Historisk arkiv

Statlig organisering må ta omsyn til distrikta

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt til Nationen 28.01.2011.

- Skal ein redusere negative verknader for små distriktskommunar av naudsynte omorganiseringar i statlege verksemder, må staten tenkje nytt både innan og på tvers av dei ulike sektorane, skriv kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete i dette tilsvaret til Nationen.

Ordførar Trude Brosvik i Gulen kommune tek opp ei viktig problemstilling om organiseringa av statleg verksemd i sitt innlegg i Nationen 14.01.

Ho skildrar ein situasjon der omorganiseringar i ulike statlege organ reduserer tilgang på tenester og sårt tiltrengte kompetansearbeidsplassar i små distriktskommunar.

Summen blir feil
For kvar einskild etat er kanskje dei omorganiseringane og lokaliseringsendringane logiske, men summen går ut over den offensive distriktspolitikken som regjeringa og stortingsfleirtalet er samde om.

Det som kanskje er mest effektivt for ein etat er ikkje alltid like effektivt for brukarane eller samfunnet. Victor Norman skal ha sagt at det er ingen tvil om at for Posten, isolert sett, ville det vere mest lønsamt om alle kom til Oslo kvar dag for å hente posten sin. Men det ville ikkje vere det mest lønsame for samfunnet eller næringslivet.

Skal ein redusere negative verknader for små distriktskommunar av naudsynte omorganiseringar i statlege verksemder, må staten tenkje nytt både innan og på tvers av dei ulike sektorane.

Eit døme på dette er nettopp Posten. Der har tilgangen på tenester for dei aller fleste blitt betre ved at posttenester er lagt til lokalbutikkar. I tillegg har det styrka grunnlaget for lokalbutikkar.

Teknologien endrar samfunnet
På andre samfunnsområde ser me at teknologiske løysingar gjer at det ikkje er naudsynt med fysisk nærleik for å få ein statleg teneste.

Eit døme er skatteetaten. Like føresetnader for å ta del i den digitale utviklinga, inkludert tilgang på likeverdige tenester, avgjer om dette fungerer. Dette gjer at alle delar av landet må ha tilgang på breiband og moderne digital infrastruktur.

Slike endringar av statlege tenester, saman med redusert behov for fysisk kontakt, kan gje ny lokalisering av arbeidsplassar.

Fleire av dei statlege verksemdene har også nytte av å samle verksemda til litt større fagmiljø. Spørsmålet er om dette kan gjerast på ein måte som ikkje inneber at små arbeidsmarknader taper.

Her kan det vere svært nyttig med dialog mellom kommunane i eit område og den statlege verksemda om t.d. tilrettelegging for fjernarbeid.
 
I byrjinga av mars vil eg få overlevert ein rapport frå det såkalla Kompetansearbeidsplassutvalet. Utvalet har fått i oppdrag å peike på tiltak og verkemiddel som kan auka lokaliseringa av kompetansearbeidsplassar utover landet.

Eg vonar me her får både konkrete forslag til tiltak og grunnlag for ein god diskusjon om utfordringar, mulegheiter og framtidsretta løysingar.

Senterpartiet vil – som alltid – vere ein pådrivar i denne diskusjonen og i utforminga av nye tiltak.