Historisk arkiv

Pris til årets nynorskkommune 2009

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Ry: Inspirasjonsside for omdømmearbeid i kommuner og regioner

Kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa lanserer ein heilt ny pris. Årets nynorskkommune skal få heider, ære og 100.000 kroner. Kommunane kan søkja på prisen.


Kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa lanserer ein heilt ny pris. Årets nynorskkommune skal få heider, ære og 100.000 kroner. Kommunane kan søkja på prisen. Rød sløyfe.
Prisen skal gå til ein kommune som har nynorsk som den formelle målforma si, og som gjennom aktiv bruk av nynorsk har gjort ein særskild innsats for å fremja nynorsk som skriftmål. - Mange av dei 116 nynorskkommunane kan vera gode døme for andre, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Del av omdømearbeid
- Eg har samarbeidd med Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) om kriteria for prisen. Det er viktig å synleggjera nynorsk som ein del av kommunane sitt omdømearbeid og nynorsken sin plass i samfunnet. Det er og viktig at kommunane aktivt brukar nynorsk i tenestene. Difor ser eg fram til å dela ut ein slik pris, seier statsråden.

Jurymedlemmer
Juryen som skal kåra den beste nynorskkommunen, har desse medlemmene:
- Vidar Høviskeland, Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK)
- Gunn Berit Gjerde, fylkestingsrepresentant (V) i Møre og Romsdal
- Rune Hetland,  Landslaget for lokalaviser (LLA)
- Eli Johanne Lundemo, Kommunal- og regionaldepartementet

Kven kan søkja?
Dei som kan søkja på prisen, er nynorskkommunar som har gjort ein innsats på eitt eller fleire av områda som er nemnde under:
• aktiv bruk og synleggjering av nynorsk i kommunale planar
• aktiv bruk av nynorsk i omdøme- og informasjonsarbeid. Dette kan vera heimesider, skriftleg informasjonsmateriell til innbyggjarane, opplegg for generell marknadsføring av kommunen, god målbruk blant tilsette, til dømes gjennom kurs og anna opplæring i nynorsk, eller eigne retningsliner for nynorskbruk i kommunen
• marknadsføring av nynorsk i kulturarbeid og kulturarrangement
• tidleg nynorskinnsats i barnehage og grunnskule

Søknadsfrist 7. august
Søknadsfristen er 7. august 2009. Prisen, som er på 100.000 kroner, blir delt ut i september i år. Søknad, merka ”Årets nynorskkommune”, kan sendes til postmottak@krd.dep.no eller 
Kommunal- og regionaldepartementet
Postboks 8112 Dep
0032 Oslo

Foto: Alessandro Paiva