Historisk arkiv

Arbeidsmiljøprisen 2012 til Bømlo kommune

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Bømlo kommune vart tildelt Arbeidsmiljøprisen 2012 under arbeidsmiljø-konferansen i Ulvik. Kommunen sitt langsiktige IA-arbeid ligg til grunn for prisen Fagforbundet Hordaland, Utdanningsforbundet Hordaland og KS deler ut årleg.

Bømlo kommune vart tildelt Arbeidsmiljøprisen 2012 under arbeidsmiljø- konferansen i Ulvik. Kommunen sitt langsiktige IA-arbeid ligg til grunn for prisen Fagforbundet Hordaland, Utdanningsforbundet Hordaland og KS deler ut årleg.

Seniorrådgjevar Knut Martens, hovudtillitsvald Christin Klubben i Utdanningsforbundet, personalkonsulent John Helge Møgster og hovudtillitsvald Marit Brakestad frå Fagforbundet tok i mot Arbeidsmiljøprisen 2012 på vegne av Bømlo kommune i Ulvik.

 
Seniorrådgjevar Knut Martens, hovudtillitsvald Christin Klubben i Utdanningsforbundet, personalkonsulent John Helge Møgster og hovudtillitsvald Marit Brakestad frå Fagforbundet tok i mot Arbeidsmiljøprisen 2012 på vegne av Bømlo kommune i Ulvik.
Seniorrådgjevar Knut Martens, hovudtillitsvald Christin Klubben i Utdanningsforbundet, personalkonsulent John Helge Møgster og hovudtillitsvald Marit Brakestad frå Fagforbundet tok i mot Arbeidsmiljøprisen 2012 på vegne av Bømlo kommune i Ulvik. (Simon K. Sortland)
 

Motiverar til vidare innsats
- Utruleg bra. Dette er ein skikkeleg motivator for å halda oppe trykket i IA-arbeidet vårt, seier rådmann Sverre Olav Svarstad. Dette dokumenterer at vår måte å jobbe på gir resultat, og vonleg kan det gje inspirasjon til andre som kanskje slit med å finna formen på sitt IA-arbeid.

- Arbeidsmiljøprisen 2012 gjekk til Bømlo kommune som kommune. Det er viktig å understreka at me fekk denne prisen takka vere kvar einskild tilsett som kvar dag gjer den jobben me er blitt samde om skal gjerast i IA-arbeidet, legg seniorrådgjevar og IA-koordinator Knut Martens til.

- Arbeidsmiljøet er noko alle tilsette er medansvarlege for, og vonaleg vil denne prisen bidra til at alle får auka medeigarskap til IA-arbeidet. For dette er eit kontinuerleg arbeid, understrekar hovudtillitsvald Christin Klubben i Utdanningsforbundet.


God drahjelp
- Arbeidsmiljøprisen 2012 er ei god drahjelp for å få alle i organisasjonen til å forstå kor viktig dette arbeidet er, og ikkje minst få kjennskap til det. Ein avgjerande suksessfaktor er at me har ein eigen koordinator og oppbakking frå rådmannen, påpeikar hovudtillitsvald Marit Brakestad. Ho synest også det er kjekt å oppleva at andre kommunar er nyfikne på kva me i Bømlo driv med på dette feltet.

- Dette er ikkje ein pris for å ha nådd eit mål, og den forpliktar til vidare innsats i IA-arbeidet. Difor er eg glad for at me kan ha ein person som har dette som si hovudoppgåve, noko som saman med forankringa er heilt avgjerande, meiner Svarstad.

- Eg synest det er flott å vite at Bømlo kommune har tilsette og tillitsvalde som kan jobba så godt i lag med leiinga og andre partnarar. Med systematisk og godt samarbeid får me resultat, seier rådmann Sverre Olav Svarstad.

Våre åtte satsingsområder
Kommunen sine mål er å redusera sjukefråværet til under 5,4%, tilrettelegge og førebygge sjukefråvær, og å egge til rette for at personalet står i arbeid lengst mogeleg etter fylte 62 år.

For å nå måla vil me at:
• Medråderettssystemet skal fungera
• Alle tilsette får medarbeidarsamtale kvart år.
• Alle verksemder gjennomfører arbeidsmiljøundersøking kvart år.
• Arbeidsmiljøutvalet fungerer godt til beste for alle tilsette.
• At vi har eit heilskapleg avvikssystem som vi har tillit til.
• At vi har ein heilskapleg plan for helse/miljø og sikkerheit.
• At vi har ein god plan for å ta imot nye tilsette.
• At vi har god kultur og rutinar på førebygging/tilrettelegging og oppfølging for arbeidstakarar som treng det.

Om Arbeidsmiljøprisen og Arbeidsmiljøkonferansen
Omtale på nettsida til Bømlo-nytt

Denne saka vart opprinneleg skriven av Simon Knutsson Sortland for nettsidene til Bømlo kommune.

 

Til toppen