Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Svar til kommentar i Dagbladet 16. desember:

Har ein bustadpolitikk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Det er bra at Dagbladet rettar merksemda mot bustadpolitikken, slik kommentator Stein Aabø gjer 16.12. Men han gjer det for enkelt når han skriv at Noreg manglar ein bustadpolitikk, skriv kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Det er bra at Dagbladet rettar merksemda mot bustadpolitikken, slik kommentator Stein Aabø gjer 16.12. Men han gjer det for enkelt når han skriv at Noreg manglar ein bustadpolitikk.
 
Me har ein tydeleg bustadpolitikk. Politikken er i all hovudsak vellukka, også samanlikna med andre land. Men sjølvsagt både kan og skal me gjere meir.
 
Innspel frå to hald
Som bustadminister har eg dei siste månadene fått innspel frå to ulike hald.  Ei side, der utbyggjarane er, vil ha lågare krav til kvalitet. Dei meiner at husvære som også kan brukast av menneske som er rørslehemma blir for dyre.
 
Frå det andre haldet er kravet meir offentleg styring og meir subsidiering. Dette er noko nostalgisk. Statleg styring anno 60-og 70-talet skal inspirere oss til å løyse utfordringar i eit nytt århundre.
 
Begge sider ser ut til å gløyme at bustadpolitikken i det store fungerer. Dei fleste i Noreg bur godt i eigen bustad. Å eige er i det lange løp betre enn å leige. Heilt sidan 50-talet har det vore brei politisk semje om det i norsk politikk.  Det er også difor me har den høgaste delen sjølveigarar i Europa. Men sjølvsagt må samfunnet skaffe fleire utleigebustader. Offentlege verksemder og marknaden må spele saman.
 
Målretta innsats
Eg vil minne Aabø og andre om at samfunnet allereie brukar milliardar av kroner på mellom anna bustøtte, startlån, rentekompensasjon og bustadtilskot. Det gjer me gjennom Husbanken.
Banken har også nært samarbeid med ein rekkje kommunar om bustadsosialt arbeid. Men fleire kommunar må ta dette arbeidet alvorleg.
 
Som bustad- og bygningsminister vil eg setje fleire vanskelegstilte i stand til å eige bustaden, halde fram med å gjere byggjereglar enklare og byråkratiet mindre - utan at det undergrev kvaliteten.
Eg vil utvikle dei bustadpolitiske reiskapane og leggje vekt på at det blir bygd bustader som gjer det muleg å bu heime også for dei som er sjuke, skrøpelege eller gamle.

Nye meldingar
Neste år skal regjeringa leggje fram både ei bygningsmelding og i bustadmelding. Der vil me presentere strategiar og tiltak for å nå desse og andre mål.

Eg sjølvsagt også oppteken av at det blir bygd nok bustader. Men staten skal ikkje styre kor mange som skal byggjast. Eg er glad for bygginga har skote fart. I Oslo ser bygginga ut til å tredoble seg i år samanlikna med 2010. Så må me arbeide for å sikre god regional balanse i landet. Presset må ikkje bli for stort i einskilde byar og bynære område.
 
Bustad- og bygningspolitikken femnar breitt. Me sikrar grunnleggjande velferd og deltaking i samfunnet gjennom ein trygg bustad. Me vil finne viktige løysingar på klima- og miljøutfordringane gjennom krav til nye bygg.

Til toppen