Historisk arkiv

Eit fyrtårn på IA-arbeid

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Bømlo kommune har høgt fokus på IA-arbeid. Nyleg vann kommunen Arbeidsmiljøprisen 2012, som kvart år vert delt ut av Fagforbundet Hordaland, Utdanningsforbundet Hordaland og KS.

Bømlo kommune har høgt fokus på IA-arbeid. Nyleg vann kommunen Arbeidsmiljøprisen 2012, som kvart år vert delt ut av Fagforbundet Hordaland, Utdanningsforbundet Hordaland og KS.

Auka sysselsetting av personar med redusert funksjonsevne er eitt av delmåla i IA-avtalen. Dette er dei også opptekne av i Bømlo kommune.

- Ei av målsetjingane for IA-arbeidet vi tok til med i 2010 går ut på å fange opp og legge til rette for folk som har funksjonshemmingar, helseproblem eller av andre grunnar har falt utanfor arbeidslivet, fortel prosjektleiar for Saman om ein betre kommune, Knut Martens.

Ein ny sjanse

Egil nærmar seg 5000 skanna bilete. Foto-grafen på veggen hjelpar han med å halda styr i teljinga (Foto: Ingebjørg Sørenes).

Ein av dei som lenge sto utanfor arbeidslivet er Egil Kvarven. Egil har Cerebral Parese, epilepsi og er blind på eine auget. I 2005 vart han tilsett i kommunen. Frå kontoret sitt på rådhuset er jobben hans å skanna historiske bilete inn i det digitale fotoarkivet til Bømlo folkebibliotek. Talet på bilete nærmar seg 5000.

Det var tilfeldig at Egil hamna i kommunen. Det byrja med at ein tilsett i kommunen og ein tilsett ved Polden verkstad, ei bedrift for personar med funksjonshemning, kom i snakk om det store fotoarkivet i kjellaren på rådhuset. Dei kom fram til at dette var ein jobb som hadde passa godt for Egil.

- I byrjinga var det mykje prøving og feiling. Fyrst då eg var ferdig å skanna ei stor samling gamle flyfoto kom meistringskjensla, fortel han.

På Bømlo har Egil fått mykje positiv merksemd for arbeidet han har lagt ned. No tykkjer han det er på høg tid at folk også utanfor lokalsamfunnet får opp augo.

-  Når dei greier å legge til rette for meg her, må dei kunne klare det andre stadar òg. Det er så mange av oss som med litt tilrettelegging kan komme oss i arbeid. Eg kjenner fleire i liknande situasjon som ikkje har noko tilbod, og difor sit mykje heime, seier han.

 

For å få dei gamle bileta inn på datamaskina brukar Egil ein spesialbygd boks, den såkalla foto-foto-boksen. Her tek han bilete av gamle negativ, som blir skanna og sendt til biblioteket for publisering på nett
For å få dei gamle bileta inn på datamaskina brukar Egil ein spesialbygd boks, den såkalla foto-foto-boksen. Her tek han bilete av gamle negativ, som blir skanna og sendt til biblioteket for publisering på nett (Foto: Ingebjørg Sørenes)


Aktivitetstilbodet Basen

Eit anna tiltak som har vakt stor begeistring på Bømlo er arbeids- og aktivitetstilbodet Basen, som starta opp i februar 2011 i regi av Nav Bømlo. Basen held til i ein kommunal bustad som deltakarane  har gjort om til ein flott sosial møtestad.

- Målet med tiltaket er å heve livskvaliteten til menneske som av ulike grunnar står utan ordinært arbeid eller anna aktivitet. Hovudgruppa er personar med ruslidingar, men Basen har valt ikkje å ekskludere andre personar. Deltakarane får nytta ressursane sine, og dei får positive tilbakemeldingar. Dei som til dømes har sosial angst får prøve seg i det sosiale liv, ei erfaring som kan hjelpe dei vidare i livet. Alle er her av eigen fri vilje fordi dei treng eit tilbod og eit fellesskap, fortel arbeidskoordinator Ove Halleraker.

 

Frå venstre: arbeids- og aktivitetskoordinator Ove Halleraker saman med to av dei faste innslaga på Basen, Odd Einar og Magne. - Hadde eg ikkje hatt tilbod om arbeid gjennom Basen hadde eg nok framleis gjort det eg stort sett har heldt på med dei siste 16 åra: rusa meg, seier Magne.
Frå venstre: arbeids- og aktivitetskoordinator Ove Halleraker saman med to av dei faste innslaga på Basen, Odd Einar og Magne. - Hadde eg ikkje hatt tilbod om arbeid gjennom Basen hadde eg nok framleis gjort det eg stort sett har heldt på med dei siste 16 åra: rusa meg, seier Magne (Foto: Ingebjørg Sørenes).


Ein stad å høyre til
På Basen får deltakarane gratis frukost og lunsj, og varm lunsj kvar fredag. Dei får tilgang på samtalerom, TV, internett, aviser og telefon til fri bruk. Basen er og open for personar som ikkje er ute på arbeidsoppdrag fire dagar i veka.

- Det er per i dag over 20 personar som har ei viss tilknyting til Basen. Dei som deltek i arbeidet mottar ei motivasjonslønn på 150 kr per dag som vert utbetalt på slutten av veka, forklarar Halleraker.

Bra for omdømmet i kommunen
Basen tek på seg forskjellige oppdrag for kommunen og private.  Det kan vere alt frå varekøyring til hagerydding, vedhogst og ulike typar vedlikehald. På ”skryteveggen” i entreen heng medieoppslag og anna positiv merksemd dei har hausta. Det er inga tvil om at Basen på kort tid har blitt eit hjartebarn både for kommune og næringsliv. Politikarar, rådmann og ordførar har frå fyrste dag støtta opp om prosjektet.

Sunn økonomi
Halleraker har heilt sidan oppstarten vore tydeleg på at tilbodet må vera robust nok til å stå på eigne bein. Det har dei klart.

Næringslivet er og svært positive til Basen, og har mellom anna tilgodesett dei med mykje utstyr. Til gjengjeld er Halleraker ryddig på at dei aldri går inn og konkurrerar med andre bedrifter, men heller satsar på å finne sine eigne nisjar.

 

Eit godt driftsresultat har gjort det mogleg for Basen å kjøpe inn bilar, snøfresarar og diverse verkty dei treng for å vera sjølvhjelpne. Dei har også fått mykje verktøy og utstyr frå lokale bedrifter
Eit godt driftsresultat har gjort det mogleg for Basen å kjøpe inn bilar, snøfresarar og diverse verkty dei treng for å vera sjølvhjelpne. Dei har også fått mykje verktøy og utstyr frå lokale bedrifter (Foto: Ingebjørg Sørenes).


Det er lita tvil om at arbeids- og aktivitetskoordinatoren nyt stor tillit og er godt likt blant deltakarane.

- Eg har tru på å gje folk ansvar og behandle dei på ein skikkeleg måte. Ein skal ikkje undervurdere folk sjølv om dei har hamna utanfor arbeidslivet. Hugs på at me snakkar om flinke arbeidsfolk, understrekar han.

Noko måtte gjerast
Elisabeth Haugen er sosialfagleg ansvarleg ved Nav Bømlo. Ho fortel at det var etter at dei fann ut at 81 prosent av personar med rusrelaterte problem i kommunen sto utanfor arbeidslivet eller anna aktivitet, at dei fann ut at dei måtte opprette eit tiltak.

Sosialfagleg ansvarleg i Nav Bømlo, Elisabeth Haugen.
Sosialfagleg ansvarleg i Nav Bømlo, Elisabeth Haugen (Foto: Ingebjørg Sørenes).

- Gjennom Helsedirektoratet løyva Fylkesmannen ein 100 prosentstilling. Vi fekk inn mange gode søknader. Då valet fall på Ove Halleraker, skuldast dette mellom anna at han har eit svært stort kontaktnett på Bømlo. Ove har skaffa jobbar til Basen frå dag ein, og strekk seg langt ut over det som er forventa av ein ordinær arbeids- og aktivitetskoordinator. Han jobbar heile tida, fortel ho.

Det er ikkje heile brukargruppa som til einkvann tid klarar å delta i arbeidsretta aktivitet. I tillegg til ildsjela Halleraker har Nav difor nytta midlar frå Helsedirektoratet til mellombels tilsetjing av to arbeids- og aktivitetskoordinatorar på deltid. Med desse på plass har Basen utvida opningstidene for dei deltakarane som ikkje kan utføre arbeid frå kl 8-15.

Treng enda fleire
I realiteten er det dei som klarar å arbeide som oppfyller sjølve premissen for oppretthalding av Basen, ikkje dei minst ressurssterke. Nav søkjer derfor hele tida om meir midlar til å klare å tilsetje fleire, slik at dei kan få meir fokus på deltakarane som klarar seg dårlegast. Førebels har ikkje Basen lukkast med å få nye tilskotsmidlar for neste år. I verste fall betyr dette ei svekking av tilbodet til den svakaste gruppa. På bakgrunn av dette kjem det ein hjartesukk frå Elisabeth Haugen på tampen:

- Hadde vi fått inn ein tilsett som kunne jobbe med dei konkrete problema deltakarane slit med, kunne kanskje Basen fungert som springbrett også for denne gruppa. Tenk kor store skatteinntekter kommunen kunne fått om desse kom seg ut i vanleg lønna arbeid!

Ynskjer du å vite meir om korleis Bømlo kommune arbeidar med IA-arbeid? Ta kontakt med prosjektleiar Knut Martens på e-post: knut.martens@bomlo.kommune.no