Historisk arkiv

Kunnskapslaust om bustadpolitikk i VG

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegg i VG 5.august.

VGs kommentator Astrid Meland freistar fredag 3.august å gjere nasjonale krav om kvalitet og miljø for nye bustader til forklaringa på press i bustadmarknaden i delar av landet. Det er i beste fall kunnskapslaust.

VGs kommentator Astrid Meland freistar fredag 3.august å gjere nasjonale krav om kvalitet og miljø for nye bustader til forklaringa på press i bustadmarknaden i delar av landet.

Det er i beste fall kunnskapslaust. Hovudpåstanden er at regjeringa går amok med regulering og at unge bustadkjøparar får regninga.

Meland vil fjerne eller redusere krav om tilgjenge, miljø og energi, oppvarming og kontroll.

Byggje for framtida
Dette er å gå baklengs inn i framtida. Dei bustadane me byggjer i dag skal vere heim for mange generasjonar. Dei skal og tole eit tøffare klima. Det vil vere langt dyrare å tilpasse bustadene seinare. Krav om tilgjenge og universell utforming aukar likestillinga mellom menneske.

Det er også god samfunnsøkonomi og betre livskvalitet å syte for at stadig fleire eldre kan bu heime og klare seg i eigen heim.

Korkje barnebarna våre eller me – når me blir godt vaksne – vil vere nøgd med å bu i fjerde etasje utan heis. Spesielt ikkje viss det samstundes manglar gode uteareal, lys eller me må gå på fellesvaskeri fordi det ikkje er plass til vaskemaskin på badet. Og me vil ikkje ha høge drifts- og oppvarmingskostnader når plusshus gjev ein heilt anna energirekneskap. Meiner Meland at me ikkje skal stille miljøkrav til ein sektor som står for 40 prosent av energibruken?

Mindre byråkrati
Kva gjeld omfanget av reguleringar la regjeringa i juni fram den første  bygningsmelding nokosinne. Der tok me til orde for å balansere minimumskravkrav mot ein meir effektiv byggjeprosess og enklare reglar.

Færre søknadspliktige byggjetiltak betyr at enklare tiltak på eigen eigedom er eigaren sitt ansvar. Kommunal sakshandsaming, krav om ansvarlege, profesjonelle føretak, tilsyn og kontroll skal berre gjelde større tiltak og tiltak som har konsekvensar for andre enn eigaren sjølv. Me har til dømes redusert krava om kontroll ved ombygging av våtrom. Les meir om dette på KRD sine nettsider.

Prisvekst
Meland overser også at nye bustader utgjer mindre enn ein prosent av den samla bustadmassen. Dei som skal etablere seg vil først og fremst orientere seg mot bustader som for lengst er bygd. Der finn dei bustader med den standarden Meland ser ut til å føretrekkje.

Ser me på bustadprisane, har dei sidan 1992 stige mykje meir enn byggjekostnadene og andre prisar. I gapet mellom bustadprisar og bustadprisindeksen ligg ein formidabel verdivekst for bustadeigarar, tomteselgjarar og aktørar i verdikjeda for bustadbygging.

Det blir difor feil å skulde på krav til tilgjenge og energieffektive bygg når ein vurderer prisvekst på bustader i delar av landet. Også lokalisering, tomtepris, produktivitet i byggjesektoren og byggefeil påverkar prisane.

La oss heller ikkje gløyme at det blir bygd stadig fleire bustader. I Oslo var det nesten ei tredobling i bygginga  frå 2010 til 2011. På landsbasis er veksten frå om lag 21 000 bustader i 2010 til nesten 28 000 bustader i 2011. I tillegg blir ei rekkje næringsbygg gjort om til bustadbygg.