Historisk arkiv

Foredrag på Ergoterapeutenes vårkonferanse

Kvardagsrehabilitering i kommunane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Foredrag på Ergoterapeutenes vårkonferanse

- Skal me løyse store velferdsoppgåver, som å sikre god eldreomsorg, må me tenkje nytt om og endre haldning til sjukdom, helse og kva det vil seie å ta ansvar for eige liv, sa kommunal- og regionalministeren på vårkonferansen til Ergoterapeutene.

Gode forsamling og gode praktikarar!

De er den type praktikarar som helse-Noreg og kommune-Noreg treng fleire av i åra som kjem. Skal me løyse store velferdsoppgåver, som å sikre god eldreomsorg, må me tenkje nytt om og endre haldning til sjukdom, helse og kva det vil seie å ta ansvar for eige liv.

Stikkord for desse tankane og haldningane er praktiske løysingar. Difor er eg glad for engasjementet for kvardagsrehabilitering i mange kommunar. Og eg er glad for vere her, etter at forbundsleiinga var på vitjing i departementet i fjor haust.

Kvardagsrehabilitering
Til liks med dykk har eg sett kvardagsrehabilitering på nært hold.
Ein av mine gamle naboar blei sjuk. Ho levde eit godt liv på garden, i lag med hønene sine og med det daglege arbeidet. Det var den aktiviteten ho trengte for å vere frisk og rask.
Så fekk ho slag og fall i koma. Det var alvorleg. Ho låg seks veker på sjukehus/sjukeheimen.

Få trudde ho skulle kome seg på beina. Men ho kom seg heim. Ho kom seg på beina, og ho kunne ta vare på hønene sine.
Kva betyr vel ikkje det for eit menneske som har levd eit langt liv på garden, med omsorg for dyra.

Eg var innom ho for å kjøpe egg, og sa som sant var, at mange ikkje trudde ho ville kome seg på beina att, og at det var fantastisk at ho no var heime igjen. Og at nokre meinte det kanskje var ein styrelse.
Naboen så på meg før ho svara. – Ja, men eg hjelp bra til sjølv også.

De har naturlegvis mange slike historier frå yrkeskvardagen dykkar.
Einskildmennesket har store ressursar og evne til – bokstaveleg talt –
å reise seg i staden for å bli liggjande.
Å vere gamal og få slag er ikkje det same som at sjukeheimen er neste og siste stopp.

Må klare seg sjølv
De har i dag høyrt om Fredericia og kva dei har fått til på dette området.
Eg vitja den danske kommunen i januar. Det gjorde inntrykk, på same vis som det gjorde inntrykk å vitje Voss kommune i fjor haust.
Desse kommunane er opptekne av kvardagsrehabilitering – korleis bidra til at ein meir eller mindre hjelpelaus pasient blir til ein sjølvhjelpen innbyggjar.

I Frederica møtte eg Johnny. Også han kunne fått eit passivt tilvære på ein sjukeheim. I staden sette kommunen inn massiv hjelp, mellom anna «trenende hjemmehjelpere», slik at han skulle nå målet sitt, å få køyre Citroenen sin til kroa. 

– Me hadde gått i hjelpefella, sa rehabiliteringssjefen i Fredericia.
Også her heime driv me – som de veit – for mykje passiv omsorg.
Det er dyr omsorg, og alt for ofte gjer ho ikkje menneska friske.

Det var dette eg ga uttrykk for i media etter Fredericia-turen.
Det vakte debatt. Mange er einige. Mens nokre, naturleg nok, er urolege for om dette betyr at me ikkje skal byggje nok sjukeheimar eller overlet hjelpelause eldre til seg sjølv.

Sjølvsagt skal me byggje dei sjukeheima me treng. Me skal hjelpe dei eldre. Men me skal hjelpe dei til å vere i eige liv.Sjukeheimsplassane skal me bruke på rett måte til rett tid.

Pyramide eller timeglas?
La meg illustrere det eg meiner med to figurar.
Den fyrste er ein omvendt pyramide. Den spisse enden er nedst og illustrerer ressursinnsatsen. Til dømes overfor ein beinskjør eldre innbyggjar. Han eller ho får litt hjelp, men ikkje rettleiing eller tilrettelegging som skal hindre beinbrot eller alvorlege hendingar.
Så skjer nettopp det. Vedkommande bryt beinet.

Då rykkjer me oppover i pyramiden. Ressursinnsatsen aukar fordi pasienten blir sjukare.  Så får pasienten litt meir hjelp i heimen, men me mobiliserer likevel ikkje nok til å gjere vedkommande frisk og aktiv.

Slik held me på til me er øvst i pyramiden. Der venter sjukeheimsplass.  Ressursinnsatsen er formidabel. Full innsats frå det offentlege, men pasienten er og blir ein pasient.

Ein annan figur har timeglassform. Breitt opp og nede. Smalt i midten.
Forma fortel at ressursinnsatsen må vere stor i starten, for å bidra til at pasienten mobiliserer eigne ressursar til å kunne leve eit verdig liv.
Og ressursinnsats må vere stor på slutten. Når sjukeheim og massiv pleie er naudsynt.

«Ytelsessjokk»
I Fredericia kallar dei den første innsatsen for eit «ytelsessjokk».
Mykje hjelp i starten, slik at det skal vere muleg å kome på beina og i større grad klare seg sjølv.

I Noreg gjer me i for stor grad det motsette, me tilpassar hjelpa etter funksjonsevna, lite i starten, så litt meir, for så å gje svært mykje hjelp i sjukeheimar. Faren er at me kjem inn med for lite hjelp – for seint – i staden for at me byggjer opp meistringsevna til det einskilde mennesket.

Som geriatrikar og samfunnsmedisinar Peter F. Hjort formulerte det:
«Når eldre mennesker er skrøpelige, er det oftest fordi de er ute av form – ikke fordi de er gamle.»

Haldningsendring
Vitjinga i Frederica kan oppsummerast i eit ord: Haldningsendring.
Handlingsendringa der har gjort at mange av dei eldre innbyggjarane i kommunen no er aktive borgarar med eit langt friskare liv enn tidlegare. I Fredericia ser dei ikkje dei eldre som ei einsarta gruppe. Dei er einskildmenneske, med ulike ressursar og ulike behov.

Ein Fredericia-borgar som blir sjuk, får hjelp til å trene seg opp slik at han eller ho klarar kvardagen best muleg sjølv. Kommunen let den einskilde innbyggjar setje sine eigne mål. Kanskje er det å gå tur med hunden sin kvar dag. Eller å ta toget og besøkje dottera i København. Køyre bil til kroa eller kunne setje seg på traktor igjen.Lokalpolitikarane seier ikkje lenger «dei eldre» eller brukarar. Dei snakkar om borgarar uansett alder.

Eg likar menneskesynet i Fredericia. Dei rettar merksemda mot det den enkelte meistrar, mindre mot det som han eller ho ikkje kan.
Det er ein tankegang som er heilt sentral for de som ergoterapeutar.
Denne tilnærminga speglar eit verdisyn, me ser mennesket bak sjukdommen – og ikkje sjukdommen åleine.

Mange norske kommunar tenkjer nok i same baner, men det er ikkje sett godt nok i system. Ei undersøking frå Trondheim kommune (Døhl 2011), viste svært stor skilnad i ressursbruk før og etter sjukeheimsinnlegging. 800 av 1100 tenestemottakarar fekk mindre enn fem timar heimetenester pr veke før dei fekk plass i sjukeheim. Etter sjukeheimsinnlegging var ressursbruken 30 timar hjelp pr veke, altså seks gonger så høg hjelpeinnsats.

Eg trur ikkje hjelpebehovet var så mykje lågare dagane og vekene før innlegging enn etter.

Tverrfagleg
Tverrfaglegheit, gode kompetanseteam og nye måtar å fordele ressursar på må bli vanlegare. Me har ein mulegheit med den nye lova om kommunehelsetenesten, som er profesjonsnøytral. Lova knytt ikkje innsats og hjelp til profesjonar, men til løysingar og resultat.

Sjølvsagt treng me sjukepleiarane, legane, fysioterapeutane, dei gode heimehjelparane og de, ergoterapeutane. Men fyrst og fremst treng me tverrfagleg innsats mot eit felles mål. Der eit verdig liv for det einskilde mennesket liv er det viktigaste.

Mange år i politikken har lært meg at samfunnsstyring er komplisert, fordi samfunnet er komplisert og mangfaldig.  Samstundes har desse åra gjort meg endå meir overtydd om at det er naudsynt å sjå etter dei mindre kompliserte løysingane.

Å seie at det enkle er ofte det beste, er farlig. Det er mange aktørar, lover og reglar me skal og må ta omsyn til.
Likevel må me syte for rom til å tenkje annleis, og spørje:
Gjer me dette for komplisert?

Me treng samspel og samarbeid
Møta med praktikarane på Voss kommune, i Fredericia og andre stader har styrka meg i trua på at me kan finne tilsynelatande enkle løysingar på tilsynelatande store utfordringar.
Me løyser ikkje velferdsutfordringane i samfunnet berre med vedtak i Storting og regjering. Me løyser dei heller ikkje berre med aktive kommunestyre og kvalifiserte menneske i omsorgstenestene. Me treng samarbeid, samspel og samhandling – desse velkjende orda – som me frå kvar vår plass skal gjere meiningsfylte.

Me som sit på toppen må sende gode styringssignal. De som driv det praktiske arbeidet, må arbeide på tvers av sektorane. Og alle må me ha trua på at det einskilde menneske har ressursar.

Samfunnet tek i dag høgde for at me lever sjølvstendige og individuelle liv til me vel har passert 70 år. Om me treng hjelp, er hjelpa tilpassa og har som mål at me skal klare oss sjølve. Dette må vere utgangspunktet også når me blir 80 og 90 år.

Konsekvensane kan bli alvorlige om me ikkje tenkjer nytt om velferd og eldreomsorg. Samstundes må me ikkje gløyme at me er eit samfunn med store ressursar. Som NOVA-forskar Svein Olav Daatland peikte på i ein kronikk i Aftenposten nyleg.
«Det er i realiteten vanskelig å finne noe land som er bedre stilt enn nettopp Norge – gode tjenester, solid økonomi og moderat motvind (aldring) fremover.»

I samme kronikk, med gode råd for ein berekraftig omsorg, trakk han nettopp fram rehabilitering som verkemiddel.
«Forebyggelse og rehabilitering nytter, og troen på det nytter også. Alternativet er passivisering og oppbevaring. Ideen er riktignok ikke ny, men den må fornyes og ikke minst, den må praktiseres.»

Nettopp. Me må praktisere, syne veg.
Lokalpolitikarar og kommunale leiarar må tore å sjå annleis på ressursfordeling og organisering. Dei må vri debatten vekk frå krangel om sjukeheimsplassar til satsing på førebygging, rehabilitering og personlege ressursar.

Me ser konturane av Samhandlingsreforma 2.0.  De som ergoterapeutar har ei sentral rolle i å sikre god rehabilitering i kvardagen. Det gjev håp for god kommunal og lokalt tilpassa velferd også i framtida.
Det er viktig for samfunnet. Men det er viktigast for dei mange seniorane som lenger enn i dag får leve eit aktivt liv i eigen heim.

For å sitere Peter F. Hjort igjen: «De fleste gamle er friske, men de fleste syke er gamle.»
Den gamle naboen min er eit prov på at også gamle sjuke kan bli friske.

Lukke til med eit viktig arbeid og takk for merksemda!