Historisk arkiv

Gode resultat av Saman om-arbeid

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Klare mål og godt samarbeid mellom tilsette, tillitsvalde, leiarar og politikarar gjev resultat. Det syner Saman om ein betre kommune-prosjekta så langt.

Klare mål og godt samarbeid mellom tilsette, tillitsvalde, leiarar og politikarar gjev resultat. Det syner Saman om ein betre kommune-prosjekta så langt.


109 kommunar er no med i programmet Saman om ein betre kommune. Desse får støtte til arbeidet sitt med å redusere sjukefråveret og det uønska deltidsarbeidet, få auka kompetansen og rekrutteringa til dei kommunale jobbane og betra omdømet til kommunen.

Agenda Kaupang har på oppdrag frå Kommunal- og regionaldepartementet oppsummert aktiviteten til dei 51 kommunane som deltek i den første pulja av det nasjonale utviklingsprogrammet ”Saman om ein betre kommune”.

Last ned rapporten fra Agenda Kaupang (PDF)

Prosjekta har kome godt i gang, og det blir arbeidd med ei mengde tiltak. Alle tema i programmet er utfordrande og krev systematisk og langsiktig innsats.

Dei fleste kommunane seier i rapporten at det er for tidleg å seie noko sikkert om dei oppnår ønska effekt. Ein del melder likevel at dei kan sjå resultat av innsatsen allereie.

Ein lærdom frå programmet så langt er at involvering frå tilsette, tillitsvalde og leiarar er viktig for å oppnå ein heiltidskultur i kommunesektoren. Det er også avgjerande at dei lokale politikarane er med.

Time er ein av dei kommunane som jobbar med å auke stillingsbrøkane sine. Kommunen har mellom anna innførd eit system der tilsette kan booke arbeidstid heime frå. Kommunen fortel allereie om positive resultat: Tale på større stillingar aukar, og talet på småstillingar er redusert.

Rapporteringa frå kommunane i Saman om ein betre kommune peikar også på viktige utfordringar som programmet no arbeider vidare med. Agenda oppfordrar mellom anna kommunane til å bli enda flinkare til å setje konkrete målsetjingar som let seg måle.  Dette er noko som gjeld for kommunar innan alle tema i programmet.

Heile kommunenoreg er invitert til konferanse for inspirasjon og gode eksempel frå Saman om ein betre kommune-prosjekta i Oslo 18. juni.

Her er også nokre eksempel på spanande prosjekt:


Heiltidskultur
Time kommune har allereie arbeidd ei stund med å auke stillingsstorleiken i kommunen, og ser allereie positive resultat av innsatsen.  Talet på større stillingar aukar, og talet på småstillingar er redusert. Kommunen har mellom anna innførd eit system der tilsette kan booke arbeidstid heimefrå. Time peikar på det gode samarbeidet mellom politikarar, arbeidsgjevar og tillitsvalde som eit viktig suksesskriterium i rapporteringa.

Fredrikstad er ein av kommunane som arbeider godt for å etablere ein heiltidskultur i kommunen. Kommunen har kome i gang med å teste ut nye arbeidstidsordningar, og langturnus er i utprøving innan fleire tenesteområde. Kommunen samarbeidar med Høgskolen i Østfold om kartlegging av kor tilfredse brukarane er ved oppstart og etter seks månader ved kvar utprøving. Kor nøgde dei tilsette er blir også kartlagt.  Dei tilsette har vore involverte i utforminga av turnusane, og kommunen kan rapportere at godt samarbeid mellom politikarar, arbeidstakarar, tillitsvalde og arbeidsgjevar er ein viktig drivar i prosjektet.

Kommunane som arbeider med heiltid har gjort mange erfaringar som vil vere til nytte for andre som skal arbeide med dette temaet. 

Andre kommunar i som arbeider med heiltidskultur er Drammen, Eidsvoll, ElverumKvinesdal, Lillesand, Løten, Meråker, Songdalen, Sortland og Våler.


Kompetanse og rekruttering
Brønnøy kommune er ein av kommunane som arbeider godt og breitt med kompetanseutvikling og rekruttering. Kommunen driv mellom anna prosjektet ”den digitale kommune” som handlar både om bruk av digitale læringsverktøy og innføring av digitale løysingar.

Brønnøy tilbyr også sommarjobb i barnehage til gutar mellom 16 og 18 år gjennom prosjektet ”Gutta boyz på tokt i barnehagen”. Målet med dette er å få fleire menn til å søkje seg inn i sektoren, og kommunen rapporterar at dei i etterkant av prosjektet har fått fleire førespurnader frå menn som er interessert i å jobbe i barnehage.

Dyrøy kommune er i likskap med Brønnøy opptekne av digitalisering. Kommunen arbeider med å utvikle den digitale kompetansen i barnehagane og pleie- og omsorgssektoren. Ved sjukeheimen har dei mellom anna tilgjengelege lesebrett slik at bebuarane gjennom videosamtalar praktisk talt får ha barnebarna på fanget.

Andre kommunar som arbeider med kompetanse og rekruttering er: , Finnøy & RennesøyGloppen, Hobøl, Lom, Lunner, Luster, Saltdal og Vesterålen Regionråd


Omdømme
Strand kommune er ein av kommunane i omdømmenettverket. Kommunen arbeider med å betre omdømmet, og lanserer mellom anna sjølvbeteningstenesta ”Nabolaget mitt” i løpet av 2013. Slik vil kommunen skape betre arenaer for dialog med innbyggjarane for å få til auka kunnskap om dei kommunale tenestene og meir fornøgde innbyggjarar.

Andre kommunar som arbeider med omdømme er: Bjugn, Gamvik, Karmøy, Meland og Ørland.


Sjukefråvere
18 av kommunane i første pulje av Saman om ein betre kommune arbeider med å redusere sjukefråveret. Mandal er første kommune til å avslutte programmet. Gjennom  Tillitsprosjektet har kommunen opna for 365 dagar eigenmelding i året, og kan no vise til eit sjukefråvere på rekordlåge 5,6 prosent.

Kommunen tilbyr dessutan prosjektet ”Raskere frisk” til tilsette innan helse- og omsorgssektoren som anten er langtidssjukemelde eller står i fare for å bli det. Alle som deltek får personleg tilrettelagt fysisk aktivitet og arbeidsretta rettleiing i ni veker. Arendal og Marnardal har også gjeve sine tilsette dette tilbodet. I dei tre kommunane har tiltaket så langt fått 45 prosent av dei langtidssjukemeldte tilbake i jobb, og motverka sjukemelding hjå 95 prosent av dei som stod i fare for å bli langtidssjukemelde.

Andre kommunar som arbeider med sjukefråvere er: Bømlo, Horten, Jondal, Kongsberg, Molde, Nedre Eiker, Nord-Aurdal, Skiptvet, Sola Songdalen Stavanger, Steinkjer, Sund, Tinn, Vefsn og Vegårshei.


Last ned rapporten fra Agenda Kaupang (PDF)