Historisk arkiv

Mandat for utval for bustadpolitikk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Bakgrunn
Norsk bustadpolitikk blir ofte karakterisert som vellukka. Åtte av ti eig sin eigen heim. Den private bustadmassen er generelt særs godt halden ved like og Noreg er i verdstoppen når det gjeld bustadareal per person. I ein femtiårsperiode frå andre verdskrig vart subsidiane i bustadpolitikken retta inn mot å auke bustadbygginga. Husbanken ga subsidierte lån til bustadbygging til folk flest. På midten av 1990-talet vart Husbanken sin subsidieprofil lagt om. Heretter skulle subsidiane løyvast som selektive tilskot til konsumentar og til prioriterte kvalitetar i bustadbygginga. Med St. meld. nr. 23 (2003-2004) Om boligpolitikken vart den sosiale profilen i bustadpolitikken stadfesta og velferdsforankringa tydeleggjort.

Enkelte grupper og hushald har, av ulike årsaker, ikkje fått ta del i den generelle velstandsauken i Noreg. Ikkje minst er dette synleg innanfor bustadpolitikken. Arbeidet med bustadløyse har særleg vist dette. Riksrevisjonen retta i sin forvaltingsrevisjon i 2008 kritikk mot innsatsen overfor vanskelegstilte på bustadmarknaden. Det vart peika på manglar med den statlege styringa og den kommunale gjennomføringa av bustadpolitikken.

Mandat
Utvalet skal drøfte og gje tilrådingar på korleis sentrale oppgåver i den sosiale bustadpolitikken skal møtast i åra framover. Arbeidet kan organiserast etter følgjande tredeling:

I. Viktige utfordringar
II. Status for arbeidet
III. Tiltak for å betre måloppnåinga

Tiltak det blir gjort framlegg om må synleggjere budsjettmessige kostnader. Det må også bli gjort framlegg om tiltak innanfor budsjettnøytrale rammer. Spørsmål knytte til skattlegging av bustader er ikkje ein del av mandatet.

Utvalet skal særleg vurdere følgjande bustadpolitiske problemstillingar og utfordringar:

1. Rollefordelinga
Arbeid, utdanning, helse og bustad er dei fire grunnpilarane i velferdspolitikken. Desse velferdskomponentane må sjåast i samanheng. Bustadpolitikken er avhengig av god samordning med andre politikkområde. Til skilnad frå dei andre politikkområda er den sosiale bustadpolitikken i lita grad lovregulert, men byggjer på måloppnåing gjennom øyremerka tilskot, låneordningar, bustøtte, informasjon og kompetanseoppbygging. Kommunane har hovudansvar for gjennomføringa av den sosiale bustadpolitikken. Riksrevisjonen (2008) peika på fleire problem med gjennomføringa av bustadpolitikken. Problema er ikkje åleine knytte til spørsmål om økonomiske rammer, men også om organiseringa og forvaltinga av det bustadsosiale arbeidet.

I lys av dette skal utvalet sjå på følgjande:
1.1.  kva rolle bustaden bør ha i eit velferdspolitisk perspektiv
1.2.  kommunane si rolle og organisering av oppgåvene i den sosiale bustadpolitikken
1.3.  den statlege styringa og juridiske forankringa av bustadpolitikken

2. Bustadbehov
Demografiske endringar i åra framover tilseier mellom anna at det vert fleire eldre. Mange av desse vil ha behov for tilrettelagte bustader. I bustadsektoren vil det også vere utfordringar knytte til personar med funksjonsnedsettingar, unge i etableringsfasen, flyktningar, bustadlause og økonomisk vanskelegstilte generelt.

Utvalet skal vurdere
2.1.  kva utfordringar som gjer seg gjeldande i forhold til bustadbehov for ulike grupper vanskelegstilte både i sentrale strok og i område med lågt folketal
2.2.  korleis statleg og kommunal innsats kan innrettast for å kome utfordringane best mogleg i møte

3. Utleigemarknaden
Undersøkingar har vist at leigarar har dårlegare levekår enn eigarar. For grupper med låge inntekter og for personar med eventuelle tilleggsvanskar er leigemarknaden ofte einaste moglegheit. Utvalet skal sjå på korleis leigemarknaden i Noreg fungerer. Det er særleg interessant å få kasta lys over butilhøve og levekår for dei mest utsette gruppene.

Utvalet skal:
3.1.  drøfte bustadpolitiske utfordringar og eventuelle tiltak knytte til den private leigemarknaden både i sentrale strok og i område med lågt folketal

Det er vidare naudsynt med ein gjennomgang av den kommunale utleigesektoren.

Utvalet skal:
3.2. drøfte styringa og organiseringa av subsidiar retta inn mot den kommunale utleigesektoren
Utvalet skal særleg ta utgangspunkt i korleis kommunane

  • skaffar bustader til vanskelegstilte
  • fastset husleige
  • bruker økonomisk sosialhjelp til bustad og kommunal bustøtte

3.3.  vurdere tiltak, innanfor gjeldande budsjettrammer, for å sikre nettotilvekst av utleigebustader
3.4.  gå gjennom regelverk for ikkje-kommersielle bustader og eventuelt gjere framlegg om lovendringar eller ny lov, medrekna vurdere tiltak for å sikre at tilskot til ikkje-kommersielle bustader blir brukte etter føremålet

4. Bustadløyse
Arbeidet med bustadløyse har vore forankra i ”Prosjekt Bostedsløse” (2001-2004) og den nasjonale strategien ”På vei til egen bolig” (2005-2007). Arbeidet er no ein del av drifta til Husbanken. Arbeidet har tilført kunnskap om kva som skaper bustadløyse og om bustadlause sine levekår. Det går fram av siste teljing av bustadlause i Noreg (2008) at majoriteten (59 pst.) er avhengige av rusmiddel og at ein av tre truleg har ei psykisk liding. For å lukkast med busettinga av bustadlause må kommunane disponere nok bustader med tilrettelagde tenester. Dette krev eit breitt samarbeid på tvers av sektorar og forvaltingsnivå.

Utvalet skal
4.1.  gjere opp status over arbeidet med bustadlause
4.1.1.  vurdere korleis fleire varige bustadløysingar, også med tilrettelagde tenester, kan skaffast for bustadlause og andre med samansette problem, mellom anna dei som kjem frå institusjonar

5. Bustaden som ramme for barn sine oppvekstvilkår
Barn blir hardt ramma av fattigdom. Nokre barnefamiliar i kommunalt disponerte bustader opplever dårleg bumiljø og dårleg fysisk standard. Mange familiar blir buande i fleire år i bustader som er meinte å vere gjennomgangsbustader. Barnefamiliar bur også i mellombelse butilbod.

Utvalet skal
5.1.  skildre utfordringane knytte til busetting for fattige barnefamiliar
5.2.  vurdere og drøfte tiltak for å sikre gode butilhøve for fattige barnefamiliar

6. Kartlegging av ressursbruk
Å få kartlagt den offentlege ressursbruken, både den statlege og kommunale, knytt til den sosiale bustadpolitikken, vil vere eit viktig utgangspunkt for å vurdere moglege nye tiltak, og for å vurdere høvet for omdisponering innanfor gjeldande rammer.

Utvalet skal
6.1.  kartleggje den offentlege ressursbruken knytt til den sosiale bustadpolitikken, både i staten og i kommunane

7. Heimel til å ta opp andre problemstillingar som utvalet finn relevant