Historisk arkiv

Kvinner - rekruttering og fornying av lokaldemokratiet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Foredrag ved Sluttkonferansen til Utstillingsvindauge for kvinner i lokalpolitikken

Gode forsamling! Først vil eg gratulere alle dykk frå dei 22 utstillingsvindaugekommunane: Gratulerer med den politiske viljen – de og kommunestyret har vist på vegner av lokalsamfunna - til å få fleire kvinner til lokalpolitikken!

Gode forsamling!

Først vil eg gratulere alle dykk frå dei 22 utstillingsvindaugekommunane: Gratulerer med den politiske viljen – de og kommunestyret har vist på vegner av lokalsamfunna - til å få fleire kvinner til lokalpolitikken!
Eg er også glad for at kommunestyra samla sett har hatt ordførarar frå alle politisk parti, og frå lokale lister. Me har hatt ein tverrpolitisk dugnad frå Alta i nord til Bamble i sør for å prøve ut kva som verkar.
Etter fire år med utstillingsvindauge er det få ting som er uprøvde.

Dette viser eit anna poeng:
Kvinner er ikkje noko einskapleg gruppe. Me har ulike syn på kva som er aktuelle og akseptable verkemiddel for å få fleire kvinner inn i lokalpolitikken. Usemje mellom kvinner set ikkje arbeidet med å få kjønnsbalanse i kommunestyra og fleire kvinner i leiarverv i diskreditt.

Politikk handlar jo om usemje. Forskjellige interesser, individuelle ynskjer og gruppekrav er utgangspunktet for politikken. Denne ulikskapen må sjølvsagt kome fram.
Men det må også semja, det som bind saman.  

Bygge alliansar
Så kjære deltakarar - viss me greier å samle oss og å byggje alliansar på tvers av parti, sentralt og lokalt, får me størst gjennomslag for dei tiltaka me meiner har best og raskast effekt.
Dette veit eg mange av dykk har erfart lokalt.

Mange har gjennom desse åra arbeidd godt i uformelle tverrpolitiske grupper og nettverk. Prosjektet Utstillingsvindauge for kvinner i lokalpolitikken viser at me kan oppnå gode enkeltresultat i fleire kommunestyre og formannskap. Ikkje minst gjennom systematisk merksemd og arbeid over tid.

Utålmodig
Eg vil likevel ikkje vente ein generasjon før me kan sjå betre resultat på kvinnerepresentasjonen i kommunestyra på landsbasis. Det er for mange kommunestyre som har under 30 prosent kvinner.
Faktisk 71 etter siste lokalval. Det er for dårleg. Eg meiner likevel det er realistisk å ha høge ambisjonar.

Nokre av dei mest mannsdominerte kommunestyra bestemte seg nemleg for å søkje om å få delta i dette prosjektet. Fleire av dei låg langt under landsgjennomsnittet når det gjeld kvinnedel i kommunestyra - og med berre to kvinnelege ordførarar.
Det tek eg som eit teikn på at lokale prosjekt og tiltak er støtta av mannlege politikarar, slik me har sett støtte frå sympatiserande menn gjennom heile historia.

La meg gratulere Øygarden kommune som er vertskommunen for denne sluttkonferansen. Spesielt vil eg gratulere prosjektleiar Aud Karin Oen og ordførar Otto Harkestad, både med politisk vilje og ikkje minst evne til å gjennomføre! For politikken er ikkje ferdig utforma før han er gjennomført.
Det er ofte i gjennomføringsfasen den eigentlege politikkutforminga skjer.

Øygarden var saman med Luster ein av kommunane som forskarar frå Uni Rokkansenteret fann i gruppa ”kommunar med stabilt låg kvinnerepresentasjon over tid”. Forskarane, Hans-Erik Ringkjøb og Jacob Aars, gav slike kommmunar merkjelappen ”kvinnefiendtlige kommunar”. Her det få kvinnelege folkevalte over tid, og det er mykje mindre sjanse for at ei kvinne skal bli ordførar.
Når det gjeld partinominasjonar og listekandidatar, er det mindre skilnader mellom ”kvinnefiendtlige kommunar” og ”kvinnevennlege kommunar”, dvs. kommunar med relativ høg kvinnedel over tid.

Skilnadene er derimot større når me ser på toppkandidatane på listene:
I dei ”kvinnefiendtlige kommunane” utgjer kvinnene langt færre av toppkandidatane. Dei er også mykje dårlegare representerte mellom dei kandidatane som får stemmetillegg.

Forskarane peikar på at det som skjer i nominasjonsprosessen er avgjerande for at kvinner skal nå fram. I dei ”kvinnevennlege kommunane” blir kvinnene plasserte slik på listene at dei har langt betre sjanse for å bli valt inn. Det avgjerande er altså kva plassering kvinner har på vallistene, ei plassering som jamt over er lågare enn menn si plassering.
I tillegg, og enno viktigare, kvinner er sterkt underrepresenterte på toppen av listene.

Me som politikarar må bruke denne kunnskapen til å rette merksemda mot dei politiske partia, rekrutteringsarbeidet og kva plassering kvinnelege kandidatar får på listene. Veljarane bør, etter mi meining, få ein reell muligheit til å velje både kvinner og menn.

Øygarden førebilete
Her er Øygarden kommune sitt slagord Annankvar eit førebilete. Øygarden og Luster låg på botnen av tabellen som viser delen kvinner i kommunestyra då me i 2006 valde dei ut til prosjektet.
Øygarden oppnådde kjønnsbalanse ved dette lokalvalet med 51 prosent kvinner. Det er eit kjempebyks på 34 prosentpoeng frå lokalvalet i 2003!
Luster fekk inn 44 prosent kvinner ved siste lokalval, ein framgang på 27 prosentpoeng frå 2003-valet.

Slike resultat er det vanskeleg å oppnå utan ei brei, effektiv og offensiv mobilisering!

Me skal også ta lærdom frå det som ikkje gjekk så godt som me venta: Forskarane frå Uni Rokkansenteret vil gjere greie for alle erfaringane seinare i dag. Spesielt håper eg me vil få høyre meir om kva tiltak som har ført til dei resultata me såg ved siste lokalval.
Det gjeld både delen kvinner i kommunestyra, i formannskapa og ikkje minst mellom ordførarane.  

Eg vil få laga ei enkel menyliste over desse tiltaka, som er vel utprøvde i utstillingsvindaugekommunane: Lista vil me leggje ut på regjeringa.no. Slik kan andre kommunar i landet hente inspirasjon i det viktige rekrutteringsarbeidet til lokalpolitikken.
Eg vil også, i samarbeid med dykk, lage lenkjer til kontaktpersonar i utstillingskommunane, slik at dei kan dele erfaringane sine med andre. Då vil den den viktige, men ”tause kunnskapen”, som ikkje så lett let seg fange opp i ei tiltaksliste, kunne kome andre kommunar til gode.
På denne måten kan me leggje til rette for at erfaringane blir spreidde, som ringar i vatnet.

Eg vil nytte dette høve til å takke for at de har teke på dykk den viktige oppgåva å være føregangskommunar for korleis ein kan rekruttere og få fleire kvinner både til lokalpolitikken og til framskutte posisjonar og verv. Takk ikkje minst for å ha kome med så mange gode initiativ! Desse tiltaka som dykk har prøvd ut, vil vere berebjelkar for arbeidet mitt med rekrutteringsstrategiar framover!

Kvinneleg inntog
Me feira 100 års-jubileet for stemmerett for kvinner til lokalval i Skien i fjor. Me skal feire 100 år med stemmerett for kvinner til Stortinget neste år. Det er likevel berre vel 40 år sidan mannsdominansen i lokalpolitikken blei broten.

Tida mellom 1970 og 1986 blir gjerne omtala som tidsperioden då kvinner gjorde inntog i politikken. Dette minner oss om at det er forskjell på formell og reell lokalpolitisk innverknad. Rekruttering, representasjon og vilkår for lokalpolitisk innverknad er noko me neppe blir heilt ferdige med.
Me må heile tida jobbe målretta og systematisk med dette. Slik me – og særleg dykk – har gjort i dette prosjektet.  

Den første kampanjen retta mot lokalpolitikken kom i samband med lokalvalet i 1967.
Målsettinga var å få fleire kvinner til kommunestyra. Det verka på nominasjonsprosessane og me fekk fleire organiserte retteaksjonar på listene til fordel for kvinner.
Opp gjennom åra, nesten føre kvart einaste lokalval, har det vore ein eller anna form for kampanjar av denne typen.
Og me veit frå fleire store spørjeundersøkingar at det er behov for meir kunnskap om valordninga:
Difor fekk me før nominasjonane starta sist laga ei informasjonsbrosjyre om lokalvalordninga og kor stor rolle listeplassering og stemmetillegg spelar. Trass informasjonskampanjen opplevde me stagnasjon av delen kvinner på landsbasis ved siste lokalval. Arbeidet vårt er ikkje slutt.   

Lekmannsstyre
Kampanjen i 1967 var eit gjennombrot for kvinnerepresentasjonen den gongen. Eg vil også hevde at kampanjen var i nær slekt med sjølve grunnideen for det kommunale sjølvstyret frå 1800-talet.
Den ideen, lekmannsstyreidealet, feirar me med formannskapslovene, som er 175 i år!
Eg er overtydd om det er ved å sikre eit mangfald av røynsler i dei representative politiske organa, at me finn dei gode politiske løysingane.
Ferske folkevalte vil naturlegvis alltid vere mindre kvalifiserte enn erfarne folkevalte - i ei viss tyding. Dei har kanskje mindre kunnskap om det kommunale livet, forvaltning og politikk innanfor parti og kommunale organ. Men den kunnskapen lyt ein tileigne seg gjennom personleg erfaring. Folkevaltopplæringa kan bidra eit stykke på veg.
Men det politiske virke, det å delta i lokalpolitikken, er i seg sjølv kvalifiserande.

La meg også nemne at kommunestyra er den viktigaste rekrutteringsarenaen til Stortinget. Snart 90 prosent av stortingspolitikarane har bakgrunn som lokalpolitikar.
Det vil kunne gje positive ringverknader for kjønnsbalansen i nasjonalforsamlinga dersom me får fleire kvinner til kommunestyra.

Men la det være sagt med det same:
Kjønnsbalanse er viktig for å utnytte heile rekrutteringsgrunnlaget i kommunane. Det vil fornye og vitalisere folkestyret.

Kommunane er kjenneteikna av – ulik andre organisasjonar ein kan engasjere seg i – at dei tek vare på heilskapen i lokalsamfunna.
Difor også er det så viktig at me har politikarar med ulik erfaring og ståstad når prioriteringar og vegvalg som gjeld lokalsamfunna skal gjerast.

Men ein sterkare representasjon av kvinner er ikkje eit middel for å nå andre mål. Eg meiner sjølvsagt at det er eit mål i seg sjølv og ein grunnleggjande verdi i samfunnet at kvinner blir inkluderte som politiske aktørar på lik line med menn! Ambisjonen min er at det skal gjelde kvinner i alle norske kommunar i landet.

Kvifor stagnert?
Me må spørje oss kvifor kvinnerepresentasjonen har stagnert dei siste åra. Kvifor er det så vanskeleg å gå frå om lag 30 prosent kvinner i landsgjennomsnitt, slik det var i 1987 til ein kjønnsbalanse på 50 prosent?

Er me ”mette” og nøgde med å ha oppnådd ein kvinnedel på 38 prosent i gjennomsnitt og ein kvinnedel mellom ordførarar på 22 prosent?
Er andre omsyn viktigare no? Eller trur me at utviklinga heile tida vil gå ein veg - framover? At viss me berre tek tida til hjelp, vil kjønnsbalanse kome ”naturleg” av seg sjølv?

Som eg har sagt, rekruttering, representasjon og å betre vilkåra for lokalpolitisk deltaking, må me arbeide med heile tida.
Det kjem ikkje av seg sjølv.

Politikarrolla
Rolla til lokalpolitikarane endrar seg i takt med korleis kommunane endrar seg. Kommunepolitikken har blitt meir innfløkt, krev meir kompetanse og tek meir tid. For eksempel må også ein lokalpolitikar handtere gamle og nye medier. Ein politikarar som fell i medieskuggen, dvs. ikkje er synleg i media, vil kunne ha problem med å nå fram til innbyggjarane. Dette er noko fleire av utstillingsvindaugeprosjekta har vore opptekne av, å få ei god opplæring og praktisk trening i mediebruk.

Her har dei samarbeidd godt med KS om å få det inn i folkevaltopplæringsprogrammet.
Nye sosiale medier har endra lokalpolitikken og dei politiske prosessane. Dei har potensiale for å utvikle lokaldemokratiet. Openheita og konktakten med innbyggjarane har for eksempel blitt større.
For dei kvinnene som vil vere med i det lokalpolitiske ordskiftet, gjeld det å bruke mediene bevisst, og å hevde seg som kjelder på lik linje med menn.

Likestillingslandet Noreg
Noreg har vore kjend som ”likestillingslandet” - for sin høge kvinnerepresentasjonen i politikken. Det me gjer blir lagt merke til i resten av verda. Ja, i forfjor hadde eg besøk av kollegaen min i søsterdepartementet i India. Og i fjor tok Kommunal- og regionaldepartementet imot ein indisk delegasjon frå UN Women og fleire delstatar i India. Dei kom for å lære om erfaringane frå Utstillingsvindaugeprosjektet. Eg er glad for at statsrådskollegaen min i India - som meg - meiner at lokaldemokratiet må inkludere kvinner på lik linje med menn, også i praksis.
Det er naudsynt
for at lokalpolitikken skal vere relevant for alle - og for at me skal få gode, levedyktige lokalsamfunn. Det er gledeleg at fleire andre land dei siste åra har fått ein offensiv rekrutteringspolitikk for å få opp kvinnedelen i kommunane.

Desto meir skuffande er det at Noreg ikkje lenger er på toppen av rangeringslista når det gjeld kvinner i politikken. I mange år låg me og dei andre nordiske landa saman med Nederland, åleine i toppen. I dag er me i ferd med å bli innhenta av andre land, først og fremst frå sør. Noreg er no på ein åttande plass på lista over del kvinner i parlamentet. Også i lokalpolitikken har me blitt skjøve nedover på slike lister.

Strategien for stemmerettsforeininga for meir enn 100 år sidan var å arbeide for stemmerett til kommunestyra først.
Strategien min i dag er at me må starte med få kjønnsbalanse i kommunestyra. I neste omgang vil det kunne styrkje rekrutteringsgrunnlaget til nasjonalforsamlinga vår, ettersom dei fleste stortingspolitikarar har vore lokalpolitikarar.

Gjennom utstillingsvindaugeprosjektet har me fått fram nokre gode enkeltresultat. Mange idear og tiltak har blitt prøvde. Men etter siste lokalval har om lag 70 kommunar under 30 prosent kvinner i kommunestyra. Og forskarane har vist oss at det er 49 kommunar som i mange år har hatt låg kvinnedel.

For å ta tilbake førsteplassen på rangeringslista over høgast kvinnedel i lokalpolitikken i verda, må me få fleire kvinner til desse kommunestyra med aller lågast kvinnedel. Me veit no - gjennom utstillingsvindaugeprosjekta - at det er muleg.
Lukkast me med dette, vil me kunne ha kjønnsbalanse innan rekkevidde – kanskje allereie til neste lokalval!
Lukke til med konferansen!
Ikkje minst med å ”halde trykket oppe” med det viktige arbeidet dykk er så godt i gong med, - og med å gjere kjent gode resultat og erfaringar frå pionerprosjektet!
Takk for merksemda.