Historisk arkiv

Stortingsmelding om bygningspolitikk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Presentasjon frå pressekonferanse 15.06.2012

Velkomen til presentasjon av stortingsmeldinga om bygningspolitikken.

Kontroller mot framføring

Lysark 1

Velkomen til presentasjon av stortingsmeldinga om bygningspolitikken.
Det heiter at bygningar formar eit samfunn.
Ja, men dei påverkar oss som einskildmenneske også.
Slik grip bygningspolitikken inn i kvardagen vår.
Me likar eller mislikar arkitektur og byggeskikk.
Me finn oss til rette eller vantrivast i eit hus.

Så – bygningspolitikk er viktig.

Velkomen også til Vulkan.
Eit spennande byutviklingsprosjekt i hjartet av hovudstaden.

Gamle bygningar og tradisjonar blir rehabilitert her.
Nye bygg blir reist i tråd med moderne krav til miljø og universell utforming.
Tysdag fekk Oslo kommune Statens bymiljøpris for utviklinga av gamle industriområde langs Akerselva.

Fornyinga av Vulkan er eit godt døme på dette.
Eg trur området vil glede både nærområdet, heile Oslo og mange tilreisande.

Fyrste melding
Meldinga me legg fram i dag er den fyrste om bygningspolitikken nokon sinne.
Særs nøgd og stolt.
På høg tid at byggsektoren får si eiga melding.
Tittelen ”Gode bygg for eit betre samfunn” gjev hovudbodskapen. Regjeringa vil leggje grunnlaget for at kvaliteten på det me byggjer skal bli betre og at kompetansen i næringa skal hevast.

Bygningsfeltet er stort.
I meldinga blir merksemda fyrst og fremst retta mot dei områda der regjeringa melder om ein endra eller ny politikk - og som gjev store utfordringar:
Eg vil i hovudsak trekkje fram miljø, forenkling og kompetanse.

Men dei som tek seg tid vil også finne brei omtale av byggjeskikk og arkitektur, inneklima, tilgjenge, byggfeil – for å nemne nokre felt.

Norsk arkitektur og bygningsteknologi markerer seg internasjonalt.
Operaen er berre eit døme.
Likevel må me erkjenne at det står igjen ein del arbeid før heile byggsektoren kjem opp på eit nivå som både styresmakter og næringa er nøgde med.

Lysark 2
Regjeringas politikk

Her ser de måla for bygningspolitikken – samstundes dei viktigaste satsingsområda for regjeringa.
Me snakkar om å byggje med kvalitet.
Kva er det?
Jo, vil seie å skape berekraftige bygg – frå bygget blir planlagt, medan det er i bruk og fram til det eventuelt blir rive.
God investering å satse på bygg med høg teknisk kvalitet og liten energibruk,
bygg som er tilgjengelege og godt arkitektonisk utforma.

Korkje barneborna våre eller me – når me blir godt vaksne – vil vere nøgd med å bu i fjerde etasje utan heis.
Me vil ikkje bli stoppa av fysiske hindringar når me skal ut og delta i samfunnet. 
Ikkje nøgde med å måtte betale høge drifts- og oppvarmingskostnader i bustader. 
Spesielt ikkje når dei samstundes manglar gode uteareal og naboblokka stengjer for lys og utsikt.

Lysbilde 3
Byggsektoren

Byggsektoren er stor, fragmentert og kompleks.
Påverkar einskildmenneske og store delar av samfunnet.
Mange aktørar.
I utforminga av bygningspolitikken må staten vise omsyn til næringa.
Men byggjenæringa gjennomfører for ein stor del bygningspolitikken. Næringa har avgjerande innverknad på om bygningspolitikken lukkast. 

Eg er glad for at me har god dialog med næringa.

Før eg går vidare: nokre fakta. 
I Noreg er det nærare fire millionar bygningar.
Verdien av bygga våre er på nær seks billionar kroner.
Det var i 2011 ca. 181 000 tinglyste omsetningar av fast eigedom.
Årleg omset bygg- anlegg og eigedomsnæringa for meir enn 600 milliardar kroner.

Me pussar opp, rehabiliterer og bygger til for 50 milliardar kroner.
Næringa er størst på fastlandet.
33 prosent av alle bedrifter i Noreg er BAE-bedrifter.

Mange tall. Store verdiar.
Korleis me handterer desse ressursane vil bety mykje for samfunnsøkonomien og for eit velfungerande samfunn.

Lysark fire
Graf geografi

Byggjenæringa er representerte i alle kommunane i landet.
Relativt sett den næringa som har størst innverknad på sysselsetjinga utanfor dei store byane.
Meir enn 300 000 tilsette og 75 000 føretak. 
I nokre landkommunar er byggjenæringa den klart største næringa.

Lysark fem
Graf over prisar

Sidan 1992 har bustadprisane i Noreg stige mykje meir enn byggjekostnadene og konsumprisane.
Konsumprisindeksen auka med 47 prosent, byggjekostnadsindeksen for bustader med 89 prosent, medan bustadprisindeksen (for brukte bustader) auka med 340 prosent  - meir enn ei firedobling.

I gapet mellom bustadprisar og bustadprisindeksen ligg ein formidabel verdivekst.
For bustadeigarar, for dei som har selt tomter og for mange aktørar i verdikjeda for bustadbygging.

Lysark seks
Graf produktivitet

Byggjenæringa har sidan midten av 1990-talet opplevd eit fall i produktivitetsnivået. 
Andre næringar - særleg industrien - har hatt vekst.
Figuren viser at produktiviteten i entreprenør- og handverksverksemder har falle med meir enn 20 prosent frå 2000 til 2011.
Det vil seie at det som bygg- og anleggsarbeidarar bruka 60 minutt på å produsere i 2000, måtte dei bruke meir enn 75 minutt på i 2011.
Også andre europeiske land rapporterer om svak produktivitetsutvikling i byggjenæringa.
Må strekast under at det er stor uvisse når det gjeld utviklinga.
Store variasjonar mellom ulike bransjar og mellom bygging og rehabilitering.

Lysark sju
Kompetanse

Behovet for auka kompetanse, blir framheva av dei fleste miljø som kanskje den viktigaste faktoren for at byggjeverksemda skal heve seg og nå måla for bygningspolitikken.
For å få opp kompetansenivået og gjennomføringsevna inviterer eg byggjenæringa til eit felles lyft.
Samarbeidsplattforma Bygg21 skal lage strategi og handlingsplanar på området.

Lysark åtte
Kvalitet

Dei viktigaste kvalitetane som vil byggje opp under ein meir berekraftig byggsektor, kan oppsummerast slik:

  • God arkitektur og byggjeskikk skal prege all bygging.
  • Sikre bygg på trygge stader skal møte klimaendringane.
  • Fleire tilgjengelege universelt utforma bygg innan 2025.
  • Meir miljøvennlege byggjemateriale og bruk av slikt materiale
  • Unngå bruk av helse- og miljøfarlege stoff i bygg (innan 2020).
  • Bygg skal ha eit tilfredsstillande inneklima.

Energieffektive  bygg er kanskje den byggkvaliteten som flest har vore opptekne av.
Regjeringa sin politikk for energieffektivisering i bygg blei tidlegare presentert i klimameldinga.
Dei tekniske byggeforskriftene vil bli skjerpet i 2015 til passivhusnivå og i 2020 til nesten nullenergi-bygg.
Vil bli innførd energikrav til byggkomponenter i eksisterande bygg.
Regjeringa skal leggje fram mål for energieffektivisering i løpet av 2012.
Må syte for at nye krav ikkje vil gje dårlegare inneklima i bygga våre. 
Stor interesse for å byggje energieffektivt gjer at eg har tru på at me skal få alt dette til.

Lysark ni
Forenkling

Regjeringa har eit klart mål.
Det er å redusere dei administrative byrdene for næringslivet og forbrukarane.

Byggjesaksprosessane skal bli enklare og meir effektive.
Me må utnytte potensialet som ligg i bruk av IKT.

Færre søknadspliktige byggjetiltak betyr at enklare tiltak på eigen eigedom er eigaren sitt ansvar.
Kommunal sakshandsaming, krav om ansvarlege, profesjonelle føretak, tilsyn og kontroll skal berre gjelde større tiltak og tiltak som har konsekvensar for andre enn eigaren sjølv.

”Enkle tiltak” er til dømes tilbygg på inntil 50 kvadratmeter, frittståande bygningar på inntil 70 kvadratmeter som ikkje skal brukast til bustad (til dømes garasje), mellombels tiltak og mindre antenne- og skiltanlegg.

Søknadsprosessen for slike ”enkle tiltak” skapar mykje arbeid for kommunar og tiltakshavarar.

Dei omfattar mellom 30 og 40 prosent av byggjesøknadsmengda. Ressursbruken i desse sakene ligg truleg på ca. 15–20 prosent av ressursane til byggjesakshandsaming i kommunane.
Me snakkar med andre ord om ei monaleg lette for kommunane, for innbyggjarane og for byggjenæringa.

Me har også eit mål om at kommunane innan 2015 skal kunne gjere all sakshandsaming digitalt.

Lysark 10
Forbilde

40 prosent av alle byggjeoppdrag i Noreg blir bestilt av det offentlege.
Investerer ca. 32 milliardar kroner årleg i nybygg og rehabilitering.
Årlege utgiftene til forvaltning, drift og vedlikehald kjem opp i ca. 25 milliardar kroner.
Kommunar og fylkeskommunar står for to tredelar av dette.

Det offentlege er med andre ord viktig som pådrivar og førebilete:
Også mange kommunar kan spele ei aktiv rolle, som ”kritiske kundar” og gode bestillarar.

Lysark 11
Vennesla bibliotek

Eit døme på ein god bestillar er Vennesla kommune.
Her ser de det nye kulturhuset og biblioteket som nyleg fekk Statens byggeskikkpris.

Spennande utforma av arkitektane Helen og Hard, konstruksjonen minner om ein innvendig kval.
Materialet er tre, noko som peikar framover for norsk industri og utnytting av ein verdifull ressurs.
Juryen understrekar korleis bygget bidreg til utvikling av staden, det offentlege rom.
Ja, dei seier til og med at bygget luktar godt.

Bygningspolitikk er altså ikkje noko fjernt.
Politikken vedkjem dei fleste av oss og legg grunnlag for eit verdig liv, verdiskaping og ulike aktivitetar.
Eit samfunn fungerer ikkje utan gode bygg.
Difor er god bygningspolitikk også god samfunnspolitikk.

Takk for merksemda.