Historisk arkiv

Om Omdømmeskolen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Kommunal- og regionaldepartementet starta i juni 2008 opp eit forsøk med ein omdømmeskule for norske kommunar.

Kommunal- og regionaldepartementet gjennomførte i 2008  eit forsøk med ein omdømmeskule for norske kommunar.

Utgangspunktet har vore at Kommunal- og regionaldepartementet trur at kommunar og regionar har eit stort potensial når det gjeld å betra omdømet og profesjonalisera kommunikasjons- og marknadsarbeidet sitt. Dette gjeld spesielt overfor målgruppene unge og folk i etableringsfasen.

Målet er å inspirera kommunar, småsamfunn og andre til å arbeida systematisk med profilering,  omdømeprosessar og stadutvikling. Omdømeskulen skal medverka til å løfta fram moglegheitene, for på det viset å leggja grunnlaget for ei betre utvikling i distrikta. 

Det er profesjonelle krefter som hjelper oss i dette krevjande arbeidet. Vi har funne fram til ressurspersonar med stor fagleg integritet. Tema for samlingane er målmedvite arbeid med eige omdøme, korleis ein kan arbeida med omdømestyring, og sist men ikkje minst,  setja fokus på kva føresetnader som gjeld i arbeidet med å styrkja bygda, staden eller kommunen sitt omdøme.

Mellom samlingane skal deltakarane arbeida med oppgåver som vil vera til praktisk nytte i samband med omdømearbeid i eige lokalsamfunn.

Omdømeskulen vart gjennomført i form av tre samlingar på to dagar kvar. På samlingane veksla arbeidsforma mellom faglege innleiingar, diskusjonar, praktiske eksempel på omdømebygging og tid til å diskutera deltakarane sine eigne prosjekt/røynsler.

Interessa for å vera med på omdømmeskolen har vore stor. Arbeidet med omdømmebygging skal førast vidare av Distrikssenteret. Kontaktperson ved Distriktssenteret er Anne Irene Myhr, telefon 48 16 82 79, e-post anne-irene.myhr@kdu.no.