Historisk arkiv

Høyanger kommune - med kraft til å lukkast

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Høyanger hadde som mål å få sjukefråværet ned til 6 prosent i 2016.– Målet var mest ein visjon, seier rådmann Arve Varden, men i 2015 har vi sett sekstalet i fleire månader allereie.

Høyanger kommune er med i programmet ”Saman om ein betre kommune” og arbeider med områda heiltid/deltid og nærvær/sjukefråvær. Styringsgruppa, ved ordførar, rådmann og prosjektleiar, meiner at dei har lukkast godt i arbeidet med å redusera sjukefråværet.

I 2014 var sjukefråværet i kommunen på 7,6 prosent, det lågaste som er målt på 16 år i Høyanger kommune. Rådmannen peikar på at arbeidet med å redusera sjukefråværet er ein kontinuerleg prosess, og at ei heilskapeleg tilnærming til dette er nødvendig.

Tiltak for auka nærvær

Høyanger har satsa på mange ulike tiltak for å redusera sjukefråværet:

  • Gode rutinar for oppfølgjing
  • Vellukka etablering av tilretteleggjingsutval
  • Omfattande kurs og opplæring av leiarar, tillitsvalde, verneombod og tilsette
  • God forankring og oppfølging frå toppleiinga
  • Trivselstiltak

Sjølv om gode rutinar er på plass, har ingen full oversikt over korleis desse blir brukt i alle verksemder.

– Dette blir viktig å følgje opp vidare, seier prosjektleiar Tove Walderhaug.

Kommunen lagar månadlege rapportar om drift, inkludert sjukefråværstal og kostnader knytt til dette.

Heiltidskultur

Høyanger kommune gjekk også inn i programmet for å redusera uønska deltid. Kommunen har  kartlagt antalet tilsette som har uønska deltid. Svarprosenten var svært høg. I prosjektperioden har styringsgruppa vortne meir opptekne av ein heiltidskultur, sjølv om tilsette med uønska deltid er den primære målgruppa i første omgang.

– Prosjektgruppa er oppteken av at auka stillingsstørrelse  handlar om haldningar, både blant tilsette og leiarar. Å endre slike haldningar tar tid. For å lukkast i dette arbeidet krev det at ein held trykket oppe, seier prosjektleiar Arve Varden

 Høyanger har sine spesifikke utfordringar. Demografi kombinert med desentraliserte tenester gjer det vanskeleg å kombinere stillingar på tvers av verksemder. Industrisamfunnet Høyanger kan også ha bidrege til eit system der mannen si inntekt er kjernen i familieøkonomien og at kvinner sitt  bidrag blir ei deltidsstilling.

Heiltidskultur er sett på dagsorden, og ordfører Petter Sortland og rådmann Arve Varden understrekar at heiltidskultur er eit viktig arbeidsgivarmål.

– Gjennom prosjektet har vi fått eit sterkare innsyn i eigen organisasjon, og behovet for å gjere noko med deltidsproblematikken, seier rådmannen.

Fra venstre: rådmann Arve Varden, prosjektleder Tove Walderhaug, ordfører Petter SortlandFra venstre: rådmann Arve Varden, prosjektleder Tove Walderhaug, ordfører Petter Sortland

Fyller opp stillingar

Eit av tiltaka som er sett i verk, er å fylle opp stillingar, framfor å tilsetje fleire medarbeidarar  i deltid. Arbeidet er høgt prioritert i organisasjonen, og blir drøftet kvar veke med rådmannens leiargruppe, hovudtillitsvalgt i Fagforbundet og Hovudverneombod.

Det er gjennomført to større samlingar med fokus på heltidskultur. Her delte både Drammen kommune, ressurspersonar fra KS og Fagforbundet sine erfaringar og kunnskap frå heiltidsarbeid.  

Eit pilotprosjekt er under planleggjing på ein sjukeheim i kommunen. Ei gruppe på ni personar frå Høyanger var på besøk i Åsane bydel i Bergen for å lære om deira erfaringer med samarbeidsturnus. Åsane har gode erfaringar med dette og erfaringane tek Høyanger med seg for å rigge et pilotprosjekt.

Kommunen har også laga lokale retningslinjer for uønska deltid.

Sjølv om det er lang veg til målet, er dette arbeidet høgt prioritert i Høyanger kommune. Prosjektleiar Tove Walderhaug er oppteken av at heltidskultur er viktig for god rekruttering. Kommunen har blant anna som mål at lærlingar skal få tilbod om 100 prosent stilling når dei er utdanna fagarbeidarar.