 21.05.2010

- Meiner Sunnmørsposten og andre som no kritiserer endringane at me ikkje skal tilpassa inntektssystemet til utviklinga i samfunnet?

Sunnmørsposten misforstår når avisa i ein leiar 15. mai hevdar at regjeringa i forslaget til nytt inntektssystem straffar kommunar med høge skatteinntekter og god drift.

Regjeringa omfordeler skatteinntekter fordi det er store inntektsskilnader mellom kommunar på grunn av desse inntektene. Dei varierer mellom 60 og 260 prosent av landsgjennomsnittet.

Heile 388 kommunar tener på omlegginga. Dermed blir dei betre i stand til å gje eit tilbod til innbyggjarane som er likeverdig med det me finn andre stader i landet.

Eg trur ikkje dette er ei omfordeling som får kommunane til å satse mindre på å leggje til rette for nye arbeidsplassar og god utvikling av lokalsamfunnet. Tvert om så satsar denne regjeringa mykje på å stimulere til slik utvikling.

La meg også klargjere nokre misforståingar om det nye inntektssystemet. På bakgrunn av faglege utreiingar, mellom anna frå eit utval sett ned av dåverande kommunalminister og Høgre-leiar Erna Solberg, gjer me framlegg om å endre den objektive delen av systemet.

Utforminga av desse kriteria var gått ut på dato. Busettingsmønster, utfordringar knytt til levekår, samansetninga av befolkninga og tenestebehov har endra seg mykje sidan første halvdel av 90-tallet. Kostnadene knytt til å drive ein kommune er med andre ord annleis i dag.

Meiner Sunnmørsposten og andre som no kritiserer endringane at me ikkje skal tilpassa inntektssystemet til utviklinga i samfunnet?

Ein av dei største skilnadene på dei nye og dei gamle kostnadsnøklane, er at me no tek meir omsyn til sosiale tilhøve og levekår. Det er eg stolt av.

Dei faglige endringane me foreslår, slår ulikt ut, også innanfor dei einskilde kommunegruppene.

Desse endringane utgjer totalt to milliardar kroner. Dei samla inntektene i kommunesektoren er vel 330 milliardar kroner.

Endringane i dei objektive kriteria gjev grunnlag for å justere den politiske delen av inntektssystemet. Tilskotet til kommunar i Nord-Noreg og Namdalen og småkommunetilskotet er til dømes redusert.
 
Nokre kommunar taper sjølvsagt på endringane. Desse blir kompensert for om lag 60 prosent av det dei taper ut over 100 kroner pr innbyggjar. Me sett av 400 millionar kroner av inntektsveksten i kommunane til kompensasjon.

Denne regjeringa har styrkja alle kommunane gjennom sterk vekst i dei økonomiske rammene. Slik sikrar me også vekst for kommunane neste år.