Historisk arkiv

Statsbudsjettet

Øyremerkte midlar til grunnlovsjubileet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kulturdepartementet

Regjeringa foreslår ein auke til Norsk Folkemuseum og Arkivverket på 10 millionar kroner til førebuingar av grunnlovsjubileet i 2014.

Regjeringa foreslår ein auke til Norsk Folkemuseum og Arkivverket på 10 millionar kroner til førebuingar av grunnlovsjubileet i 2014.

I 2014 skal 200-årsjubileet for Grunnlova feirast. I 2012 vert difor Kulturdepartementets  budsjett styrkt med 10 millionar kroner til førebuingar i verksemder som vil vere særleg viktige arenaer for feiringa av grunnlovsjubileet.

Norsk Folkemuseum - Eidsvollsbygningen - inventarprosjektet (7,4 millionar kroner)
Eidsvollsbygningen skal bevarast og restaurerast slik at publikum får inntrykk av korleis bygningen såg ut i 1814.  Statsbygg har ansvar for rehabiliteringa, medan inventaret er Norsk Folkemuseum sitt ansvar. Av det noverande inventaret er det berre ein liten del som er autentisk. Difor vil det vere ei viktig og omfattande oppgåve å møblere bygningen mest mogeleg tidsriktig slik at inventaret framstår i like god stand som den nyrehabiliterte bygningen.

Norsk Folkemuseum - Bogstad Gård (1,6 millionar kroner)
Norsk Folkemuseum har ansvar for bevaring og formidling av Bogstad Gard. Dette var ein viktig politisk arena både før og etter Riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814.

Arkivverket (1 million kroner)
Arkivverket vil vere ein sentral arena når det gjeld formidling av dei historiske hendingane i samband med grunnlovsjubileet. Dessutan er etaten ein viktig samarbeidspartnar for mange prosjekt. Styrkinga skal gå både til eigne tiltak og samarbeidstiltak.