Historisk arkiv

Ta heile landet i bruk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt til LO-aktuelt 08.04.2010.

I Kommunal- og regionaldepartementet driv me på med ei uvanleg øving. Me måler breidda på politikken.

Det mest kjende dømet er den smale distriktspolitikken og den breie regionalpolitikken. Omgrepa har lang tradisjon, og er eit resultat av at i politisk arbeid har me ulike verkemiddel innanfor ulike område.

For meg, som også har ansvar for å sikre at distrikt og regionar blir teke omsyn til i all politikkutforming i regjeringa, er oppgåva å få til eit samspel mellom større grep og meir spissa tiltak.

Dei store grepa kan til dømes vere innretninga på landbrukspolitikk og kommuneøkonomi, infrastrukturutbygging og tilbod om helse og utdanning i heile landet. Alle er viktige for utviklinga i mindre lokalsamfunn og regionar.

Dei meir spissa tiltaka kan vere å sikre variert arbeidsgjevaravgift, satsing på fibernett i område med små marknader, støtte til bedrifter og program for å utvikle bulyst og betre tilhøva for grunderar i distrikta.

Sprei kompetansen
Det er inga tvil om at det innanfor distrikts- og regionalpolitikken er krevjande å balansere strukturgrep og målretta tiltak.

Eg meiner me er på rett veg med to ferske initiativ. Regjeringa har sett ned eit utval som skal sjå på korleis me kan få til ei betre fordeling av kompetansearbeidsplassar rundt om i landet. Slike arbeidsplassar er i ferd med å hope seg opp i og rundt Oslo.
Gjer me ikkje noko, vil veksten i arbeidsplassane kome i byregionar med store arbeidsmarknader og utdanningsinstitusjonar.

Mange har lyst til å etablere seg utanfor pressområda, dersom dei finn interessant arbeid. Då er det avgjerande at det er attraktive lokalsamfunn og kompetansearbeidsplassar rundt om i landet.

Difor har departementet lansert eit eige program for lokalsamfunnsutvikling i kommunane (LUK). Kommunane skal bli betre til å planleggje og sette i verk utviklingstiltak og bli sterkare samfunnsutviklare.

Vekst i folketalet
Eg trur dette er tiltak som treff trekk i tida. Me ser ei lengt etter å kome seg vekk frå byane. Til dømes gjennom fjernsynsseriar som Bygdeliv. Ein serie som ikkje er ei idyllisering av livet på bygda, men som skal finne ut korleis kvardagen er.

Eg noterer meg også at talet på distriktskommunar med vekst i folketalet er no på høgaste sidan byrjinga av 1980-talet. Det er fyrste gong i perioden 1998–2009 at dei spreiddbygde strøka av landet samla har hatt folkeauke.

Så vil nokon peike på at utviklinga i folketalet, trass i positive tendensar mange stader, går i sentraliserande retning. Det er nok rett, men me har altså ein straum som går begge vegar. Det tyder at folk også flyttar til kommunar og regionar med små senter og spreidd busetnad, ikkje berre frå.

I den rørsla ligg mulegheitene, og ei stadfesting av at me treng både ein smal og ein brei politikk for å ta heile landet i bruk.


Innlegget blei sendt til LO-aktuelt 08.04.2010
.