Historisk arkiv

Kronikken blei sendt til media 10.05.2011.

Målretta bustadpolitikk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

- Eg har i den seinare tid høyrt aktørar i bustadsektoren etterlyse eit større offentleg ansvar i bustadpolitikken. Aktørane kan vere trygge på at regjeringa er oppteken av å føre ein aktiv og brei bustadpolitikk, skriv kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete i denne kronikken.

Bustadbygginga er på god veg oppover. Fleire unge enn nokon gong får startlån, takka vere satsing på Husbanken og aktive kommunar.

Tal frå Statistisk Sentralbyrå syner at det blei sett i gong 7558 bustader i fyrste kvartal, ein auke på 39 prosent samanlikna med dei fyrste kvartal i fjor. I Oslo syner dei tilsvarande tala meir enn ei syvdobling – frå 213 bustader i fyrste kvartal i fjor til 1514 bustader same periode i år! Det er gledeleg.

Eg har i den seinare tid høyrt aktørar i bustadsektoren etterlyse eit større offentleg ansvar i bustadpolitikken. Aktørane kan vere trygge på at regjeringa er oppteken av å føre ein aktiv og brei bustadpolitikk.

Samstundes ser regjeringa at bustadmarknaden er krevjande for utsette grupper, mellom anna for unge. Særleg gjeld det pressområde der bustadprisane ligg over landsgjennomsnittet.

Flest muleg skal eige
Flest muleg skal kunne eige sin eigen bustad. Regjeringa auka difor nyleg låneramma i Husbanken med heile fem milliardar kroner – til 20 milliardar kroner i 2011. Det er den høgaste låneramma nokon gong.

Innanfor låneramma har startlån første prioritet. Dette er vårt viktigaste verktøy for unge som skal inn på bustadmarknaden. Aldri før har kommunane vore så aktive med bruk av startlån. I 2010 lånte dei ut 5,4 milliardar kroner til om lag 9500 husstandar. Det er ein auke på 21 prosent frå 2009. Det vil seie at om lag åtte prosent av alle bustadkjøp blei finansiert med startlån, anten som toppfinansiering eller som total finansiering.

Me gler oss over den høge etterspurnaden. Samstundes er det viktig å sørgje for at husstandar ikkje får større lån enn det dei kan handtere.

Nye verkemiddel
Regjeringa har også vore oppteken å finne fram til andre verkemiddel for å gjere vegen inn på bustadmarknaden enklare. Leige til eige-ordninga er til dømes eit verktøy der vanskelegstilte blir busette i leigde bustader som dei seinare kan få kjøpe. Kommunen kan fylgje leigetakaren tettare og leigetakaren får tid til å bli gjort ansvarleg i si nye rolle.

Regjeringa er oppteken av dei som er leigetakarar. Departementet lanserer difor eit nytt standard garantidokument for husleigeforhold. Dokumentet kan brukast av kommunar for å oppfylle den betalingsplikta leigetakaren har etter ei husleigeavtale.

Den nye garantien er ein sjølvskuldnargaranti. Kommunen hefter saman med leigetakaren for kravet. Utleigaren treng ikkje søke dekning hos leigetakaren før han kan gå til garantisten. Slik blir også utleigaren i større grad sikra mot økonomiske tap.

Optimistiske prognosar
Prognosesenteret, som er åleine om å utarbeide prognosar for bustadbygging, reknar med ein kraftig vekst i bustadbygginga i dei komande år. I 2012 trur dei at me vil passere 30 000 nybygde bustader, og då er me nære førre toppnivå i 2007.

Sjølv om utsiktene er gode, er det ingen grunn til å senke ambisjonane på feltet. Me er uroa over den høge prisveksten på bustader i pressområda. Difor følgjer me utviklinga tett, både når det gjeld tilbod og etterspurnad i dei ulike marknadene og kg kva mulegheiter unge har til å etablere seg i eigen bustad.

Før sommaren får me tilrådingar frå det offentlege utvalet som ser på korleis regjeringa kan arbeide for å betre tilhøva for dei som slit på bustadmarknaden. Innstillinga vil bli fylgd opp av ei stortingsmelding neste år.

Me er også i gang med ei melding om bygningspolitikken. Her vil me mellom anna ta opp utfordringane knytt til å byggje bustader i framtida. Bustader tilpassa eit samfunn der fleire eldre vil ynskje å bu lenger heime og med eit energiforbruk som tar høgde for framtidige miljøkrav.