Historisk arkiv

Statsbudsjettet

168,5 millionar kroner til nasjonale kulturbygg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kulturdepartementet

Kulturdepartementet føreslår å løyve 168,5 millionar kroner til nasjonale kulturbygg. Dette er ein auke på 4,5 millionar kroner frå 2011.

Kulturdepartementet føreslår å løyve 168,5 millionar kroner til nasjonale kulturbygg. Dette er ein auke på 4,5 millionar kroner frå 2011.

Løyvinga gjeld følgjande prosjekt:

  • Kilden Teater- og konserthus for Sørlandet: 64 millionar kroner. Huset står ferdig innan utgangen av 2011. 
  • Nytt konserthus i Stavanger: 39 millionar kroner. Skal etter planen vere ferdig våren 2012. 
  • INSPIRIA Science Senter: 12 millionar kroner. Senteret vart opna i mai 2011.
  • Kulturkvartalet i Bodø: 25 millionar kroner. Bygginga vart sett i gang i september 2011.  
  • Aust-Agder kulturhistoriske senter: 20 millionar kroner. Byggestart er sett til hausten 2011.  
  • Bergen Kunsthall: 2 millionar kroner. Prosjektet femner om ombygging av lokale. 
  • Haugar Vestfold kunstmuseum: 1 million kroner. Prosjektet vil  fullføre tidlegare ombyggingar. 
  • Regjeringa har også tilrådd 5,5 millionar kroner til prosjektering av nytt bygg for Norsk Bergverksmuseum.