Historisk arkiv

Yrkesstoltheit med fjør i hatten

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Sund kommune i Hordaland har hatt høgt sjukefråvere gjennom lang tid. Som del av sitt nærværsprosjekt har kommunen lansert Stolt! – eit opplegg som går over seks månader på arbeidsplassar der sjukefråveret er høgt.

Sund kommune i Hordaland har hatt høgt sjukefråvere gjennom lang tid. Som del av sitt nærværsprosjekt har kommunen lansert Stolt! – eit opplegg som går over seks månader på arbeidsplassar der sjukefråveret er høgt.


- I arbeidet med prosjektet har vi vore opptatt av forankring. Dette er eit prosjekt som tilhøyrer dei tilsette, ikkje leiinga, seier prosjektleiar Helene Møgster.

Yrkesstoltheit, arbeidsglede og kvalitet
Kommunen er no i ferd med å avslutte prosjektet i omsorgssektoren. Her har dei rundt 100 tilsette vorte involvert i prosjektet på eit tidleg tidspunkt. Det har vore opp til dei tilsette sjølve å definere kva dei treng for å auke nærværet.

- På første samling var fokus kva som skal til for at ein verkelig ynskjer å vere på jobb. Dei tilsette fekk utdelt fargestiftar, perler og fjær, med beskjed om å illustrera kva dei treng for å få det betre på arbeidsplassen. Dette resulterte i nokre fantastiske plakatar, fortel Møgster.

Det dei spesielt framheva var yrkesstoltheit, arbeidsglede og kvalitet på tenestene.

- Då ordet yrkesstoltheit først vart brakt på bane, peikte fleire av dei ufaglærte på at ikkje alle har et yrke. Men sjølv om ein manglar utdanning har alle våre tilsette innan helse og omsorg eit yrke – noko å vere stolt av, og dette har me hatt stort fokus på i prosjektperioden, seier prosjektleiaren.

Prosjektgruppa for Saman om ein betre kommune i Sund kommune
Prosjektgruppa for Saman om ein betre kommune i Sund kommune. Bak frå venstre: Tidlegare rådmann Gerhard Inge Storebø; verneombod Sissel Hamre; prosjektleiar for Stolt, Janne Thode; tillitsvalt Sykepleierforbundet, Birthe Westgaard; tillitsvalt Fagforbundet, Laila Førde; prosjektleiar «Saman om ein betre kommune», Helene Møgster. Framme frå venstre: Leiar i heimetenestene, Ellen Kvebæk Øvretveit; leiar for omsorgstenestene, Maritha Hilleren; kontaktperson frå NAV arbeidslivsenter, Hanne Schreiber og kontaktperson frå bedriftshelsetenesta, Gunvor Landro.


Tilrettelegging

Gjennom Stolt!-prosjektet har kommunen i tillegg arbeida mykje med tilrettelegging.

- Vi har sett nærare på kven som tilrettelegg, kven det vert tilrettelagt for og kven det er som avgjer kva som skal tilretteleggast. Det er inga tvil om at det er rom for forbetring på dette området. Fokus på arbeidsmiljø er like viktig som fokus på dei som er mykje sjukemeldt. Hele arbeidsplassen må inkluderast, ikkje berre dei det vert tilrettelagt for og leiaren, seier Møgster.

Positiv og uvant oppleving
Hildegunn Høyland er hovudtillitsvald i Fagforbundet, og jobbar som sjukepleiar. Hildegunn har vore gjennom Stolt! i omsorgssektoren. Ho opplever at all merksemda på kva ho som arbeidstakar kan vere stolt av har gjort noko med ho.

- Å skulle hengje ein plakat rundt halsen kor eg sjølv skulle lista opp personlege eigenskapar eg er stolt av, var vanskeleg å gjere, men blei ei fin oppleving og veldig uvant for meg som arbeider i omsorgssektoren, seier Hildegunn.

Stolt! vert no sakte men sikkert rulla ut i kommunale einingar kor sjukefråveret er høgt. Kommunen har sett tak på tre arbeidsplassar i halvåret. Neste sektor ut er barnehagane.