Historisk arkiv

495 000 kroner til prosjektet ”Film frå Asylmottaket” i Nord-Trøndelag

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

Kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa gir 495 000 kroner til filmverkstader på asylmottaka i Nord-Trøndelag.

Gjennom prosjektet ”Film frå Asylmottaket” skal bebuarane på dei fem asylmottaka få delta på verkstader der dei lagar film. I løpet av 15 verkstader skal det bli laga 15 filmar på fem minuttar kvar. Målet er å synliggjera kreativitet blant bebuarar på mottaka. Prosjektet er retta mot unge og kvinner.

I søknaden skriv prosjekteigar Fabula Media at: ”Vi vil skape en aktivitet som kan skape engasjement og interesse innad i mottaket, styrke samarbeid og selvfølelse og dessutan skape stor positiv oppmerksomhet i media og lokalmiljøet. Å bringe asylsøkere inn på en positiv måte inn i lokalmiljøenes kulturarena vil gi nye muligheter for kontakt og vennskap.”

- Prosjektet kan både skape kontakt mellom ulike grupper asylsøkarar og mellom asylsøkarane og lokalsamfunnet. Dette kan medverke til auka kulturforståing, seier Kleppa.

Sidan 2006 har Kommunal- og regionaldepartementet brukt om lag 60 millionar kroner på satsinga innan kulturbasert næringsutvikling og kulturbasert stadutvikling. Departementet har blant anna støtta om lag 25 ulike pilotprosjekt. Til felles for prosjekta er at dei skal utvikle lokalsamfunna dei bur i gjennom kultur.

Til saman åtte prosjekt får hausten 2009 støtte til å drive nybrotsarbeid innan kulturbasert stadutvikling og kulturbasert næringsutvikling.
- Prosjekta vi har valt ut representerer ei nytenking som har nasjonal interesse og vesentlig overføringsverdi for andre kulturaktørar, seier statsråden.