Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Forventingsbrev - styringssignaler 2006

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

Finansdepartementet

Sak

Styringsdokument

Endringar i lov om kompensasjon for meirverdiavgift til kommunar og fylkeskommunar.

Frå 1.januar 2005 utvidast fristen for forelding i kompensasjonslova §10 tredje ledd med ein termin, slik at den fell samen med fristen til å sende inn kompensasjonskrav for påfølgande periode.

Ot.prp. nr 1
(2004 – 2005)
Skatte og avgiftsendringer
(PDF-format)

Samferdselsdepartementet

Sak

Styringsdokument

Samordning og varsling ved infrastrukturtiltak.

Kommunane har ei viktig rolle når det gjeld arealdisponering og planlegging for å leggje til rette for framføring av infrastruktur for elektronisk kommunikasjon. I samband med Stortinget si handsaming av St.meld. nr. 49 (2003 – 2004) ”Breiband for kunnskap og vekst” fremma Stortinget oppmodingsvedtak om varsling ved gravearbeid og samordning av infrastruktur for breiband. Dette inneber auka fokus på sakshandsaming av graveløyve og utarbeiding av planverk for arealdisponering.

St.prp. nr. 1 (2004 – 2005) for
Samferdselsdepartementet

Se kap 3.11.3 (side 33-34)

Fiskeri- og kystdepartementet

Sak

Styringsdokument

IK akvakultur

Forskrift om internkontroll for å oppfylle akvakulturlovgivinga. Fastsett av FKD 19. mars 2004, i kraft 1. januar 2005

Lovdata

Revisjon av konkursforskrifta

Forskrift om behandling av akvakulturkonsesjonar ved konkurs. Revidert forskrift fastsett av FKD 14. desember 2004, i kraft 1. januar 2005

Lovdata

Eigarbegrensingsforskrifta

Forskrift om kontroll med eigarmessige endringar i selskap mv. som har løyve til oppdrett av matfisk av laks og aure i sjø. Revidert forskrift fastsett av FKD 22. desember 2004, i kraft 1. januar 2005

Lovdata

Tildeling av konsesjonar for laks og aure

Forskrift om tildeling, endring og bortfall av løyve og lokalitetar for oppdrett av laks, aure og regnbogeaure. Fastsett av FKD 22. desember 2004, i kraft 1. januar 2005

Lovdata

Tildeling av konsesjonar for andre arter

Forskrift om tildeling, endring og bortfall av løyve for oppdrett av andre arter enn laks, aure og regnbogeaure. Fastsett av KFD 22. desember 2004, i kraft 1. januar 2005

Lovdata

Drift av akvakulturanlegg

Forskrift om drift av akvakulturanlegg. Fastsett av FKD 22. desember 2004, i kraft 1. januar 2005

Lovdata

Havbeite

Forskrift om tildeling og drift ved havbeiteverksemd. Revidert forskrift fastsett 22. desember 2004, i kraft 1. januar 2005

Lovdata

Kultur- og kyrkjedepartementet

Sak

Styringsdokument

Personale i kommunale folkebibliotek.

Krava til fagutdanna biblioteksjef er endra i samband med endringane i utdanningssystemet. Forskrifta er heimla i lov av 20. desember 1985 nr. 108 (Biblioteklova)

Lovdata

Helse- og omsorgsdepartementet

Sak

Styringsdokument

Røykfrie serveringsstader

Det er innført nye reglar i lov om vern mot tobakkskader i samband med innføring av røykfrie serveringsstader. Reglane trådde i kraft 1. juni 2004

Rundskriv I-15/2003
Røykfrie
serveringssteder

Interkommunale organ

Regjeringa fremma 14. mai 2004 Ot.prp. nr 72 (2003 -2004) Om endringar i kommunehelsetenesteloven og smittevernloven. Loven trådde i kraft 25. juni 2004. Lovendringa opnar for delegering av myndigheit til interkommunale organ.

Ot.prp. nr. 72
(2003 – 2004)

Individuell plan

Ny felles forskrift om individuell plan etter helselovgivinga og sosialtenestelova trådde i kraft 1. januar 2005. Frå same tidspunkt er tidlegare forskrift om individuelle planar etter helselovgivinga oppheva.

Rundskriv
I-17/2004

Justis- og politidepartementet

Sak

Styringsdokument

Vegleiar om forskriftsarbeid i kommunane

Rettleiaren er skriven for tilsette i kommunane som ynskjer ei innføring i korleis ein bør utforme kommunale forskrifter. Føremålet med rettleiaren er å medverke til kvaliteten på kommunale forskrifter, medverke til at kommunale forskrifter får sams utforming og omgrepsbruk og å forenkle arbeidet med utforming av forskrifter.

Vegleiar: Forskriftsarbeid for kommunar, utarbeidet av Justisdepartementets lovavdeling i samarbeid med Statskonsult, januar 2002.

Les meir her

Forskrift om sikkerheit og terrorberedskap i norske hamner

Tryggleiks- og beredskapsarbeidet skal organiserast slik at ein får ein best mogleg ressursbruk og samvirke på tvers av sektorar. Analyser av risiko- og sårbarheit, og samordna tryggingskrav er viktige virkemiddel for å nå ein slik heilskap.

I forventningsbrevet for 2004 er det referanse til St.meld. nr. 17 (2001-2002) jf Innst. S. nr. 9 (2002-2003) som styringsdokument. Dette kan nå erstattast av følgjande:

Innstilling frå forsvarskomiteen om samfunnssikkerheit og sivilt-militært samarbeid.

St. meld. nr. 39
(2003 – 2004)

Innst. S. nr. 49
(2004-2005)

Forskrift av 23. juni 2004

Lovdata

Sivil rettspleie på grunnplanet

Ved lov 25. juni 2004 nr. 53 ”Om endringar i rettargangslovgjevinga m.m. (organiseringa av den sivile rettspleia på grunnplanet)” vart det mellom anna vedteke at den sivile retts­pleie på grunnplanet skal samlast i politi- og lensmannsetaten over heile landet. Lovved­taket byggjer på Ot.prp. nr. 43 (2003-2004) frå Justisdepartementet og Innst. O. nr. 90 (2003-2004) frå Justis­komiteen. Departementet tek sikte på at lova skal tre i kraft frå 1. januar 2006. Omorganiseringa av den sivile rettspleie på grunnplanet har konsekvensar for dei kommunalt tilsette som arbeider med sekretariatoppgåvene for forliksråda eller har namsmann- eller stemnevitnefunksjonar.

Følgjande oppgåver skal overførast til politi- og lensmannsetaten frå kommunane:

 For alle kommunar skal sekretariatfunksjonen for forliksråda overførast frå kommunen.

 Fire stader skal namsmannfunksjonen overførast frå kommunen.

 Nitten stader skal stemnevitnefunksjonen overførast frå kommunen.

Dei viktigaste personalspørsmåla som omorganiseringa reiser er løyste i overgangsreglar nr. 2 og 3 i lovvedtaket. Dette inneber i hovudsak at kommunalt tilsette som i dag gjer oppgåver som skal overførast til politi- og lensmannsetaten har krav på tilsetjing i den verksemda oppgåvene vert overførde til, dersom desse oppgåvene utgjer meir enn 14 arbeids­timar pr. veke for vedkomande. Arbeidstakarane har krav på å få same løn som før, og tenesteansiennitet frå kommu­nen skal likestillast med ansiennitet i statleg teneste. Der oppgåver vert overførde frå ein annan statleg etat til politi- og lensmannsetaten, har dei tilsette krav på tilsetjing i den verksemda som overtek oppgåva, og dei har krav på same løn som dei hadde tidlegare.

Miljøverndepartementet

Sak

Styringsdokument

Endringar av klage og motsegn i plan- og bygningslova

Med verknad frå 1. juli 2004 vart det gjort endringar i føresegnene om klage og motsegn. Endringane inneber at ein ikkje skal kunne klage på, eller fremje motsegn mot, saker som allereie er avgjord.

Rundskriv T-2/2004

Sanksjonar ved overskriding av fristar for private planframlegg

Med verknad frå 1. juli 2004 vart det fastsett føresegn om fristar for handsaming av private planframlegg etter § 30 i plan- og bygningslova, samt sanksjonar ved overskriding av fristane.

Lovdata

Sjå "Forskrift om tidsfristar, og sanksjoner ved overskriding av fristane, for private planforslag etter § 30 i plan- og bygningsloven".

Endringar av reglar om konsekvens­utgreiing i plan- og bygningslova

Med verknad frå 1. april 2005 vil lovendringar gjelde som inneber at det skal utarbeidast planprogram og konsekvens­utgreiingar (KU) for fylkeskommunale og kommunale arealplanar med vesentlege miljøverknader. I tillegg er KU for utbyggingstiltak integrert i den ordinære planlegginga etter plan- og bygningslova. I samband med lovendringane kjem ei ny føresegn med verknad frå same dato.

Lovdata

Lovendringa avløyser dagens kapittel VII-a i plan- og bygningslova

Kart og stadfesta informasjon i plan- og byggesakshandsaminga

Frå 1. januar 2003 har plan- og bygningslova fått ei ny føresegn, §5, om kart og stadfesta informasjon. Føresegna strekar under det kommunale ansvaret for å ha eit oppdatert offentleg kartgrunnlag og kva staten skal medverke til i dette kartgrunnlaget. Føresegna til § 5 gjeld frå 1. juli 2004. Rettleiande merknader til føresegna er utarbeidd.

Fylkesmennene skal i samarbeid med Statens kartverk syte for at kommunane følgjer opp den nye føresegna.

Lovdata

Ny retningsline for handsaming av støy i plansaker

Den nye retningslina som vart fastsett i januar 2004, avløysar seks eksisterande retningsliner og omfattar alle viktige støykjelder. Den fastsett eit felles ambisjonsnivå og inneber eins målemetodar og systematikk, som gjer at alle støykjeldene vert handsama på same måte. Det medfører mellom anna at ein no tilrår same støykrav til industri og samferdsle.

Retningslina tilrår at det fastsetjast to støysoner kring viktige støykjelder, ei raud og ei gul sone. I den raude sona er hovudregelen at ein skal unngå støykjensleg busetnad, medan den gule sona er ei vurderingssone.

Retningslina legg dessutan opp til at kommunane skal sikre at verdifulle stille område vert teke vare på. Stille område er ein viktig føresetnad for kjensle av kvalitet i friluftsområde og kulturmiljø.

Retningslina skal leggjast til grunn av kommunane og andre statlege styresmakter ved planlegging og handsaming av enkeltsaker etter plan- og bygningslova. Ho er rettleiande og ikkje rettsleg bindande. Vesentlege avvik kan gje grunnlag for motsegn frå statlege styresmakter, mellom anna fylkesmannen.

SFT og fylkesmennene har ansvaret for å rettleie kommunane om retningslina.

Les meir på Odin og frå SFT

Tilskotsordningar for 2005

Frå og med 2005 er det opna for at kommunane kan søkje om midlar til førebyggjande tiltak innan rovviltforvaltinga.

Ved handsaminga av St.prp. nr. 1 (2004-2005) for Miljøverndepartementet kap. 1427 post 73 har Stortinget vedteke at kommunar kan søkje om midlar til førebyggjande tiltak i rovviltforvaltinga. Ordninga vart sett i verk frå 1. januar 2005, sjå rundskriv T-1/04 Tilskotsordningar for 2005. Midlane vil bli kanaliserte gjennom dei åtte regionale rovviltnemndene. Målet med ordninga er å sikre effektive førebyggjande tiltak for å avgrense rovviltskader på husdyr og tamrein. I tillegg skal ordninga nyttast til å dempe konfliktar kring bjørn og ulv i lokalsamfunna. Tiltak i kommunane skal medverke til å auke kunnskapen om rovvilt og rovviltforvaltinga. Tiltak retta mot barn og unge skal prioriterast.

Rundskriv T-1/04

Landbruks- og matdepartementet

Sak

Styringsdokument

Minske omdisponering av jordbruksareal

Styrka dialog med kommunane for å nå måla i St. prp. nr. 1 (2004 – 2005) om å minske omdisponering av jordbruksareal til utbyggingsføremål og om å ivareta verdifulle kulturlandskap. Frivillig utpeiking av kjerneområde for landbruk i kommunane som grunnlag for ei langsiktig forvaltning av arealressursane.

St. prp. nr. 1 (2004 – 2005)
Landbruks- og
matdepartementet

Tildelingsbrev frå Moderniserings-departementet til FM 2005

Infomateriell

Ved jordbruksoppgjeret for 2004 blei det bestemt at investeringsstøtte til organisert beitebruk skal gå inn i ordninga med tilskot til spesielle miljøtiltak.

St. prp. nr. 66
(2003 – 2004) Om
jordbruksoppgjøret 2004

Kommunane overtok frå 1.1.04 ansvaret for forvaltinga av dei økonomiske virkemidla til spesielle miljøtiltak i jordbruket, nærings- og miljøtiltak i skogbruket og skogbruksplanlegging. Som grunnlag for årleg tildeling nyttast den fleirårige tiltaksstrategien som kommunane har utarbeid.

Tildelingsbrev 2005 – forvaltninga av landbrukspolitiske virkemiddel.

Frå Statens landbruksforvaltning til fylkesmennene og fylkesdirektøren i Møre og Romsdal 21.12.04

Kommunane skal bistå søkjaren og gjere ei vurdering av søknaden på BU-midlene før den vert send Innovasjon Noreg eller Fylkesmannen

Rundskriv M-1/2005

Forskrift

Utdannings- og forskingsdepartementet

Sak

Styringsdokument

Timetallsøkning i norsk og matematikk på grunnskolens småskoletrinn. Budsjettmessig er det lagt opp til at timetallet aukar med 5 timar pr uke.

Rundskriv F-007/04

Endringar i opplæringsloven og friskoleloven. Endringar består i at det etablerast nytt samarbeidsorgan for fag- og yrkesopplæringa, som erstatning for Rådet for fagopplæring i arbeidslivet.

Rundskriv F-008-04

Kunnskapsløftet

Rundskriv F-13/04

Nye læreplanar fastsettes før sommaren 2005, deretter fastsettes læreplanar suksessivt.

Delegasjon av myndigheit etter opplæringslova og friskoleloven med forskrifter. Rundskrivet viser kva for oppgåver direktoratet kan/ikkje kan delegere.

Rundskriv F-16/04

Barne- og familiedepartementet

Sak

Styringsdokument

Nye retningsliner for fosterheim.

I dei nye retningslinene for fosterheim av 15. juli 2004, er det to nye kapittel: Kap 16 om plassering av einslege, mindreårige flyktningar og asylsøkjarar hos familie, og kap 17 om plassering av funksjonshemma barn i fosterheim.

Les meir på Odin

Kommunal- og regionaldepartementet

Sak

Styringsdokument

Introduksjonslova gjeld frå 1. september 2004 som ei obligatorisk ordning. Formålet med lova er å gjere det lettare for nykomne innvandrarar å delta i yrkes- og samfunnslivet, og til å bli økonomisk sjølvhjelpte. Kommunane får i samsvar med introduksjonslova plikt til å tilby eit introduksjonsprogram og opplæring i norsk og samfunnkunnskap til nykomne innvandrarar med behov for kvalifisering. Plikta til å tilby opplæring i norsk og samfunnkunnskap gjeld fra 1. september 2005, jf. Ot. prp. nr 50 (2003-2004)

Jamfør og Ot. prp. nr 30 (2003-2004) Om endringar i introduksjonsloven og utlendingsloven. Endringane i introduksjonslova inneber mellom anna ei avgrensing av personkrinsen som har rett og plikt til introduksjonsprogram. Endringane gjeld frå 1. september 2004.

Jamfør også Ot. prp. nr 2 (2004-2005) der personkrinsen som har rett til introduksjonsprogram er ytterlegare avgrensa. Denne endringa gjeld frå 1. januar 2005.

Lov 4. juli 2003 nr. 80
Om introduksjonsordning
for nykomne innvandrere
(introduksjonsloven)

Ot.prp. nr 50 (2003-2004) Om lov om endringar i introduksjonsloven mv.

Ot.prp. nr 30 (2003-2004)
om lov om endringer i
introduksjonsloven
og utlendingsloven

Ot. prp. nr. 2 (2004-2005) Om endringer i introduksjonsloven

I rundskriv H-20/03 er det mellom anna samla lovtekst, forskrifter, merknader og tilrådingar. I dette rundskrivet er også attgitt rundskriv P-6/2003 om samarbeid mellom kommunen og Aetat om introduksjonsordning for nykomne innvandrarar.

Rundskriv H-20/03
Lov om introduksjonsordning for
nyankomne innvandrarar
(introduksjonsloven)

Sjå også forskrifta om fråvær og permisjon ved nykomne innvandrarars deltaking i introduksjonsordninga.

Forskrift 18. juli 2003
nr. 973 om fravær og
permisjon ved
nyankomne innvandreres
deltakelse i
introduksjonsordning

Fylkesmannen skal handsame klagesaker i samsvar med introduksjonslova (norskopplæring og introduksjonsprogram) og gi nødvendig rettleiing til kommunane ved bruk av lova.

KRD fastsette 22. desember 2004 nye forskrifter for låne- og tilskotsordningar i Husbanken.

Formålet med dei nye for, som gjeld frå 1. januar 2005, er å målrette dei økonomiske verkemidla i bustadspolitikken ytterlegare mot prioriterte oppgåver; tilretteleggje for ein velfungerande bustadmarknad, skaffe bustader til vanskelegstilte bustadmarknaden, og auke mengda miljøvennlege og universelt utforma bustadar og buområde, jf St. meld. nr 23 (2003 – 2004) Om bustadspolitikken og Innst. S. nr 229 (2003 – 2004)

Forskrift 22. desember 2004
nr. 1755 om bostøtte fra
Den Norske Stats Husbank

Forskrift 22. desember 2004
nr. 1756 om boligtilskudd fra
Den Norske Stats Husbank

Forskrift 22. desember 2004
nr. 1757 om
kompetansetilskudd fra
Den Norske Stats Husbank

Forskrift 22. desember 2004
nr. 1758 om grunnlån fra
Den Norske Stats Husbank

Forskrift 22. desember 2004
nr. 1759 om startlån fra
Den Norske Stats Husbank

Ved behandlinga av statsbudsjettet for 2005 vedtok Stortinget ei statleg finansieringsordning der kommunar kan få kompensert renteutgifter knytte til opprustning av kyrkjebygg. Formålet med ordninga er å styrkje innsatsen for istandsetjing av kyrkjer og utsmykkinga deira. Kyrkjer som er freda eller verneverdige skal prioriterast høgt. Investeringsramma for 2005 er på 500 millionar kroner.

Nærare informasjon om forvaltninga av midlane vil bli gitt straks forskrift og retningslinjer er avklarde. Regelverk og informasjon vil bli tilgjengeleg på Husbankens nettstad: www.husbanken.no

Statsbudsjettet medregnet
folketrygden for 2005

Frå 1. juli 2004 er det innført regler om tilbakebetaling av gebyr dersom kommunen ikkje held fristen på 12 veker for handsaming av byggjesak. Tidsfristar for handsaming av byggjesaker blei innførd i 2003. Dersom kommunane ikkje held 12-vekersfristen for handsaming av byggjesaker, må dei betale byggjesaksgebyret gradvis tilbake

Strategien ”På vei til egen bustad” skal føre vidare arbeidet med å førebyggje og hindre at menneske blir bustadslause. Prosjekt Bostedsløse der dei sju største bykommunane, og dei tre frivillige organisasjonane Kyrkjas Bymisjon, Frelsesarmeen og Kyrkjas Sosialteneste deltok, blei avslutta i 2004. Prosjektet blir erstatta av strategien ”På vei til egen bustad”. Strategien omfattar alle landet sine kommunar, og det blir lagt meir vekt på førebygging. Husbanken har koordineringsansvar, og skal samarbeide tett med Fylkesmannsembete og Sosial- og helsedirektoratet om utvikling og gjennomføring av strategien.

Rundskriv H-13/04
Tilbakebetaling avgebyr ved
kommunens oversittelse av
fristen for behandling av byggesaker

Forskrift 24. juni 2003
nr. 749 om saksbehandling
i byggesaker (SAK)

Veiledning til forskrift om
saksbehandling og kontroll
i byggesaker

Førebyggje og hindre
bustadsløyse
Strategi ” På vei til egen bustad

Arbeids- og sosialdepartementet

Sak

Styringsdokument

Statsbudsjettet for 2005

Dette er styrings- og informasjonshjulet for helse- og sosialtenesta i kommunane. Det gir og signal om nasjonale mål og hovudprioriteringar. Rundskrivet inneheld og oversikt over tilskot til kommunane o.a. på Arbeids- og sosialdepartementet sitt budsjett.

Rundskriv IS-1/2005 – Nasjonale mål, hovedprioriteringer og tilskudd for 2005

Revisjon av alkohollova med forskrifter

Det er vedteke ei rekkje endringar i lov 2. juni 1989 nr. 27 om omsetting av alkoholhaldig drikk mv. (alkohollova). Arbeids- og sosialdepartementet tek sikte på at endringane skal tre i kraft saman med endringar i reglane om kommunane si handsaming av søknader om sals- og skjenkeløyve, og i reglane om kommunane sitt ansvar for kontroll med utøvinga av dei løyve som er gitt.

Ot. prp. nr. 86 (2003 – 2004)

Retningslinjer for utmåling av stønad

Statlege vegleiande retningslinjer for utmåling av stønad til livsopphald etter sosialtenestelovas § 5-1 tredje mv.

Satsane i dei statlege rettleiande retningslinene er prisjusterte i 2004.

Rundskriv U-2/2004

Utmåling av stønad til sambuarar

På bakgrunn av St. meld. nr. 29 (2002 – 2003) Om familien – forpliktande samliv og foreldreskap, er det gitt eit signal til kommunane om at sambuarar i utgangspunktet skal handsamast på same måte som ektefolk i utmålinga av stønaden.

Sosial- og helsedirektoratet har gitt ei presisering av innhaldet i rundskriv U-2/2004 om utmåling av økonomisk stønad til sambuarar - presisering av innhaldet i Sosialdepartementet sitt rundskriv U-2/2004 pkt. 2

Rundskriv IS-6/2004
(tilleggsrundskriv til
Rundskriv U-2/2004)

Refusjon av ytingar frå folketrygda

Sosialtenestelova §5-9 – refusjon i ytingar frå folketrygda. Sosial- og helsedirektoratet har gitt ei presisering av merknadene i rundskriv I-34/2001 om sosialtenestelova §5-9 om refusjon i ytingar frå folketrygda.

Rundskriv IS-3/2004

Til toppen