Historisk arkiv

Må tore å styre staten

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt til media 20.12.2010.

- Me treng ein kompetent Osloregion som hevdar seg internasjonalt, og som spelar saman med resten av landet. I ei tid der teknologiske løysingar og digital kommunikasjon har redusert avstandar og mangedobla mulegheitene for nye arbeidsmåtar, bør det vere realistisk, skriv kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete i dette innlegget.

Skal me utvikle heile landet, må statlege verksemder tenkje utover eigen sektor når dei oppretter nye arbeidsplassar.

Når Noreg har ein distrikts- og regionalpolitikk som andre land ser med interesse på, er det fordi me har vågd å ta politiske val. Me har ein samfunnskontrakt som byggjer på at heile landet er like verdfullt.

Velferd uavhengig av bustad
Det skal vere muleg å busetje seg der ein sjølv vil. Då er god tilgang til velferdstenester, utdanning og infrastruktur i det enkelte lokalsamfunn viktig. Det er ein garanti om at det ikkje er kvar du bur som avgjer kva du kan få frå samfunnet.

Den sentraliserte voksteren i statlige verksemder og arbeidsplassar uroar meg. Frå mars 2005 til mars 2009 kom det 2 448 nye statlege tenestemenn i Oslo. I tillegg kjem statlige føretak og statlige aksjeselskap.

Dette er nesten ein firedel av dei 10 102 nye statlege tenestemennene som kom i perioden. Nesten 7000 av desse kompetansearbeidsplassane kom i ein av storbyregionane.

Nytte ressursane
Ei slik utvikling bidreg ikkje til regional balanse i Noreg. Utan likevekt mellom landsdelane, får me ikkje nytta dei ressursane nasjonen rår over på ein god måte.

Det er jo forvalting, foredling og utvikling som driv oss framover. Samspelet mellom kreative hovud, innsatsvilje og unike naturressursar er no, som tidlegare, avgjerande for verdiskaping og nye arbeidsplassar.

Tilbod om arbeidsplassar
Me treng ei god blanding av offentlege og private arbeidsplassar over heile landet. Både unge i etableringsfasen og meir vaksne på leit etter nye mulegheiter leiter etter kombinasjonen av statlege arbeidsplassar og privat verksemd.

Me ser sentraliseringstendensar innan skatteetaten, arbeids- og velferdsforvaltinga (NAV) og politi- og lensmannsetaten. Lengst er det kome i spesialisthelsesektoren og sjukehusa. Dei er gjennom helseføretakslova langt på veg kopla frå politisk styring.

Meir enn ein sektor
Einsidige faglege og økonomiske argument kan ikkje styre alle avgjerder. Helseføretak, direktorat og etatar må sjå kva konsekvensar endringar kan få for tenestetilbod og arbeidstilbod lokalt og regionalt.

Det som lønner seg for ein sektor, kan vere eit tapsprosjekt for samfunnet. Det er ikkje einsidig opphoping av arbeidsplassar og menneske rundt Oslofjorden som er vegen å gå for å utvikle Noreg. Det forsterkar berre presstendensar i allereie utsette område.

Me treng ein kompetent Osloregion som hevdar seg internasjonalt, og som spelar saman med resten av landet.

I ei tid der teknologiske løysingar og digital kommunikasjon har redusert avstandar og mangedobla mulegheitene for nye arbeidsmåtar, bør det vere realistisk.

Difor har eg sett ned eit utval som skal kome med konkrete forslag til regjeringa om korleis kompetansearbeidsplassar kan spreiast betre i heile landet.

Gjennom ein heilskapeleg politikk, der sektorinteressene blir knytt til samfunnsutviklinga, vil regjeringa leggje til rette at også komande generasjonar fritt kan velje kvar dei vil realisere sin livsprosjekt.