Historisk arkiv

Astrid Brekken: - Nynorsk er sjølvsagt for meg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kulturdepartementet

- Det var triveleg og overraskande å få denne prisen. Eg vart veldig glad og kjenner det som ei ære, seier Astrid Brekken, som får Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar i 2010. – For meg har det aldri vore snakk om noko anna enn nynorsk. Å spørje meg om kvifor eg brukar det er som å spørje kvifor eg vart fødd på Lesja. Nynorsk er sjølvsagt for meg, seier Brekken.

Astrid Brekken Foto: NRK- Det var triveleg og overraskande å få denne prisen. Eg vart veldig glad og kjenner det som ei ære, seier Astrid Brekken, som får Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar i 2010. – For meg har det aldri vore snakk om noko anna enn nynorsk. Å spørje meg om kvifor eg brukar det er som å spørje kvifor eg vart fødd på Lesja. Nynorsk er sjølvsagt for meg, seier Brekken.

Astrid Brekken har arbeidd i NRK sidan 1971 og er i dag mest kjend frå program som ”Sånn er livet”, ”På livet laus” og ”Wok” i NRK P2. Ho kjenner det som eit privilegium å arbeide i NRK, også språkleg. Der møter ein sjeldan ironi og nedlatande haldningar til nynorsk.  – Språk er så kjensleladd, og det skjønar minoriteten betre enn majoriteten. Jamt over må NRK-folk reknast som ”vidarekomne” språkleg, men elles opplever eg ofte språkdebatten så uopplyst, utan innsikt og historisk kunnskap.

- Kva meiner du om dialekt og normert nynorsk i NRK ?

- Det er fint og sjølvsagt med dialekt, men i NRK synst eg at nynorsk skal vere hovudspråket. Det er ei viktig støtte til skriftspråket nynorsk. Eg har sers liten sans for det eg kallar ”bunadhaldninga”,  som seier ”tal gjerne ein pen dialekt,  men fri oss frå nynorsken”. Vi endar altfor ofte i debattar om nynorsk som eit konstruert språk, og dei må ikkje NRK nøre opp under.

Kunstgjødsel i Kringkastingsrådet

- Frå 1980 til 2007 var du sauebonde på Lesja jamsides jobben din i NRK i Oslo. Kvifor?

- Det er eit stort spørsmål. Eg har til tider kalla det vår form for ekstremsport. Eg flytta frå Bjorli 12 år gamal i 1955 og kom attende i 1976. Det handlar mest om røter, og at eg har ein journalistmann som er sterkt engasjert i å drive jordbruk.  Og det er intenst vakkert her - eg vert glad av å kome hit. Vi driv framleis garden, og har i 27 år vore så heldige å ha naboar som kunne stelle  sauene våre.  I alle feriar  og mange helger har vi reist til  Bjorli. Ungane klandra oss for at dei aldri hadde  utanlandsturar å fortelje om på skulen når dei kom attende frå ferie.

- Gard på Bjorli er ein stor kontrast til bylivet ?

- Ja, det er ein stor og sunn kontrast til både bylivet og journalistikken. Det gjev  andre synsvinklar og spørsmål. Det sørgjelege med journalistikken er at vi går så mykje i flokk. Vi treng folk som stiller andre spørsmål, og ikkje minst når vi talar om jordbruk, seier Brekken.
Ho er oppteken av at kloden vår er midt oppi både ei økologisk og økonomisk krise. Vi er på feil kurs, men førebels er det mykje snakk og for lite handling.  - Eg har gjennom åra laga ein god del program om miljøspørsmål, økologi og alternativ økonomi.  Det er i alle fall ikkje så kontroversielt lenger - då kollega Olga Meyer og eg på 1970-talet var i Sveits og laga program om økologisk landbruk, vart vi kalla inn til Kringkastingsrådet fordi vi hadde snakka negativt om kunstgjødsel !

Sosionominnstilling til innvandring     

- 1970-talet var ei fantastisk tid, både fordi det rådde stor optimisme for framtida og fordi det var mykje å kjempe for. Eg var med og fekk i gong vekebladet Sirene i 1973, og laga samstundes program om sjølvbestemt abort i NRK. Det var eit ømtolig tema før lova vart vedteken, minnest Brekken.

Ho var i det heile ikkje redd for tema det kunne bli bråk om. Som nytilsett i NRK hausten 1971 reiste ho rundt i Europa og laga program om EEC (EF). – Det var frykteleg kontroversielt. NRK brukte stoppeklokke for å kunne syne til balanse i programma for og imot. Mykje rabalder, og vi fekk verkeleg høyre det, men det var spennande. I dag er det få tema som er så brennbare som då.

- Kvifor ?

- No er det meiningar over alt og NRK er ikkje lenger åleine i eteren. Det var mykje viktigare kva NRK gjorde den gongen. Men det er tull at det ikkje finst tabu å slåst mot lenger.

- Kva då ?

- Innvandring til dømes. Det emnet let vi journalistar ligge altfor lenge. Vi inntok ei sosionominnstilling til spørsmålet, skulle forstå og forklare alt, og stilte ikkje dei spørsmåla vi burde ha stilt. Det var ei alvorleg forsømming.  Men vi har kome oss!

Journalistikken treng brennande sjeler

Astrid Brekken kjenner seg heldig som har fått arbeide i NRK. - Eg har ein interessant og gjevande jobb og er veldig glad i NRK. Difor håpar eg at vi ikkje vert så opptekne av å vere populære at vi gløymer at innhald og kvalitet er det viktigaste.

- Kva farar ser du ?

- Eg ser ikkje mørkt på medieframtida og det er mange dyktige journalistar. Media har fantastiske tilbod, det er utruleg kva vi kan få gjort berre vi ikkje reknar alt i pengar. Men vi må aldri undervurdere folk og stundom lurer eg på om vi gjer det når vi trur for mykje om kva ”folk vil ha”?

- Kva råd har du til unge journalistar?

- Journalistikken treng brennande sjeler, folk som har engasjement og ynskjemål om korleis verda skal utvikle seg. Ein må gå inn i dette yrket for å gjere noko som betyr noko, ikkje for å synast. For meg er journalistikk å bringe verda framover.

Brekken mislikar trenden med ”fyll og sex på TV, så er du kjendis!”. Ho tykkjer den er svært deprimerande. Ho håpar yrket framleis vert dominert av dei som vil noko med det, og ynskjer å gje publikum opplysing, debatt og opplevingar. – Å vere journalist er eit strålande yrke, som gjev den store gleda det er å alltid lære noko nytt og vere i utvikling, seier Astrid Brekken.

Bildet: Astrid Brekken. Foto/NRK 

Intervjuar: Magni Øvrebotten