Historisk arkiv

Tale på Byggjedagane 2012

Ei framtidsretta byggjenæring

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Tale på Byggjedagane 2012

Takk for invitasjonen til å leggje fram nokre tankar om kva eg meiner vil vere ei framtidsretta byggjenæring.Eg er oppteken av god dialog, klar tale og kvalifiserte innspel, sa kommunal- og regionalministeren på Byggjedagane.

Takk for invitasjonen til å leggje fram nokre tankar om kva eg meiner vil vere ei framtidsretta byggjenæring.

Det er ikkje nokon løyndom at eg likar byggjenæringa og dykk som arbeider der.
Eg har hatt mange møte med ulike delar av næringa, og set pris på denne møtestaden for ei næring som etterlet seg synlege resultat i daglegliv, arbeidsliv og samfunnsliv. Det er ikkje tvil om at de gjer ein særs viktig jobb. Difor er eg oppteken av god dialog, klar tale og kvalifiserte innspel.

Talen fortset under biletet.

Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete talar på Byggedagene, 2012

Foto: Kommunal- og regionaldepartementet


Ny melding
Som de veit, skriv me i departementet ei melding til Stortinget om bygningspolitikken. Ho kjem no i vår. Meldinga vil presentere ei rekkje mål for den framtidige bygningspolitikken.
Mål som både styresmakter og næring vil måtte strekkje seg mot i åra som kjem.
Men meldinga er enno ikkje sendt til Stortinget.
Eg kan difor ikkje gå i detalj om kva meldinga presist vil seie. Men eg kan likevel gje til beste nokre tankar om framtida.
Eg vonar det kan stimulere til ein god dialog mellom oss som legg føringar for politikken og dykk som skal gjere jobben ved teikneborda og på byggjeplassane.
Eg trur nemleg me har mykje å hente på ein endå tettare dialog oss i mellom.
Meldinga er basert på innspel frå heile næringa.
Eg trur difor de ikkje vil bli overraska over kva tema me trekker fram som relevante for den framtidige byggjeverksemda.
Allereie på Byggjedagane for to år sidan sa eg at dei store framtidsutfordringane for byggsektoren langt på veg er dei same som for det norske samfunnet generelt.
Det vil dreie seg om å redusere energibruk og klimagassutslepp, me må tenkje miljø også på andre felt og me må leggje til rette for å handtere aldringa i samfunnet.
Likskapen med diskusjonane om dei samfunnsøkonomiske utfordringane er også slåande. Noreg er eit høgkostland.
Me må satse på auka produktivitet og bli flinkare på innovasjon og utvikling.
Me må utnytte at mange menneske har høg utdanning og høg kompetanse, både teoretisk og praktisk.

Bygg 21
For eitt år sidan lanserte eg tanken om å etablere Bygg21.  I stortingsmeldinga vil eg fylgje opp initiativet. Det overordna målet med Bygg21 vil vere å vidareutvikle den høge byggkompetansen som me faktisk har her i landet og tilpasse den til utfordringane framover.
Men det kanskje viktigaste er korleis me kan få denne kompetansen integrert i heile byggjeverksemda og på alle byggjeplassane.
Eg ynskjer at Bygg21 skal leggje til rette for ein betre dialog mellom ulike delar av næringa og styresmaktene. Målet er at me etter ei tid skal komme med det me kan kalle nasjonale strategiar for byggrelatert FoU og innovasjon, utdanning og kompetanseutvikling.
Me skal også vite korleis me skal formidle kunnskap og erfaring. 
Og, eg vil ha ein prioritert handlingsplan om korleis me skal gjennomføre strategien fram mot 2020.
Dette arbeidet kan bli utfordrande, både for dykk i næringa og for oss som må sameine synspunkt på prioriteringar mellom ei rekkje forvaltingsområde.
Utfordringa vil spisse seg til når me i utgangspunktet ikkje kan leggje til grunn at ein strategi automatisk vil utløyse store, nye løyvingar over statsbudsjetta.
Dei høgast prioriterte tiltaka bør stort sett kunne skje innanfor eksisterande budsjettrammer.
Ei rekkje tiltak må næringa sjølv bu seg på å gjennomføre i eigen regi.
Ein strategi me er sameinte om, med prioriterte tiltak, vil kunne gje oss eit heilt anna grunnlag for å gjere næringa klar for utfordringane som ventar.
Prosessen fram mot å bli samde om desse prioriteringane kan også bidra til løfte den offentlege debatten om bygg- og bustadspørsmål opp på eit meir sofistikert nivå.
 
Bustadpolitikk
Eit tema som me ikkje blir ferdige med, er diskusjonen om høge bustadprisar og bustadbygging. Me skriv ikkje berre på ei melding om bygningspolitikken. Til hausten kjem det òg ei stortingsmelding om bustadpolitikken.
Eg er glad for at debatten om bustadprisar og byggjekostnader har blitt noko meir edrueleg i det siste.

Det blir bygd mange bustader allereie. Dei siste oppdateringane syner at bygginga har skote fart. I Oslo var det nesten ei tredobling i bygginga  frå 2010 til 2011.
På landsbasis har det og vore ein stor vekst frå om lag 21 000 bustader i 2010 til nesten 28 000 bustader i 2011.

Dessutan syner nye tal som Prognosesenteret har samla inn at det blir bygd ein rekkje bustader som fylgje av ombygging av næringsbygg til bustadbygg.
Sidan 2000 har nærare 37.000 bustader kome til på denne måten.
Det har gitt ei ekstra tilføring av nye bustader på om lag 12 prosent.
Desse bustadene blir ikkje talte i byggjestatistikken til SSB, men dei er eit viktig bidrag for å halde bustadforsyninga oppe.
Seinast i DN i dag kunne me lese om Olav Thon og satsinga hans nettopp på slike prosjekt. Me er på rett veg, men det er naudsynt at byggjetakta i pressområda held seg godt oppe.

Krav til kvalitet
Så har det periodevis vore skapt eit inntrykk av at auka krav til kvalitet har hovudskulda for høge bustadprisar. No registrerer eg at aktørar frå byggjenæringa har særs ulike oppfatningar av kva krava vil gjere med bustadprisane.
Nokre nyttar tida på å spreie udokumenterte reknestykke om at krava vil gje bustadkjøparane ei ekstra rekning på fleire hundre tusen kronar for ein liten toroms leilegheit.

Andre er opptekne med å omstille seg for å møte dei nye krava. Det er bra.
Det vil både kome bustadkjøparane i dag og i framtida til gode. Det er bra for miljø og klima, og ikkje minst vil det kunne kome næringa til gode. Me veit at nye krav og offentlege reguleringar kan gje innovasjon og opne nye forretningsmulegheiter.
Me såg det i samband med ny teknisk forskrift for få år sidan.

Mange protesterte heftig mot krav til nye vindauge. Andre verksemder såg at her var det muleg med teknologisk innovasjon og nye produkt.

La meg gjere det klart nok ein gong at dei bygga me set opp i dag, dei skal me leve med i fleire generasjonar.
Korkje barneborna våre eller me som eldre vil vere nøgd med å bu i fjerde etasje utan heis.
Eg trur heller ikkje at mange vil vere nøgde med å måtte betale høge drifts- og oppvarmingskostnader i bustader.
Spesielt ikkje dersom dei samstundes manglar gode uteareal og der naboblokka stengjer for lys og utsikt.

Heldigvis veit eg at dei fleste av dykk er kreative og interesserte i å vere med og utvikle gode, framtidsretta bustader til ein pris marknaden vil betale. Eg synest eg ser stendig fleire verksemder i næringa tenkjer i same retning.
Det er ikkje forbod mot å lære av historia. Som Thor Eek i NBBL også har peikt på: «Mellom 1950 og 1980 var ein mest oppteken av å byggje flest muleg bustader».
Det er desse bustadene me slit med i dag. Dei manglar heis, bada er små og folk i rullestol må stoppe i døra.

Me vil ikkje gjere slike feil ein gong til. I dag byggjer me for framtida.
Til dykk som vil fire på krava til tilgjenge og kvalitet for kjapt kunne produsere fleire bustader:
De fører ein tapt kamp! 

Sjølvsagt er me opptekne av korleis nye krav til bygg påverkar kostnadene. Men dette er berre ein av faktorane som påverkar prisane. Særleg i ein pressa bustadmarknad er kanskje ikkje dette det viktigaste.
Tilgang på bustader i pressområda, tilgang på kapital og samsvar mellom bustadtypar og behova til dei som etterspør bustader er vel så viktige drivarar.

Som investor Ola Mæle minna om i Finansavisen nyleg. Kraftig prisauke på bustader er ikkje noko generelt bilete i Noreg. Skilnadene er store.
Me har utfordringar i nokre delar av dei største byane og i nokre bynære område. Samstundes er det korkje eit offentleg ansvar eller god samfunnsøkonomi å syte for at alle som ynskjer det skal få bu midt i sentrum av Oslo eller Bergen.

Byggjefeil
Byggjefeil kostar samfunnet og innbyggjarane fleire milliardar kroner kvart år.
Tidlegare har eg varsla at reglane om gjennomføring av uavhengig kontroll blir sett i verk 1. juli - sjølv om den obligatoriske sentrale godkjenninga av føretaka ikkje kjem på plass som planlagt.

Det siste året har departementet lagt mykje arbeid i å tilpasse kontrollregelverket slik at det skal blir enklare for både kommunane og føretaka.

MEN – eg er likevel uroleg for at tilpassingane har kome litt i seinaste laget for føretak som ønskjer å gå med fullt trøkk inn i kontrollverksemd 1. juli.
Eg har også merka ei viss uro i delar av næringa. Tilbakemeldingar frå den sentrale godkjenningsordninga i Gjøvik gjer meg heller ikkje heilt trygg på at det vil vere nok kontrollføretak på plass i alle delar av landet innan 1. juli i år.
Ingen er tent med at me legg prestisje i å setje i verk ei så viktig ordning dersom ho ikkje er tilstrekkeleg moden. Difor blir ordninga med uavhengig kontroll ikkje sett i verk frå 1. juli.

Eg vil ha meir tid og dialog med næringa for å få på plass gode og føreseielege rammer for den uavhengige kontrollen. Då er eg også open for å sjå nærare på ytterlegare tilpassingar og forenklingar.
Eg vonar at me kan setje i verk ei trygg ordning for heile landet ved årsskiftet.

Passivhus
Dei siste åra har interessa for å byggje passivhus auka påtakeleg. Meir enn 1000 bustader på passivhusnivå – einebustader, rekkjehus, blokkar og omsorgsbustader - er ferdige eller under oppføring.
Mange verksemder har engasjert seg, og det kjem passivhus i alle delar av landet.
Om lag 300 av dei blir bygde i Trondheim. Dei første plusshusa er også under oppføring.

Eg har også merka meg at bransjeinitiativ som Green Building Council og BREEAM har fått stor oppslutnad frå mange av dei store eigedomsforvaltarane.
Grunngjevinga er at framtidige leigetakarar vil etterspørje lokale med gjennomtenkte miljøløysingar og låge driftsutgifter. Eg er viss på at dei som tenkjer slik, er på lag med framtida.

Må me då berre godta at kostnadane stig?
Sjølvsagt ikkje.
Det er ikkje framtidsretta ikkje å byggje med kvalitet. Me må finne andre løysingar. Det er kanskje den viktigaste utfordringa, både for det offentlege, men i høg grad også for næringa sjølv.
La meg peike på nokre få område me må sjå på.

Løysingar for framtida
Frå statleg hald er me innstilt på å effektivisere byggjesaksprosessen ytterlegare for å redusere den administrative børa for næringslivet og forbrukarane.
Det kan mellom anna vere å frita fleire enkle tiltak frå søknadsplikt og heve grensa for når det blir kravd søknad.
Me vil også arbeide for å skape meir heilskapeleg og føreseieleg byggjesakshandsaming i kommunane.
Me vil – og dette er viktig – medvirke til meir digitalisering av byggjesaksprosessen og bruk av IKT i prosjektering og bygging. Systema må om nokre år kunne snakke saman.

Me tek sikte på å få i gang utvikling av eit ByggNett. Det skal gjere det muleg for ein byggherre/tiltakshavar og andre aktørar å dra nytte av alle standardar og tenester som finst, og som gjeld bygginga. Eg vonar det er nytt som gir eit klart signal om viljen vår til effektivisering.

ByggNett kan også utviklast til ein felles portal til statlege ordningar, til dømes grunnlån i Husbanken, energimerkeordninga i NVE og støtteordningar i Enova.
Ei slik samordning vil gjere ordningane meir tilgjengelege for publikum og effektivisere sakshandsaminga i etatane. Regjeringa er oppteken av ein mest muleg samordna politikk overfor næringa. Difor flyttar me administrering av Lågenergiprogrammet frå OED til KRD. Det ligg nærare til KRD enn OED å bistå næringa med kompetanseutvikling på bygging av energieffektive bygg.

Lav produktivitet
Statistikken over timeverksproduktiviteten i byggjenæringa er ikkje oppløftande lesing. Den har forverra seg det siste tiåret med 20 prosent. Annan industri har hatt ei positiv utvikling i overkant av 30 prosent i perioden 2000-2011. 
Årsakene er sikkert samansette. Det er difor viktig å avdekkje dei, inkludert om SSB sine tal gjev eit godt uttrykk for realitetane. 

Å snu den negative trenden må vere heilt sentralt for byggjenæringa framover. 
Kanskje blir det då kravd heilt nye måtar å organisere arbeidet på byggplassane på?
Eg spør – det er de i næringa som må gje svaret.
Innovasjon når det gjeld organisering og meir tradisjonell teknologisk innovasjon må truleg få større merksemd.
Eit godt teikn i så måte var utdelinga av byggjenæringa sin innovasjonspris på siste Bygg Reis Deg.  Her har det offentlege eit virkemiddelapparat gjennom Innovasjon Noreg og SIVA som står til næringa si disposisjon, men som næringa i altfor liten grad nyttar seg av.

Som eg nemnde i innleiinga, er dette kanskje eit felles trekk for mange norske næringar. Det er peika på at me har mange små verksemder som ikkje har musklar til å drive utvikling og innovasjon.
Er forklaringa rimeleg, vil den også gjelde for byggjenæringa.
Forklaringa er forståeleg, men kanskje ikkje noko å slå seg til ro med.
Av dei mange funn professor Torger Reve og kollegaer på BI har lagt fram dei siste åra, er at storleik ikkje betyr alt. Han har peika på at verksemder i byggjenæringa som driv godt synest å vere nær uavhengig av kor store dei er.
Det er mange byggjeverksemder rundt i alle distrikt som driv godt, og som heilt sikkert har potensiale for innovasjonar.

For ei vekes tid sidan fekk ein retorikar og rikssynsar av uforklarlege grunnar plass i media ved å seie at norske verksemder synes å vere meir opptekne av Birkenprestasjonar enn av innovasjon. I den samanheng kom det etter kvart fram at me i Noreg faktisk er gode på innovasjon på nokre område.
Det som var spesielt oppløftande, var at det var i distrikta at innovasjonen skjedde og mykje skjer kring næringsparkar og liknande der den einskilde verksemd  ikkje nødvendigvis er stor.

No kan ikkje byggjenæringa samanliknast med verksemder i råvareproduksjonen. Men eg er viss på at kreativiteten i byggjenæringa ikkje er dårlegare. Eg ser fram til å drøfte dei mulegheiter som ligg i dette når me skal ta til med strategiarbeidet i Bygg21.

Takk for merksemda.
Eg ser fram til ordskifte etterpå og ikkje minst ser eg fram til eit godt samarbeid med ei viktig næring framover.