Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Oversikt over nye og endra statlege styringssignal retta mot kommunane - bygd på vedtak i 2006

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

Arbeids- og inkluderingsdepartementet

 

Nasjonale mål, hovudprioriteringar og tilskott for 2007
Rundskriv IS-1/2007 – Nasjonale mål, hovudprioriteringar og tilskott for 2007

Les meir her…

Dei statlege rettleiande retningslinjene for utmåling av stønad til livsopphald etter sosialtenestelova § 5-1 tredje ledd
Dei statlege rettleiande retningslinjene for utmåling av stønad til livsopphald etter sosialtenestelova § 5-1 tredje ledd er auka med 5 prosent utover ordinær prisjustering frå 1. januar 2007. Kommunane er informerte om endringane i rundskriv A-16/2006 (Tilleggsrundskriv til I-34/2001). Rundskriv A-16/2006 erstattar rundskriv A-1/05.

Les meir her…

Handlings­plan mot fattigdom
Regjeringa har saman med statsbudsjettet for 2007 lagt fram ein handlings­plan mot fattigdom. Handlingsplanen er lagt ved St.prp. nr. 1 (2006-2007) for Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Handlingsplan mot fattigdom inneheld mellom anna ei styrking av den landsomfattande satsinga på arbeidsmarknadstiltak for langtidsmottakarar av sosialhjelp mfl., etablering av eit kvalifiseringsprogram for utsette grupper, ei styrking av innsatsen mot barnefattigdom, ei styrking av innsatsen ovanfor bustadlause og ein auke i satsane i dei statlege rettleiande retningslinjene for utmåling av stønad til livsopphald. Kommunane har ei viktig rolle i gjennomføringa av desse tiltaka. Tiltak som er sette i verk i perioden 2002-2006 førast vidare.

Les meir her…

Informasjon om økonomien i NAV-reforma for kommunane
Informasjon om økonomien i NAV-reforma for kommunane, er i rapporten frå det 4. konsultasjonsmøtet i 2006, kapittel 3.3

Informasjon til kommunane om NAV-reforma
Arbeids- og velferdsetaten legg ut informasjon til kommunane om NAV-reforma på nettsida.

Les meir her…

Les meir her…

Norskopplæring for asylsøkjarar
Frå 1. september 2007 vert ordninga med norskopplæring for asylsøkjarar innført på nytt. Det er vertskommunane for asylmottaket som skal organisere opplæringa.

Les meir her…

 

Rundskriv A-20/2007 (Under utarbeideing)

Barne- og likestillingsdepartementet

 

Likestilling
Med verknad frå 01.01.06 pålegg likestillingslova offentlege styresmakter å arbeide aktivt, mål- og planretta for likestilling mellom kjønna på alle samfunnsområde. Dette gjeld både i rolla som arbeidsgjevar og som utøvar av myndigheit, jf. likestillingslova §1a. Kommunane skal arbeide for ei jamn fordeling av kjønn i alle verksemdsområda sine, og gjere greie for innsatsen i det årlege budsjettet. Fylkesmennene på si side er pålagd å følgje dette opp ovanfor kommunane.

Les meir her…

 

Rettleiar

Helse- og omsorgsdepartementet

 

Nasjonale mål, hovudprioriteringar og tilskott for 2007
Rundskrivet gir ei samla oversikt om nasjonale mål og hovudprioriteringar. Rundskrivet inneheld også oversikt over tilskott til kommunane o.a. på Helse- og omsorgsdepartementet sitt budsjett.                     

Les meir her…

Ressurskrevjande tenester
Informasjon om dei nye rutinane for innrapporteringa i 2007 for alle landets kommunar og ei rettleiing for utfylling av skjema for rapportering.

Les meir her…

Opptrappingsplanen for psykisk helse
Ny informasjon om rapportering samt skjema o.a. når det gjeld bruken til kommunane av øyremerka midlar over Opptrappingsplanen for psykisk helse.

Kommunane vart bedne om å sende inn rapport som viste kor mange psykisk utviklingshemma i alderen 0-15 år og 16 år og over som er tildelt tenester av kommunen med heimel i lov om sosiale tenester § 4-2 jf. § 4-3 og/eller etter lov om helsetenesta i kommunane § 1-3 andre lekk. nr. 4 og 6 innan 1. mars 2006. Det vert vist til eige rundskriv som blir gitt ut våren 2007, om rapportering for 2007.

Les meir her…

Les meir her…

Opptrappingsplan for rusfeltet
Regjeringa legg om kort tid fram ein ny opptrappingsplan for rusfeltet. Det forventes at Fylkesmennene, saman med dei regionale kompetansesentra for rusmiddelspørsmål, får ei sentral rolle i høve til implementering av planen på kommunalt nivå, for eksempel knytt til bistand og opplæring o.a.

Les meir her…

Organisering av atomberedskapen
Ny kongelig resolusjon om sentral og regional organisering av atomberedskapen blei fastsett i Statsråd 17. februar 2006

 

Sjølvstendig plikt til internkontroll
Forskrift 20. desember 2002 nr. 1731 om internkontroll i sosial- og helsetenesta (internkontrollforskrifta) og forskrift 4. desember 1992 nr. 915 til lov om sosiale tenester m.v. (forskrift til sosialtenestelova) er endra frå 1. januar 2007, jf. kongeleg resolusjon 1. desember 2006. Private institusjonar og private bustadar med heildøgns omsorgstenester forankra i sosialtenestelova, er no pålagt ei sjølvstendig plikt til internkontroll. Samtidig er tilsynet frå fylkesmennene med desse private verksemdene regulert på same måte som tilsynet elles etter sosialtenestelova. Forskrifta kapittel 3 med særlege reglar om tilsyn, er oppheva. Forskrifta opphever også dei delane av gjeldande forskrift til sosialtenestelova som blei uaktuelle etter rusreforma.       

Les meir her…

Endringar i pasientrettslova
Endringar i pasientrettslova § 4-6 om helsehjelp til myndige pasientar som ikkje har samtykkekompetanse, og lovreglar om helsehjelp til pasientar som manglar samtykkekompetanse og motset seg helsehjelpa.

Systematikken er at området for bruk av nytt kapittel 4 A er dei situasjonane der pasienten motset seg helsehjelpa, mens representasjons­reglane i § 4-6 blir brukte der pasienten ikkje motset seg helsehjelp. Hovudformålet med lovendringa er å klargjere og utvide det rettslege grunnlaget for å gi helsetenester til pasientar som manglar samtykkekompetanse, slik at rettsvernet blir sikra på ein betre måte enn i dag. Formålet med lovendringa er også å førebyggje og redusere bruk av tvang.

Det er ikkje fastsett når endringane skal setjast i kraft.

Les meir her…

Kommunal- og regionaldepartementet

 

Endringar i retningslinjene for tilskott til regional utvikling
I tråd med St. meld. nr. 21 (2005-2006) er det utarbeidd nye og i hovudsak felles retningsliner for kap. 551, post 60 Tilskot til fylkeskommunar for regional utvikling og kap. 551, post 61 Næringsretta midlar til regional utvikling. Retningslinjene er endra for å gi fylkeskommunane ei viktigare rolle når det gjeld forvaltninga av midlane over kap. 551, post 61 og større fridom til å avgjere kva fysiske investeringar og utviklingstiltak som best medverkar til regional utvikling.

 

Nytt verkeområde for dei distriktspolitiske verkemidlane
Frå 1.1.2007 gjeld nytt verkeområde for dei distriktspolitiske verkemidlane. Verkeområdet er utvida og grensene for høgste støttedel til bedrifter er justert i tråd med retningslinene frå ESA.

Les meir her…

Differensiert arbeidsgjevaravgift
Ordninga med differensiert arbeidsgjevaravgift blei innført på nytt frå 1.1.2007

Les meir her…

Bagatellmessig støtte
På grunn av problema i forhandlingane om EU-utvidinga er ikkje EU si nye forordning om bagatellmessig støtte implementert i EØS. Det gamle regelverket opphørte frå 31.12.2006 og overgangsreglane er regulert av den nye forordninga. Det kan dermed ikkje bli gitt ny bagatellstøtte på grunnlag av den gamle forordninga. Det er likevel mogleg å gi nye enkelttildelingar i eksisterande bagatellstøtteordningar fram til 30.6.2007.

 

Kunnskapsdepartementet

 

Opplæringslova
For å leggje til rette for innføring av Kunnskapsløftet, er det gjort endringar i opplæringslova, og tilhøyrande forskrifter.

Les meir her…

Friskolelova og fagskolelova
Lov om endringar i friskolelova og fagskolelova

Les meir her…

Rammeplan for barnehagane
Kunnskapsdepartementet har 1. mars 2006, med heimel i § 2 i lova, fastsett forskrift om rammeplan for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen. Forskrifta blei sett i verk frå 1. august 2006. Frå same tidspunktet blei forskrifta 1. desember 1995 nr. 948 om rammeplan for barnehagen oppheva, med heimel i lov av 5. mai 1995 nr. 19 om barnehagar § 2 andre leddet. Rammeplanen gir retningslinjer for verdigrunnlaget, innhaldet i og oppgåvene til barnehagen.

Les meir her…

Landbruks- og matdepartementet

 

Endringar i verkemidla retta mot skogsektoren
Frå 2007 skal fylkesmannen fatte vedtak om og betale ut tilskott til vegbygging, drift med hest i vanskeleg terreng, og til skogbruksplanlegging med miljøregistreringa. Ansvaret for dette er no flytta frå kommunane til fylkesmannen. Det er også gjort endringar i skattereglar knytt til skogfondsordninga, og fylkesmannen får i samband med dette i oppdrag å medverke med informasjon retta mot skogeigarane.

 

Miljøverndepartementet

 

Handlingsplan for opprydding i forureina jord i barnehagar
Ein handlingsplan for opprydding i forureina jord i barnehagar vart vedtatt 28. november 2006. I følgje handlingsplanen skal det innan utgangen av 2008 gjennomførast undersøkingar av forureina jord i barnehagar og på særleg utsette utandørs leikeområde i dei 10 største byane og 5 store industriområde i landet. Nødvendige tiltak som følgje av undersøkingane skal gjennomførast innan sommaren 2010. Innan sommaren 2010 skal det også utarbeidast ein plan for vidare handtering av andre barnehagar og utandørs leikeområde. I kraft av å vere barnehage og/eller grunneigar, er kommunane ansvarleg for å gjennomføre undersøkingar og nødvendige tiltak i samsvar med handlingsplanen. Kommunane er i tillegg oppfordra til å samordne arbeidet med oppfølging av handlingsplanen for alle barnehagane i kommunen, både dei kommunale og dei private.

Les meir her

 

 

Forskrift om rammer for vassforvaltninga
Vassforvaltingsforskrifta trådde i kraft 1. januar 2007. Forskrifta deler landet inn i ni nye vassregionar med ein fylkesmann som vassregionmyndigheit i kvar region. Representantar for kommunane skal m.a. delta i nyoppretta vassregionutval under leiing av vassregionmyndigheita. Ein ventar at kommunane tek del i det generelle arbeidet i vassregionen, m.a. når det gjeld karakterisering av miljøtilstand i vassforskriftene og utreiingar av tiltak. Det er særleg viktig at kommunar innanfor dei vassområda som vert prioritert i den såkalla første planperioden deltek aktivt. I desse områda skal ein første forvaltningsplan, som m.a. skal innehalde eit tiltaksprogram, være ferdigstilt alt i 2009.

Les mer her…

Fylkesmennene kan krevje inn gebyr
Frå 1. januar 2007 gjeld endringar i føresegnene i forskrift om forureining kapittel 10 om innkrevjing av gebyr for forureiningsmyndigheitene sitt arbeid med løyve og kontroll etter forureiningslova. Endringa inneber at fylkesmannen kan krevje gebyr for sitt arbeid med løyve og kontroll på same måte som Statens forureiningstilsyn. For kommunane har det til følgje at dei må sette av pengar til utgifter knytte til fylkesmannen sitt arbeid med kommunale verksemder som er omfatta av forureiningslova, både dei som krev særskilt utsleppsløyve og dei som er omfatta av generelle krav i forskrifter.

Les meir her…

Olje- og energidepartementet

 

Vass- og vindkraftverk
Regjeringa ynskjer å leggje til rette for auka utbygging av vindkraft og små vasskraftverk, men samstundes sikre at naturmangfald, friluftsliv og store landskapsverdiar ikkje vert øydelagt. I denne samanhengen ynskjer regjeringa at fylkeskommunane, i samarbeid med relevante fagetatar, utarbeider regionale planar for små vasskraftverk og vindkraft. Det er under sluttføring retningslinjer for planlegging og lokalisering av vindkraft, ein rettleiar for utarbeiding av regionale planar for vindkraft og miljøfaglege retningslinjer for utarbeiding av regionale planar for små vasskraftverk. Desse dokumenta vil vere til nytte for fylkeskommunar som ynskjer å utarbeide fylkesdelplanar for dei aktuelle tema. Det vil vere tenleg at dei fylkeskommunane som ynskjer å utarbeide slike planar fylgjer om lag same framdriftsplan og at arbeidet startar opp i 2007.

Les meir her…

 

Til toppen