Historisk arkiv

Høyanger

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Kommunevåpenet til Høyanger

Kommune: Høyanger

Tema: Sjukefråvær og heltid/deltid

Prosjektleder: Tove Walderhaug

Bakgrunn: Deltaking i Saman om ein betre kommune er vidareføring av prosjektet Reduksjon av sjukefråvær. Kommunen har behov for å få redusert sjukefråværet og få ned talet på tilsette som går ønska deltid. For å oppnå reduksjon i fråværet har ein sett behov for eit meir heilskapleg og systematisk arbeid i heile organisasjonen. Tidlegare erfaringar har vist at å arbeide utelukkande reparerande ikkje gjev dei ønska resultata, og ein treng tiltak som også verkar helsefremjande og førebyggande for arbeidsmiljøet. I utgangspunktet var deltidsdelen ein mindre del av prosjektet vårt – integrert i sjukefråværsdelen. Etterkvart har den vokse seg like stor som sjukefråværsdelen og vi ser no på deltid som ein sjølvstendig del av prosjektet.

Prosjekt: Saman om ein betre kommune, deltaking 2013 – 2015.

  1. Sjukefråversarbeid skal sjåast i eit heilskapsperspektiv og arbeidet skal ha eit overordna forankring i filosofiane: helsefremjande, førebyggande og tilrettelegging/rehabilitering.
  2. For å oppnå effektiv utnytting av personalressursar, betre kvalitet i tenestene og eit betre arbeidsmiljø samt førebygge sjukefråver, ønskjer kommunen å kartlegge omfanget av uønska eller frivillig deltid og sjå på moglege løysingar innanfor kommunen sine rammevilkår.  

Mål: Innan hovudprosjektet er avslutta skal:

  1. Sjukefråveret stabilt vere under 6 % i snitt for heile kommunen
  2. Talet på tilsette som arbeider uønska deltid vere redusert

Delmål:

  • Utvikle og vedlikeholde gode system/styringsverktøy
  • Kontinuerleg kartlegging av arbeidsmiljøet
  • Leiaropplæring med fokus på systematisk HMS/sjukefråværsoppfølging
  • Etablere utval som skal arbeide med førebygging
  • Tilsette skal ha felles møtepunkt
  • Kvar arbeidsplass skal ha tiltak som fokuserer på arbeidsmiljøet
  • Gjennomsnittleg storleik på deltidsstillingane skal vere 70 % innan 31.12.2014

Tiltak: 1. Sjukefråvær:

  • Tilretteleggingsutval er operasjonalisert
  • Felles system for oppfølging. Opplæring til alle personalleiarar, tillitsvalde og verneombod
  • Ny rutine ved melding om fråvær
  • Temadag om helsefremjande leiing
  • Som ledd i førebygging/tilretteleggingsarbeidet har alle einingar oversikt over kjerne- og periferioppgåver
  • Samarbeid med fastlegar i kommunen

Tiltak: 2. Heiltid/deltid

  • Lærlingar må tilsetjast i 100 % stillingar når dei vert fagarbeidarar
  • Tilsette må kunne arbeide på tvers av tenesteområde, (t.d. både i skule og helse)
  • Ein må legge til rette for nye arbeidstidsordningar med større stillingsbrøkar
  • Ved naturlig avgang for deltidstilsette; tilby deira stillingsbrøk til andre deltidstilsette som ønskjer større stilling. Intern utlysing.
  • Vurdere kompetanseheving for ufaglærde som tiltak