Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Skal arbeide saman om betre kommunar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

- Vi ser allereie lovande resultat frå den første pulja i ”Saman om ein betre kommune”. Eg har tru på at dei nye kommunane som no skal med i programmet også vil lukkast, sa politisk rådgjevar Anja Kristin Hjelseth på oppstartssamling for utviklingsprogrammet ”Saman om ein betre kommune”.

 

Politisk rådgjevar Anja Kristin Hjelseth i Kommunal- og regionaldepartementet
Politisk rådgjevar Anja Kristin Hjelseth i Kommunal- og regionaldepartementet (Ingebjørg Sørenes).

Ordførarar, rådmenn, tillitsvalde og andre representantar for dei 60 kommunane som er tekne opp i pulje 2 av programmet var til stades på samlinga.

Saman om ein betre kommune er eit samarbeid mellom Kommunal og regionaldepartementet, KS, LO Kommune, YS Kommune og Unio og Akademikerne. Programmet tel etter siste opptak 110 kommunar.

- For å sikre at alle partar blir involverte så tidleg som mogleg, er det flott at både politisk leiing, administrative leiarar, tillitsvalde og prosjektleiarane frå kvar kommune er med allereie ved oppstarten. Vi vonar dette vil gje ei vitamininnsprøyting til det vidare arbeidet, seier Hjelseth.

Dei første kommunane vart tekne opp i programmet hausten 2011. Dei arbeider lokalt med nokre av dei viktigaste utfordringane i kommunesektoren: Sjukefråvere, kompetanse og rekruttering, heiltid/deltid og omdøme.

Målet er at erfaringane som kommunane haustar frå prosjektarbeidet også skal kome andre kommunar til nytte. Programmet har også til hensikt å nytte nye arbeidsformer som fremjar innovasjon og nyskaping.

- Kommunane må heile tida tenkje nytt og omstille seg. Ved å ta del i Saman om ein betre kommune, får dei ta del i eit fagleg ressursmiljø og verdifull erfaringsutveksling med andre kommunar. Dei får i tillegg økonomisk støtte til å gjennomføre prosjektarbeidet.

 

Kommunane som deltek på oppstartssamlinga:

Akershus: Oppegård, Rælingen, Sørum
Buskerud: Ringerike, Øvre Eiker
Finnmark: Båtsfjord
Hedemark: Hamar, Os, Tolga, Åsnes
Hordaland: Austrheim, Etne, Stord, Vaksdal
Møre og Romsdal: Fræna, Kristiansund, Stordal, Sunndal, Surnadal, Ørsta
Nordland: Andøy, Dønna, Lofotsamarbeid (Værøy, Moskenes, Flakstad, Røst)
Nord-Trøndelag: Grong, Høylandet, Inderøy, Innherred Samkommune (Levanger og Verdal)
Oppland: Nordre Land, Sel, Vågå, Østre Toten
Rogaland: Eigersund, Haugesund
Sogn- og Fjordane: Høyanger, Sogndal
Sør-Trøndelag: Frøya, Midtre Gauldal, Oppdal, Rissa, Åfjord
Telemark: Porsgrunn
Troms: Ibestad, Kvæfjord, Lenvik, Salangen, Skånland, Sørreisa
Vest-Agder:
Listerregionen (Flekkefjord, Hægebostad, Kvinesdal, Lyngdal, Sirdal)
Vestfold: Andebu, Nøtterøy
Østfold: Sarpsborg, Spydeberg

Til toppen