Historisk arkiv

Sund*

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

*Sund avsluttet prosjektet sitt i 2014

Sund kommunevåpen

Tema: Sjukefråvere

Prosjektleder: Helene Møgster

Bakgrunn: Sund kommune har gjennom lang tid hatt eit høgt sjukefråvere. Det har vore gjennomført fleire gode tiltak for å få tala ned, men utan dei resultata ein forventa. AMU vedtok 16.9.2010 at Sund kommune skulle delta i Hordalandsprosjektet, som var ein utviklingsverkstad i regi av KS. Det vart fokusert på det inkluderande arbeidslivet, og bygde på erfaringar frå tillitsprosjektet i Mandal.

På bakgrunn av dette starta kommunen opp nærværprosjektet der ein ønska å få ned sjukefråværet ved å innføre 365 dagars eigenmelding og skape myndige og ansvarlege medarbeidarar.  I påvente av svar frå Arbeidsdepartementet om innføring av 365 eigenmeldingsdagar, starta Sund kommune opp STOLT! Dette er eit opplegg som vert gjennomført i einingar med høgt fråvere. Tidsperioden er seks månader. Det er dei tilsette sjølve som bestemmer og gjennomfører tiltak som gjer at dei får det betre på arbeid. Yrkesstoltheit, arbeidsglede og nøgde brukarar er viktige tema. 

Sund kommune hadde eit nærvær i 2010 på 89,4 % og 89,6 % i 2011. Bruk av eigenmelding var 1 %.

Prosjekt: ”Vi é Sund”

Mål:  

  • Nærvær over 92,5 %
  • Auke bruk av eigenmelding til 3 %, samstundes som legemeldt fråvær blir redusert
  • Myndige, ansvarlege, trygge og stolte medarbeidarar

Tiltak:

  • Gjennomføre STOLT! i alle einingar som har eit høgt sjukefråvere, men maksimum tre einingar pr. halvår.
  • Gjennomføre leiaropplæring på alle nivå når det gjeld oppfølging av sjukemeldte og tema som naturleg høyrer saman med det.
  • Innføre 16 dagars eigenmelding for tilsette

 

Nyhende: