Historisk arkiv

Leserinnlegg til avisa Varden

Forlengs, ikkje baklengs, satsing på bustader

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Varden skriv på leiarplass at regjeringa si nye satsing på bustader i distrikta er «Baklengs boligstøtte». Avisa ser ut til å ha misforstått.

Varden skriv på leiarplass at regjeringa si nye satsing på bustader i distrikta er «Baklengs boligstøtte».

Avisa ser ut til å ha misforstått. La meg difor presisere at målet med satsinga ikkje er å bidra til billige bustader, men å auke bustadtilbodet i distriktskommunar.

Tilflyttarar treng bustad
For mange kommunar er det ei utfordring å finne gode og attraktive bustader til tilflyttarar i kommunane. Mange mindre distriktskommunar har ein bustadmarknad med for liten fleksibilitet. Det er for lite variasjon i tilbodet.

Ledige bustader blir ikkje lagt ut for sal, leigemarknaden er avgrensa og det er lite nybygging fordi byggekostnadane overstig marknadsverdien.

Tilbakemeldingar frå kommunane viser at eit dårlig butilbod kan hemme verksemder frå å vekse. Det blir vanskelegare å rekruttere gode arbeidstakarar til den lokale arbeidsmarknaden. Kommunar kan ha arbeidsplassar, men altså ikkje bustader å tilby.

Hemmar nyetableringar
Nyleg møtte eg gründerar frå heile landet. Manglande tilgang på bustader i distriktskommunar var eit av tema dei ville diskutere. Kvifor? Jo, fordi det hemmar etablering av nye bedrifter. Tomme hus er ikkje det same som ledige hus.

Difor lanserer regjeringa ei treårig satsing for å bidra til utvikling av attraktive lokalsamfunn. Me vil stimulere til auka tilbod av ulike typar bustader. Ei ny tilskotsordning er ein viktig del. 10 til 12 kommunar vil etter søknad bli valt ut til å delta i satsinga. Midlane skal bli brukt i desse kommunane.

Gjennom satsinga skal me også samle erfaringar. Slik utviklar me ny kunnskap på området. Det vil komme fleire distriktskommunar til gode.