Historisk arkiv

Tale på Openheitstinget til Offentlegheitsutvalet

- Openheit sikrar tillit til lokaldemokratiet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Ved å ta eit tydeleg politisk ansvar sikrar politikarane meir openheit, meir innsyn og meir debatt, sa kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete på Openheitstinget.

Kjære Openheitsting!

Å møtast på Tinget var i historisk samanheng ein høgtideleg seremoni.
I norrøne tider var det på Tinget at folket utøvde både lovgjevande og dømmande makt.

Kjære pressefolk, dette Tinget har ikkje like mykje makt som dei historiske Tinga, men det har makt til å setje ting på dagsorden. Eg vil rose Presseforbundet og Offentligheitsutvalet for å arrangere konferansen.
Eg er glad for å bli invitert hit for å snakke om eit viktig tema, openheit og innsyn i kommunane.

Me har no høyrt «dommen» frå Offentlegutvalet over tilstanden for openheit i kommunane.
Eg vil kommentere indeksen til slutt.
Først nokre ord om det overordna temaet, openheit i kommunane.

Openheit gjev tillit
Me har nylig valt lokale representantar til kommunestyre- og fylkesting. Både nye og meir erfarne politikarar står klåre til å gå laus på ein periode som ombodskvinner og -menn for sine innbyggjarar. Dei har valt å stille seg til disposisjon, på partiprogram, men først og fremst for lokalsamfunnet.

Desse lokalpolitikarane er ansvarlege for komplekse og vitale organisasjonar. Kommunane leverer mange og viktige velferdstenester, dei sysselsett ein av fem sysselsette i Noreg og dei rår over store verdiar. Dei er også ein viktig aktør i utvikling av lokalsamfunnet.
Skal desse organisasjonane fungere, innanfor ramma av eit godt lokaldemokrati, må innbyggjarane ha tillit til dei.
Dei må vite at offentlege midlar blir brukt på best muleg måte og at vedtak blir gjort etter lova og på ein gjennomsiktig måte.

Slik tillit oppnår me mellom anna gjennom demokratisk kontroll og at me tek konsekvensen av at retten til innsyn i offentleg verksemd er eit grunnleggjande demokratisk prinsipp.

Ålmenta si rett til innsyn i kommunane er ein viktig kontrollmekanisme. Innsynsretten har to former: retten til å vere tilstades som tilhøyrar på møte i kommunale organ og retten til å få innsyn i kommunale dokument.

At kommunar skal vere opne er sjølvsagt for oss. Samstundes er eg er oppteken av at openheit ikkje blir redusert til eit honnørord.

Ta politisk ansvar
Korleis kan me hindre det?
Mellom anna ved å minne oss sjølv om at lite openheit betyr svekka tillit til lokaldemokratiet.
Eit av dei aller viktigaste tiltaka er at dei folkevalde sjølve sørgjer for at det som er politiske saker blir handsama i kommunestyret eller andre folkevalde organ.

Det er viktig at kommunestyret har eit medvite forhold til kva saker og avgjerder det delegerer til administrasjonen og andre organ. Ved å ta eit tydeleg politisk ansvar sikrar politikarane meir openheit, meir innsyn og meir debatt.
Dei må rett og slett opptre som det dei er, folkets tenarar.

Meir offentlegheit
I løpet av dei siste åra har Stortinget vedteke endringar i både reglane om møteoffentlegheit og dokumentoffentlegheit. Det har vore eit mål å leggje til rette for meir openheit i kommunal verksemd.

I Noreg sørgjer offentleglova for at me har ein rett til innsyn
i offentlege dokument som går vidare enn i mange andre land.
Det er også slik at det etter offentleglova er snevrare høve til å nekte innsyn i interne dokument i kommunar og fylkeskommunar, enn i anna offentleg verksemd (staten). 
Desse innsynsreglane er eit godt utgangspunkt for eit offentleg lokalt ordskifte før dei endelege vedtaka blir fatta.

Så er det er viktig at lova blir praktisert riktig.
Min forgjengar skreiv brev til alle kommunar då den nye offentleglova tredde i kraft. Ho oppmoda alle folkevalde og tilsette til å gjere seg kjende med og fylgje den nye lova.

Behov for meir kunnskap
Framleis er det behov for meir kunnskap om korleis den nye lova skal praktiserast, både i stat og kommune. Det viser dei mange tolkingsspørsmåla som oppstår.
Ei problemstilling som pressa har vore særleg oppteken av gjeld omfanget av verkeområdet for kommunale selskap.
Slik vil det alltid vere når ein tek i bruk ei ny lov. Difor er det viktig at me framleis brukar ressursar på opplæring.

I tillegg til det arbeidet Justisdepartementet og fylkesmennene gjer, vil eg framheve at også kommunane sjølv arbeider godt med opplæring.
Mellom anna er innsynsreglane eit tema i det opplæringsprogrammet som KS har for folkevalde.
Mange pressefolk er utålmodige og vil at alle kommunar skal ha elektronisk postjournal tilgjengeleg.
Offentlegheitsutvalet gjorde nyleg kjent at 26 av 430 kommunar enno ikkje har postjournal på sine nettstader.
Det er positivt at over 90 prosent av kommunane har elektronisk journal.
Det er heller ikkje noko rettslig plikt for kommunane på dette området.
Likevel sluttar eg meg til dei som ynskjer at kommunar bør ha elektronisk postjournal.
 
I staten er me på vei mot full innføring av Offentleg Elektronisk Postjournal (OEP). Ordninga bør vere ei leiestjerne også for kommunane. OEP-ordninga er, så langt eg veit, ganske unik internasjonalt.

Møteoffentlegheit
Som kommunalminister har eg ansvaret for kommunelova.
1. juli trådde nye reglar om møteoffentlegheit i kraft.

Hovudregelen er at møte i folkevalde organ skal vere opne.
Me må naturlegvis framleis ha unntak som fastslår at nokre møter skal vere lukka, teieplikt er den viktigaste årsaka. Men viss nokre kommunar har ein praksis med å lukke møte i utide, må det bli korrigert. Ein ulovleg lukkingspraksis vil fort skape mistanke om at noko er gale.

Møteoffentlegheitreglane krev no meir opne prosessar rundt lokalpolitiske saker. Det er ikkje lenger muleg å lukke møte når formannsskapet handsamar og gjer tilråding til årsbudsjettet.
Årsbudsjettet er den viktigaste saka i kommunen. Ålmenta skal ha innsyn i drøftingane om korleis politikarane ynskjer å disponere fellesskapet sine verdiar.

Reglane om møteoffentlegheit er no også i større grad samordna med reglane om dokumentoffentlegheit. Eg forventar at dei nye reglane om møteoffentlegheit, saman med offentleglova, gjer kommunane og fylkeskommunane meir opne for innbyggjarar og media.

Samstundes ser eg framover. Eg ynskjer openheit på fleire område enn i dag. Departementet mitt oppsummerer i desse dagar ei høyringsrunde der me mellom anna gjorde framlegg om at møte i kontrollutval og kommunale føretak som hovudregel skal vere opne.

Kommunale føretak er ein del av kommunen, og eg meiner det bør vere stor grad av openheit kring deira verksemd.
I tillegg ynskjer eg å likestille kontrollutvalet med andre folkevalde organ. Eg føreslår difor at møta deira som hovudregel skal vere opne.
I dag vel kontrollutvala sjølve om møta skal vere opne.

Eg oppmodar difor alle nye og gamle lokalpolitikarar til å sørgje for opne politiske prosessar og dokument. Openheit kan me styre gjennom regelverk, men det handlar vel så mykje om kultur, haldningar og tradisjonar.

Habilitet
Openheit legg ikkje berre til rette for kontroll med kommunane.
Openheit er med på å sikre habile folkevalde. Einkvar mistanke om kameraderi, forfordeling og sløsing, må bli møtt med openheit.

1. november i år trer nye og skjerpa habilitetsreglar for kommunalt tilsette og folkevalde som også er styremedlem i eit kommunalt selskap i kraft.
Eg kallar lovendringa ei ”hatterydding”.
Når kommunen tek avgjerder skal det ikkje vere grunnlag for å stille spørsmål om rolleblanding.
Lovendringa gjer at ingen kommunalt tilsette eller folkevalde skal kunne handsama saker i kommunen som gjeld eit selskap der dei sjølve er styremedlem.
Lokalpolitikarar skal ikkje skape usikkerheit og mistanke ved å blande rollene som folkevald og som styremedlem i kommunalt eigde selskap.

Eg kan også nemne at Kommunal- og regionaldepartementet vil støtte eit samarbeidsprosjektet mellom KS og Transparency International Norge om openheit, integritet og antikorrupsjonsarbeid i kommunesektoren.
Det er svært positivt at KS og TI har valt å samarbeide om å setje antikorrupsjonsarbeid på dagsorden.
Prosjektet vil bidra til høg etisk standard i heile kommunesektoren.

Lokalpresse viktig
Det er vanskeleg å tenkje seg eit levande lokalt ordskifte utan ei aktiv lokalpresse.
Media har ei særleg viktig rolle i å kontrollere styresmaktene, og slik avsløre kritikkverdige og uheldige tilhøve.
Det er godt å vite at det rundt om i landet er om lag 200 lokalaviser, 200 lokale radiokanalar og eit tjuetals lokale fjernsynskanalar som dagleg gjer jobben som vaktbikkje, på vegner av innbyggjarane og demokratiet.

Eg vil avrunde med nokre ord om Openheitsindeksen.
Eg gratulerer dei kommunane som gjennom denne kåringa har vist at dei arbeider systematisk med openheit.
Desse skal ha ros. Dei kan inspirere andre til å fylgje etter.
Eg skal ikkje kommentere sjølve rangeringa av kommunane, sjølv om eg er nøgd med at Sogn og Fjordane gjer det bra.
Mange vil nok ha innvendingar mot kriteria som ligg til grunn for kåringa.
Eg vil understreke at kåringa seier lite om den kommunale praksisen er ulovleg eller ikkje. Kriteria er nemlig ikkje knytt direkte opp mot lovkrava, men i hovudsak til kva praksis kommunen har utover lovkrava.

Det viktigaste er at Presseforbundet og eg er samde om at kommunane skal vere opne for innsyn og etterprøving. Det forventar innbyggjarane, det forventar media og det treng demokratiet.

Takk for merksemda!